Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#21337] Nils Simonson Isterdahl og Guri Pedersdtr, gifte i Grytten 1781 - kven var dei?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter:Nils Simonson (Feet), døypt i Hafslo i Sogn 10.5.1748, levde framleis i 1763, men flytte frå Hafslo før han vart konfirmert. Heile søskenflokken forlet Hafslo i ung alder; eg har so langt funne att ein i Vik, ein i Askvoll og ein i Gulen (dei to siste hamna sidan båe i Bergen!).Utflyttingi til Grytten i Romsdalen frå indre Sogn var betydeleg, og difor spekulerar eg på:Ein Nils Simonson Isterdahl gifte seg i Grytten 1.1.1781 med ei Guri Pedersdotter. Eg finn ingen born på FamilySearch, og heller ikkje finn eg nokon av dei i Grytten i 1801. Simon ser ut til å vera eit sjeldsynt namn i Grytten!Er det nokon som kan hjelpa meg identifisera Nils Simonson Isterdahl? Kan han vera identisk med ''min'' Nils Simonson (Feet)?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i dag gjerne få blåsa lite vetta støv av dette problemet. Eg kan ikkje sjå at Nils Simonson er nemnd i boki om Raumadalsfolket, og ikkje heller finn eg parfolket i FT1801.So kvar kan dei ha gjort av seg? Og var Nils Simonson frå Hafslo i Sogn, som eg mistenker han for å vera?Eg vonar på tips i denne saki og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Lurer på om dette kan være Niels og Guri i 1801 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit for nyttig innlegg.Det kan vel ikkje vera so mykje tvil om at du har funne rette Nils og Guri i 1801. Eg tenkte ikkje på å leita under SEM, berre SIM, og no ser eg òg at ein Nils Semundson vart døypt i Grytten i 1748, so då er det nok han me finn gift med Guri Pedersdotter...Då er det ''back to square #1...'' Kvar vart det av ''min'' Nils Simonson...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.