Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#21339] Lars Simonson og Martha Olsdtr, gifte i Arnafjorden, Vik 1777 -kvar vart dei av?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Lars Simonson (Feet), døypt i Hafslo 9.6.1755, gifte seg i Arnafjorden, Vik 16.11.1777 med Martha Olsdotter (Nissestad/Nistad) av ukjent opphav.Eg finn ikkje born etter dette parfolket korkje på FamilySearch eller hjå Fylkersarkivet i Sogn og Fjordane, og ikkje heller finn eg dei i Sogn og Fjordane i 1801.Er det nokon som kan gje meg råd eller tips om kva som skjedde med dette paret? Kvar vart dei av?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin Skibenes

Ein mogeleg kandidat?: Lenke Eg la merke til at han var g. for andre gong, og eldste dottera heitte Martha.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til Elin for siste innlegg, men eg er redd denne Lasse Simonson på Vangsnes ikkje høver; for det første heiter han Lasse og ikkje Lars, to namn som er klart nytta kvar for seg i Sogn, og dessutan er det i same huslyden opplista ein bror Ole Simonson, og nokon slik bror hadde ikkje ''min'' Lars.Nok ein gong hjartleg takk for alle gode tips!Men venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Sværen

Kan ho Marta du er ute etter væra fødd 1746 ? Sjå v) 824 s. 33 i Hefte nr 3, Bygdboka, som kom ut no i haust. Denne Marta er i live i 1774 då faren f. 1714 er død.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Öyane

Hjarteleg takk til Jon for innlegg!Eg veit diverre ikkje noko om Martha i det heile, so det kan godt vera ho du nemner... Men bokreferansen du nemner er noko uklaar. Kom denne ''Bygdboka'' ut i Vik? Vart Martha döypt i Vik?Elles er eg framleis interessert i lagnaden til Lars og Martha, so om nokon kan hjelpa meg, ville eg setja stor pris paa det!Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Öyane

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Sværen

Sorry at eg er noko sein til å svara ! Gudmund Balevoll har til no skreve 3 hefter om Personar i Vik Kommune. Forst om Dalane i Vik, nr 2 om Flatbygdi, nr 3 om Vikøyri som kom ut no i haust. Nr 4 kjem til hausten og omhandlar Arnafjorden. Ta kontakt m/ Lokalhistorisk Arkiv i Vik, e-post-adresse: lhist@vik.kommune.no

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget her frå januar!No bør ogso heftet om Arnafjorden vera utkome, og eg har sendt over saki til Lokalhistorisk arkiv med von om at einkvan der kan bidra med hjelp.Men eg er sjølvsagt ogso mottakeleg for tips frå andre lesarar av Brukarforum, berre eg kan finna att Lars Simonson og kona Martha og lagnaden deira - på eitt eller anna vis!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marit Rambjør

Har sett i det dei nye bygdebøkene. Men finner ikkje noko om familien der. Kan dessverre ikkje finna Ole Nissestad med datter Martha på Nissestad på denne tida. Finn heller ikkje nokon Lars Simonson på Nissestad. Det fins ein Ola Kristenson 1693-1741, står kunn ugift om hans lagnad. Og familien til Marta i innlegg 4) budde på Vikøyri ikkje Nissestad. I den nye bygdeboka står det kunn ; Ola Olson ”FJÆRESTAD” (1714-1774) gift 1744 med Gjertrud Oladtr. VIKØYRI (-) .... Marta 1746....(div. barn)... Men då Ola døyde var det berre enkja og Marta 1746 som var arvingar. Fjærestad må ha vera tenaradresse for Ola. Huslyden budde på Vikøyri.MVH Marit.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marit Rambjør

Ved nærmare ettersyn fant eg ei Marta som skal vera født 1761i følgje bygdeboka. Kanskje litt ung ca 15/16 år i 1777, men fødselsåret kan jo vera litt feil. Foreldra var Ola Hermundson Frettheim 1724-1778 og Turid Bendiksdtr. Kjelven 1726-1800. Dei var husmenn på Nissestad frå 1763. Kan ikkje finna Marta født 1761 i S&F sin database. Men kanskje denne Marta f.1759 er ein mulig het? Lenke MVH Marit

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marit Rambjør

Gløymte å skriva att Marta i innlegg 9. I følge bygdeboka døyde i 1830 ,og var då på legd. Då er det sikkert ho som dør her. Lenke Og då står det født 1759.MVH Marit

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Marit for svært interessante innlegg. Noko prov har me sjølvsagt ikkje, men det er ikkje usannsynleg at Ole Hermundson og Turid Bendiksdotter, som i 1759 var plassfolk på Kvammen under Fimreite i Sogndal, vart foreldri til Martha Olsdotter, som i 1777 gifte seg med Lars Simonson frå Fet i Hafslo.Men, dersom det var ho som døydde på Nissestad som legdelem i 1830, kvar vart det i so fall av Lars Simonson? Kvar budde dei i 1801?Og so er det jo litt uvanleg at dei ikkje fekk born i lag...!?Jau, dette var spennande, og eg takkar nok ein gong for god innsats so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marit Rambjør

Presten i Vik frå 1785 og 32 år framover, Jacob Thode, var vist svert dålig til å føra kyrkjebøker og andre papir og protokoller. Så Lars Simonsen kan godt blidt gravlagt i Vik i eller før 1801. Utan att dette er ført. Det er mangen manglar i kyrkjebøkene.MVH Marit

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Nissestad, Arnafjord, Vik: Her finn vi Ole Hermundson og Turid Bendiksdotter nemnde under Husmenn; Lenke

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne få trekka fram att dette tema der me vel aldri er komne fram til nokon endeleg konklusjon, til tross for iherdige forsøk frå Jon, Marit og Gisle.Er det no komne til nye kjelder i Vik som kan hjelpa oss finna ut meir om lagnaden til Lars Simonson? Og me er vel heller ikkje trygge på at det er den rette Martha Olsdotter me har funne frå Nissestad...?Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki og vonar framleis på eit positivt resultat...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gudmund Balvoll

Jon Sværen spurde meg om det same då vi arbeidde med Arnafjordheftet. Ho kom ikkje med der, då eg er overtydd om at Nissestad var tenaradresse. Dei meste pålitelege personopplysingane vi har for Vik prestegjeld på 1700-talet er dei vi har i konfirmasjoslister. Dei som finst er lagde inn i databasane til Olav Lee. Ei Marta Olsdtr Øvstedal vart konfirmert i 1763. Problemet er at også Øvstedal er tenaradresse. Det går fram av skattemantalet frå 1763 og som Vik Lokalhistoriske arkiv har fått lagt inn på data for internt bruk. Dersom vi går ut frå at ho var fødd ca 1744, kan ho vera ei av fleire Marta Olasdtr som var fødde på Vikøyri omkring dette årstalet. Noko meir utanom dette trur eg du kan gje opp å finna innan Vik prestegjeld.

Hjarteleg takk til Gudmund for siste innlegg om Lars og Martha!Eg tolkar innlegget slik at den Martha, som var dotter av Ole Hermundson på Nissestad, IKKJE er ho som gifte seg med Lars Simonson, og me skal vel ikkje sjå bort ifrå at ogso Martha har hatt opphavet sitt i indre Sogn...?Men, uavhengig av dette problemet; kvar kan Lars og Martha ha gjort av seg etter dei vart gifte i 1777? Kanskje døydde dei båe i den lakunen som finst i kyrkjebøkene for Vik på 1780-talet, men eg har liti tru på det! Dei var jo tross alt etter måten unge folk! Born fekk dei visstnok heller ikkje i Vik...!Ein av brørne til Lars, Anders (Andreas) Simonson, gifte seg i Fjaler og flytte derifrå til Bergen, medan ein annan bror, Simon Simonson, flytte til Gulen og derifrå til Bergen. Den siste og eldste broren Nils Simonson (fødd 1748), levde i 1763, men vart ikkje konfirmert i Hafslo og er heilt ''borte''!Kan Lars og Martha òg vera flytte til Bergen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.