Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#21734] Gina Skjerdal, fødd i Solund 4.12.1878, død i Sogndal 14.8.1969 - kven var ho?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Knut Nilsson Skjerdal, fødd i Aurland 24.11.1884, voks opp i Hafslo, men gifte seg i 1920 (uvisst kvar) med:Gina, fødd i Solund 4.12.1878.Knut og Gina busette seg i Sogndal der Gina døydde 14.8.1969. Knut døydde same staden 20.12.1975. Dei var barnlause, men Gina hadde ei ''særkullsdotter'':* Helene Gåsvær, 1969 busett på 5313 Tveitevåg!Kan nokon hjelpa meg identifisera Gina Skjerdal og opphavet hennar? Truleg heitte ho Jørgina eller Georgina...?På førehand hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Solberg

Eg ser at det er ei Gjertine Jakobdtr. som er født 4.12.1878 i Eivindvik prestegjeld. Kan det vera ho som er Gina? Det meste av Solund høyrde vel den gongen til Eivindvik (Gulen) prestegjeld.LenkeMvh Ottar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Solberg

I 1900 er Gjertine i teneste i Fana og her er òg syster hennar, Helene, som er 'sypige'.LenkeMvh Ottar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Gjertine Jakobsdtr. Lundøy, f. 4.12.1878. Foreldra var husmann Jakob Peterson og kona Gjertrud Hansdtr. Lundøy. Gjertine var nr. 4 av 6 syskjen. Faren Jakob Peterson døydde i 1886. Mora levde i 1900.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ottar og Alf for nyttige innlegg. Eg er samd i at det godt kan vera denne Gjertina som dukker opp i Sogndal som kona til Knut Skjerdal. Men er det mogeleg å skaffa endeleg prov på dette? Kanskje Helene Gåsvær er lykkjelen til svaret...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Eg veit ikkje kva tid Helene var fødd. Men at dottera til Gina fekk namnet Helene, er ikkje tilfeldig viss Gina er den Gjertine som me trur. Eldste syster til Gjertina Jakobsdtr. heitte Helene. Ho vart gift med Johannes Andersson Ørnehaug, men døydde på barnseng i 1904 då fyrste barnet vart fødd. Det var ei jente som og fekk namnet Helene. Det kan henda Gjertina ville kalla opp att eldste systera som døydde i så ung alder. Skal ein komma noko vidare, må ein finna ut kvar og kva tid Helene Gåsvær vart fødd. Er ho gift Gåsvær t.d? Gåsvær er eit namn som m.a. finst i Solund. Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Harald Gåsvær, f. i Solund 1895, g. 1930 m. Helene Jørgensen Tangenes, f. 1907, står det i Solund bygdebok under garden Sandvik under Skarnagel som Harald Gåsvær kjøpte i 1933. Meir står det ikkje om Helene, men me er tvillaust på rett spor, for son deira, Norvald Gåsvær flytta til Tveitevåg på Askøy i 1962, og sidan flytta foreldra dit og. Så gjenstår det å finne foreldra til Helene.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei!Men kven er den ugifte montør Jørgen Olsen frå Kristiania?MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.