Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#21975] Guttorm Pedersen (1837) & Elisabeth Johannesd. (1828) i Stavanger - opplysn?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Guttorm Pedersen, fødd i Haus 14.12.1837 var son av ein Peder Sørenson og Anna Guttormsdotter (bustad i Haus ukjend)Elisabeth Johannesdotter, fødd i Hafslo 13.7.1828 var dotter av husmann Johannes Erikson Quam og Christi Torbjørnsdotter Sviggum.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Huslyden dukker opp i FT1865 for Stavanger, Bakkens Rode:Guttorm Pedersen Husfader g Skomagermester 1837 Haus Prgj.Elisabet Pedersen Kone g 1827 Hafsloe Prgj.Johannes Eriksen Pleiesøn ug 1851 Hafsloe Prgj.Peder Andreas Pedersen Søn ug 1860 StavangerChristine Sirine Pedersen Datter ug 1862 StavangerGurine Bertine Pedersen Datter ug 1864 Stavanger~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Og igjen i FT1875 for Stavanger:Guttorm Pedersen Skomager og Garver 1837 Haus Prgj.Elisabet Pedersen Kone g 1827 Hafsloe Prgj.Christine Serine Pedersen Datter ug 1862 StavangerGurine Martine Pedersen Datter ug 1865 StavangerGabrielle Elisabeth Pedersen Datter ug 1867 StavangerAnne Thomine Pedersen Datter ug 1869 StavangerGuttorm Pedersen Søn ug 1871 Stavanger~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Og so i FT1900 for Stavanger, Kongsgade 16:Guttorm Pedersen hf g Garver & Skomager 1837 Haus SBIngeborg Pedersen hm g 1842 Saude Sands Prgjeld StaGurine Martine Pedersen d ug Regnskabsfører 1864 Stavanger StaElias Reinhard Pedersen s ug Fyrbøder Damsp 1880 Stavanger StaElen Kornelia Pedersen d ug 1882 Stavanger StaElisabeth Pedersen d ug Butikjomfru 1883 Stavanger StaEli Bakke fl g 1812 Saude Sands Pr Sta~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Utifrå desse opplysningane lyt me tru at Elisabeth Johannesdotter døydde ein gong mellom 1875 og 1879 då Guttorm fekk seg ei ny kone(!).Når det gjeld eldste sonen til Elisabeth, Johannes Erikson, so var han fødd i Hafslo 28.9.1851. Barnefaren var Erik Nilsson Foss frå Sogndal. Johannes fekk etter kongeleg resolusjon av 28.3.1874 løyve til ættenamnet Pedersen og gifte seg i Petri, Stavanger 8.11.1877 med Ingeborg Sigbjørnsdotter Nedland, fødd i Stavanger 7.1.1857. Seinare lagnad til dette paret er ukjend.Eg er interessert i opplysningar om opphavet til Guttorm Pederson i Haus, men endå meir ønskjer eg finna dødsdatoane til Guttorm og Elisabeth i Stavanger og fleire detaljopplysningar om borni. Merkeleg nok finst ikkje korkje vigsli til Guttorm og Elisabeth eller nokon av barnedåpane på FamilySearch, men eg vonar at einkvan med tilgang til lokale kjelder kan hjelpa meg vidare?Eg lever i voni og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Kan dette vera sonen Guttorm? Denne huslyden budde i 1900 i Storhaugsvegen 10 i Stavanger:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Guttorm Pedersen hf g Kontrolør paa herm. fabrik 1870 Stavanger StaMagda Pedersen hm g Kolonialhandel 1870 BergenGeorg Pedersen s ug Søn 1885 Stavanger StaMargit Pedersen d ug Datter 1888 Stavanger Sta~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Om aldrene på borni er korrekte, var det svært so unge foreldre...?Eg vonar framleis på at einkvan kan hjelpa meg vidare med denne huslyden. Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Fra kirkebok St. Petri kirkebok vigsel 22 mai 1879 Enkemann og skomager Guttorm Pedersen f i Haus 1837 og pige Ingeborg Knudsdatter f i Sauda 1842. vitner gr, br Peder Sørensen Haukeland og gr Knud Sjursen BakkeOg blandt de døpte i St Petri ; Elias Reinhard Pedersen f 25.2 1880, Elen Kornelia Pedersen f 18 3 1882 Elisabeth Pedersen f 14 4 1883Ellers så fannt jeg ikke den yngre Guttorm Pedersen sine barn dpt i Petri , ialle fall ikke ved dagens letning .Med hilsen Tove .

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ein forsinka takk til deg, Tove, for interessante opplysningar om andre ekteskapet til Guttorm Pedersen og dei yngre borni hans.No spekulerar eg på om nokon kan ha oppdaga fleire detaljar om denne huslyden, om borni til Guttorm og Elisabeth og dødsfallet til Elisabeth? Kan dei ha høyrt til ein dissentarkyrkjelyd i Stavanger?Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

No er dei fleste kyrkjebøkene for Stavanger komne i skanna versjon, og med mykje bàl har eg greidd å finna ein del nye opplysningar om denne huslyden:Guttorm Pederson, fødd på Haukeland i Arna (Haus) 14.12.1837, gifte seg kring 1859 med Elisabeth Johannesdotter, fødd på Kvam i Hafslo 13.7.1828. Vigsli har eg ikkje funne i Stavanger (Domkyrkja), men eg har funne borni deira:* Peder Andreas, fødd Stavanger Domkyrkje 26.7.1860* Christine Serine, fødd Stavanger St. Petri 4.5.1862* Gurine Martine, fødd Stavanger St. Petri 5.4.1864* Gabrielle Elisabeth, fødd Stavanger St. Petri 25.3.1866* Anne Thomine, fødd Stavanger St. Petri 22.10.1868* Guttorm (tvilling), fødd Stavanger St. Petri 22.10.1870* Reier (tvilling), fødd Stavanger St. Petri 22.10.1870Alle desse borni er nemnde hjå foreldri i 1875 med unnatak av den eldste Peder Andreas og den siste tvillingen Reier. Kan henda var dei båe avlidne før 1875, men eg har ikkje funne dei. Derimot ser eg at mori Elisabeth Johannesdotter (Pedersen) døydde i Stavanger St. Petri 12.4.1878.Hadde endå desse kyrkjebøkene for Stavanger vore databaseregistrerte, so ville det ha vore so mykje enklare, og ikkje heller ser det ut til at Mormonarane har vore gjennom desse protokollane..., men kanskje er det nokon som har høve til å hjelpa meg med vidare leiting...? Eg søker først og fremst etter:* Vigsli til Guttorm Pedersen og Elisabeth Johannesdotter (kring 1859?)?* Eventuelle dødsfall til sønene Peder Andreas og Reier (før 1875?)?* Seinare lagnad for Guttorm Pederson og andre kona hans (etter 1900) og alle dei andre borni?Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for fantastisk innlegg! No vart eg skikkeleg imponert! Særleg var det spennande at Gabrielle døydde i Eshowe i Natal!Med ein dødsdato for Guttorm Pedersen bør det no vera mogeleg å finna eit skifte eller ei dødsmelding i Stavanger, og so får me krossa fingrene...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Jeg vil hevde at Guttorm Pedersen f 1870 i innlegg (2 )er sønn av Guttorm og Elisabet,for når Georg døpes i 1895 i St Petri , er Guttorm og hustru nr 2 Ingeborg blandt fadderene. Dåpsbarnets far er oppgitt å være garver av yrke.Barnets foreldre kan ha gifta seg i Bergen siden mora er fra den kanten.Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Og her er det nevnte ekteskapet i Nykirken i Bergen 08.03.1895.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Og her er samme ekteskapet hentet fra de skannede kirkebøkene. Se post nr.17. LenkeMvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tove og Rune for nye spennande innlegg om denne huslyden.Jau, det er nok ''vetle''-Guttorm som er nemnd i innlegg #2 og som gifte seg i Bergen i 1895, men vart dei buande i Stavanger?Eg har i dag fått eit kjapt svar frå Stavanger med opplysningar om denne huslyden. Der heiter det følgjande:~~~~~~~~~~Ifølge dødsfallsprotokollen for Stavanger døde Guttorm Pedersen 11.1.1917. Han etterlot seg 5 myndige barn, hvorav 3 i Amerika og 7 myndige barnebarn. Etterlot seg intet. Det er ikke opplyst om navn på arvingene.~~~~~~~~~~Av dei fem borni som levde i 1917, var altso to i Noreg. Me veit at Gurine og Guttorm budde i Stavanger i 1900, so kanskje dei er dei to som var i Noreg...? Men, med dei mangelfulle passasjerlistene frå Stavanger og berre døtrer att i huslyden, so vert nok dette ei vanskeleg oppgåve..., eller...?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Er har i dag motteke nye opplysningar frå Stavanger om denne huslyden:~~~~~~~~~~Ifølge dødsfallsprotokollene fra Stavanger døde Ingeborg Pedersen 5.3.1912. Hun etterlot seg enkemann og 1 myndig datter. Ingen navn oppgitt. Vi har ikke funnet opplysninger i registreringsprotokollen eller skifteforhandlingsprotokollen fra Stavanger.~~~~~~~~~~Etter dette konkluderer eg med at berre ei av døtrene frå andre ekteskapet levde i 1912, og går me ut ifrå at ho framleis levde i 1917, levde det altso i 1917 fire born frå første ekteskapet og borni etter eit femte. Frå før veit me at eitt av dei sju borni (Gabrielle) døydde ugift før faren, so dersom me går ut ifrå at Peder og Reier døydde som born, var alle dei andre i live 1917 bortsett frå ein, som var avliden, men som let etter seg born.MEN, hjelper dette oss vidare...? Finst det kanskje DØDSANNONSER frå den tidi?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Fra kirkeboken for St. Petri ; døde 1912 , 24 januar 1912 Magda Pedersen g ( ektemann Guttorm Pedersen grubebestyrer ? ) f i Bergen 1870 , bosted ; Musegt 44 . Lungetub, mave og tarmtub.Og senere samme år ; 5 mars døde Ingeborg Pedersen f 1842, bosted Kongsgt 16 , bronchopneumonia .Adresse boken for 1901 ; Pedersen Guttorm , kontrollør , Saudegt 43 Pedersen , Guth. garver og skomaker , Kongsgt 16.Adresseboken for Stavanger 1910 Pedersen, Guttorm , kontorist , Musegt 44 Pedersen , Magda ,huseier , Musegt 44 .I adresse bok for Stavanger 1918-1919 , Pedersen Guttorm , sekretør , Musegt 44 . Fant ingen dødsannonser i Rogalands historie og Ættesogelag sine samlinger på Statasrkivet i Stavanger for årene nevnt over. Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg ser eg har gløymt å takka Tove for siste innlegget om dette tema, men betre seint enn aldri! Hjarteleg takk!Eg har i fleire dagar studert denne huslyden noo nærare, og er komen litt vidare. Her følgjer ei oppdatering av manuskriptet mitt:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ 5. Elisabeth Johannesdotter [Quam], f. [Hafslo] 13.7.1828,Elisabeth Johannesdotter flytte i ung alder til Stavanger der ho¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli? - 1859? - finn ikkje!!)gifte seg med Guttorm Pederson frå Haukeland i Haus (Arna), sidan kjend som Guttorm Pedersen. Han var f. i Haus 14.12.1837. Guttorm var skomakarmeister og garvar, og han og Elisabeth vart buande i Stavanger der Elisabeth d. 12.4.1878. Guttorm gifte seg 22.5.1879 att i Stavanger med Ingeborg Knutsdotter frå Bakke i Sauda. Ho var f. i Sauda 4.12.1842. Guttorm og Ingeborg Pedersen vart buande i Stavanger der Ingeborg d. 5.3.1912. Guttorm Pedersen d. same staden 11.1.1917. Born:a. Johannes Erikson, son av Elisabeth og husmann Erik Nilsson på Fosshaugane under Foss i Sogndal (1816- ), var f. i Hafslo 28.9.1851, men flytte med mor si til Stavanger og voks opp der. Johannes, som etter kongeleg resolusjon av 28.3.1874 fekk løyve til å nytta Pedersen som ættenamn, gifte seg i Stavanger 8.11.1877 med Ingeborg Sigbjørnsdotter Nedland frå Stavanger, f. i Stavanger 7.1.1857. Johannes Pedersen var dampskipskaptein (”steamship captain”) og utvandra i 1895 til Mobile, Alabama der han tok del i oppbyggingi av den lokale sjømannskyrkja. Ingeborg følgde etter i 1905, men kring 1908 flytte dei til New Orleans, La. der Johannes d. 20.8.1923. Ingeborg Pedersen vart buande nokre år hjå ei av døtrene i New Orleans, La., men flytte kring 1932 attende til Stavanger der ho d.¤¤¤¤¤ (dødsfallet hennar? – truleg kring 1950? - gravlagd på Ladegård kyrkjegard!)Dei fekk ni born i lag.b. Peder Andreas Guttormson Pedersen, f. i Stavanger 26.7.1860,¤¤¤¤¤ (n. 1865 - lagnad? - døydde kan henda før 1875?)c. Christine Serine Guttormsdotter Pedersen, f. i Stavanger 4.5.1862,¤¤¤¤¤ (n. 1865 og 1875 - lagnad?)d. Gurine Martine Guttormsdotter Pedersen, f. i Stavanger 5.4.1864,¤¤¤¤¤ (n. 1865 og 1875 og 1900 som ugift rekneskapsførar – budde i Muségaten i Stavanger – kom sidan på ein gamleheim i Stavanger - døydde truleg ugift kring 1950??)e. Gabrielle Elisabeth Guttormsdotter Pedersen, f. i Stavanger 25.3.1866, utvandra i ung alder til misjonsmarkene i Natal i Sør-Afrika der ho livnærte seg som hushaldar. Ho d. ugift i Eshowe i Natal 12.1.1909.f. Anne Thomine Guttormsdotter Pedersen, f. i Stavanger 22.10.1868,¤¤¤¤¤ (n. 1875 - lagnad?)g. Guttorm Guttormson Pedersen, tvilling, f. i Stavanger 22.10.1870, gifte seg første gongen i Bergen 8.3.1895 med Anna Magdalena Andrea, kjend som Magda Jørgensdotter Olsen, f. i Bergen 14.10.1870. Ho d. i Stavanger 24.1.1912. Guttorm var garvar og ei tid fabrikkontrollør, men livnærte seg for det meste som kontormann, medan Magda dreiv kolonialforretning. Dei budde i Stavanger, men Guttorm var fleire turar i Amerika; første gongen utvandra han i 1905 til Mobile, Ala., og i 1911 fór han til New York City, N.Y. Sidan var han heime att til han i 1924 utvandra til New Orleans, La. Han gifte seg att¤¤¤¤¤ (date and place of his 2nd marriage? – 1926?)med Ingeborg¤¤¤¤¤ (opphavleg namn? – fødd 1891/1892 – utv. 1925!)Guttorm og Ingeborg vart buande i New Orleans, La. der Guttorm livnærte seg som bokhaldar (”bookkeeper”). Han d. i New Orleans, La. 11.6.1947, medan Ingeborg Perdersen d.¤¤¤¤¤ (date and place of her death?)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1900 nemner: Georg 1885(!) og Margit 1888(!) – Reidar 1902/1903 – utv. 1923 – miste livet tidleg i WW2 – Guttorm utv. 1911 med Rose Emily Pedersen, fabr.arb.dotter – f. Stavanger 1890! - kven var ho?)h. Reier Guttormson Pedersen, likeins tvilling og f. i Stavanger 22.10.1870, d. i Stavanger 8.11.1871.Born av Guttorm og andre kona Ingeborg:* Elias Reinhard Pedersen, f. Stavanger 25.2.1880 – reiste til sjøs som fyrbøtar, men d. ugift på sjukehuset i Brooklyn, N.Y. 12.6.1907.* Elen Kornelia Pedersen, f. Stavanger 18.3.1882.* Elisabeth Pedersen, f. Stavanger 14.4.1883.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Dei største utfordringane ligg no i å finna:* Vigsli til Elisabeth Johannesdotter og Guttorm Pedersen?* Dødsfallet til Ingeborg Nedland Pedersen, heimattkomen frå Amerika og gravlagd på Ladegård kyrkjegard?* Dødsfallet til Gurine Martine Pedersen?* Fleire opplysningar om lagnadane til Peder Andreas, Christine Serine og Anne Thomine?Kanskje er det nokon med god lokal kunnskap i Stavanger som kan hjelpa meg løysa ein del av desse spørsmåli?Eg takkar på ny so mykje for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ved litt ''blaing'' i kyrkjebøkene for St. Petri finn eg konfirmasjonane til dei tre borni med ukjend lagnad:* Peder Andreas Pedersen, konf. 1875* Christine Serine Pedersen, konf. 1878* Anna Thomine Pedersen, konf. 1884Og so fann eg vigsli til Christine Serine 30.6.1881 med vaisenhuusforstander Ole Johannes Olson Gudmestad, fødd i Hå 14.10.1847 (Lenke)Og FT1900 for Langgade 54 i Stavanger syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Johannes Gudmestad hf e Folkeskolelærer 1847 Stavanger StaOlaf Gudmestad s ug Sjømand matros 1882 Stavanger StaGuttorm Gudmestad s ug Sjømand youngmand 1884 Stavanger StaElisabet Gudmestad d ug Skolebarn 1886 Kopervig StaJohn Gudmestad s ug Skolebarn 1889 Stavanger StaMagnus Gudmestad s ug Skolebarn 1891 Stavanger StaKlara Gudmestad d ug Skolebarn 1892 Stavanger StaHanna Gudmestad d ug 1895 Stavanger StaLouise Gudmestad d ug 1897 Stavanger Sta~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Då veit me at dei sju barneborni som levde att etter Guttorm Pedersen i 1917, må vera desse borni etter Christine Serine!So er det spørsmål om det let seg gjera finna dødsfalli til Ole Gudmestad og kona hans...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Og so har eg ogso funne Anne Thomine gift i St. Petri 30.1.1889 med skomakarmeister Mikael Demandius Monsen frå Askøy (Lenke).Og i FT1900 finn me huslyden i Storhaugveien 12 i Stavanger:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Mikal Monsen hf g Skomagersvend 1858 BergenAnna Monsen hm g Hustru 1868 Stavanger StaCisilie Monsen d ug Datter 1890 Stavanger StaElisabeth Monsen d ug Datter 1891 Stavanger StaGabrielle Monsen d ug Datter 1893 Stavanger StaGeorg Monsen s ug Søn 1897 Stavanger StaMikal Monsen s ug Søn 1900.01.01 Stavanger Sta~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~So er det spørsmål om det let seg gjera finna ut kvar det vart av denne huslyden?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Kristine døde 17-10-1897 LenkeHar ikke funnet Ole død til 1919 (med forbehold) i St.Petri

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for nye spennande opplysningar. Sjølv har eg funne fødsli til Mikael Demandus Monsen på Lille Damsgård, Laksevåg (Askøy) 28.3.1858.Elles kjem me stadig nærare ei oppklaring av denne ''vanskelege'' huslyden...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Da fant jeg endelig vielsen mellom Guttorm og ElisabethLenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten! Eg er skikkeleg imponert! Det var godt å få denne datoen på plass!I mellomtidi har eg vore i kontakt med kyrkjevergen i Stavanger og fått dødsdatoar:* Ingeborg Pedersen døydde 19.12.1940.* Gurine Martine Pedersen døydde 16.4.1949.* Anna Thomine Monsen døydde 6.5.1941.* Michael Demandus Monsen døydde 1.9.1943.Berre Ole Johannes Gudmestad finn me ikkje, og lagnaden til Peder Andreas Pedersen er framleis ukjend...!?Nok ein stor takk for hjelpi med denne huslyden so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.