Gå til innhold
Arkivverket
Gjest John H. Aarønes

[#22158] Ouden Aagesøn på Reknes (Molde)

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

Ein av dei største jordeigarane i Molde/Romsdal på 1600 - talet heitte Ouden Aagesøn.Eg undrar på om det er nokon som kan hjelpe til med opplysningar om denne personen som gjennom sine eigedomar burde vere godt kjend.Eg ser han ofte vert nemnt med namnet Widerøe, men har aldri sett han omtala med det namnet i noko skriftleg kjelde. Det gjorde imidlertid nokre av barna hans frå 2. ekteskap.Eg ser også at han er nemnt som son av Aage Hansen på Lyngvær (nemnt 1599 og truleg død kring 1618) og Synnøve Audunsdatter (nemnt i 1624). Eg har aldri sett noko prov på denne samanhengen. Er det nokon som kan kaste lys over dette?I skifte etter hans andre hustru 13/4 1686 på Reknes er registrert et 'Aage Oudensens Contrafei'. Hvem kan dette være? Kan det vere ein son frå første ekteskap eller som Collin antyder at Aage Oudensen er Oduen Aagesøn på Reknes sin far. Collin plasserer (utan vidare) Aage Oudesen på Reknes med dødsår ca. 1600 (og antyder samband til 'Aspo-slægten paa Nordmøre' - men dette virker usannsynlig?). Det kan neppe være sønnen av Ouden fra hans 2. ekteskap med Malene Eliasdatter?Spørsmålet mitt vert då - kven var Auden Aagesøn på Reknes? Nokre data: 60 år ved folketellinga i 1664, skifte 1669, første hustru ukjent (var det han som var gift med datter av Anders Pedersen til Thingvold og ikkje Audun Iversen i Aspa?), andre hustru Malene Eliasdatter som enkelte tillegg namnet Rafn, 20 barn osb.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Stort og viktig spørsmål, og alt for lite seriøst granska.Synneve Audunsdatter var autentisk datter av Audun Torsteinson på Veigen (aspegodseigaren) og gift med ein Aage Hansson på Lyngvær (under Odden) på Smøla. Synneve Lyngvær, som godt kan vere den samme, eigde ein god del gods på Nordmøre 1647:LenkeDersom noke av dette godset er å finne i skiftet etter Audun Aageson på Reknes, vil det styrke ein hypotese om at han var son av dette paret. Audun Aageson sitt eige jordegods var 3 av i alt 4 våger fisk i Reknes (bonden Lasse eigde resten) samt, som det ser ut til, heile Sommernes i Fræna på 2 våger fisk. Han var dermed enno bare ein nokså liten jordeigar 1647.Det ville vere svært opplysande om heile barneflokken til Audun Aageson på Reknes kunne oppreknast her - fordelt på dei to konene.Kontrafeiet på Reknes 1686 (Aage Oudensen) vil eg tru framstilte Audun Aageson sin førstefødde son; slike individuelle portrettmaleri var i alle fall svært sjeldsynte først på 1600-tallet (då Audun Aageson sin far må ha bløma).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Fikk dermed Auden Aagesen (ca.1604-ca.1669) to sønner Aage ? Den som John nevner er vel f. i 2. ekteskap ca. 1658 ?Til John's innlegg : Anders Pedersen (Agerøe) til Tingvoll hadde visstnok sønnene Isak og Jens samt en datter. Er det denne datteren som skulle være g.m. Auden Aagesen eller Auden Iversen ? Sistnevnte har jeg g.m. Ales Audunsdatter Boksaspen (d. av Auden Trondsson). Var han g. to ganger ?Hvilken Aage var g.m. en datter av Joris Non (død 1638) ? Var det Aage Hansen på Lyngvær (hans 1. ekteskap, før Synnøve) eller hans (mulige?) sønn Aage Aagesen (nevnt som strandsitter på Lyngvær i 1654) ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Denne slekta er merkeleg nok lite kartlagt. Derfor vert det mykje spekulasjonarer her - men det synes nødvendig for å kome vidare.Når det gjeld Aage Oudensen kan eg ikkje forstå anna enn at det må finnast ein som oppkalla etter farfar sin også i første ekteskap, og det var Aage. Vi veit vel at det var ein son med namnet Aage i 2. ekteskap (begravet 1723 21/1 - 66 Aar 13 dager gl.), det ser også ut til å ha vore to døtre med namn Dorthea (ein frå kvart ekteskap. ELissbeth Oudensdatter som er nemnt gift både med Christian og Jacob Rauffn. Kan det ha vore 2 døtre med namnet Elisabeth? Eg berre undrar, men det kan forklare mykje. Eg kjenner berre namnet på 10, då manglar 10. Men ein kan kanskje gisse til at det må ha vore ein Anders i første ekteskap også. Dei eg har funne i skriftlege kjelder er:Første eksteskap (med hustru av Anders til Thingvolds ætt?): Aage? - Oden - Dorthea - LisabethAndre ekteskap med Mallene Eliasdatter: Elias - Aage (ser ut som om han nytta namnet Widerø?) - Anders - Hans - Jens - Dortte - Anne Margrete (desse barna synes å vere fødde i perioden ca. 1655 - ca. 1666).Når det gjelder kven datter av Joris Non var gift med, må det vel kronologisk ha vore sonen Aage Aagesen. Dette kan ein vel finne meir om ved å studere dokumentsom finst vedk. overføring av eigedomsretten av Reknes til Iver von Ahnen.Når det gjeld Audun Iversen i Aspa (1628 - 1707) står det nemnt i papira som er gjevne ut i samband med Aspa-seminaret at han er gift med dotter av Anders Pedersøn pr. i Tingvoll. Eg får ikkje dette til å rime heilt.Såvidt eg forstår av dokumenta var Horsgaard ein del av jorda som høyrde til Anders Pedersøns slekt. Ifølge skifte etter Dorthea Oudensdatter fra Auduns første ekteskap arver hennes to fullsøskene etter loven denne odelsjorden. Det kan vere freistande å i alle fall ha ein viss mistanke om at Ouden første gang var gift med nokon frå Anders Pedersøns ætt.I eit dokument frå 1700 fann eg at Jens Oudensen brukte eit segl med dødningehovud og to korslagte ben, samt bokstavene J. O. W. (ser ut som om O'en er delt inn i tre like store delar ved hjelp av ein Y inni). Er det nokon som veit noko dette?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Kristiansen og Tor Larsen

I artikkelen 'Eitkvart nytt um Aspa-ætti' av Klaus Johan Grønseth Myrvoll i NST XXXVI - hefte 4, sidene 271-282 står det om kona til Audun Ivarsson. Artikkelforfatteren slår fast at Audun Ivarsson var gift med Ales Audunsdotter frå Boksaspa. Mvh Tore og Tor

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk for alle innspel! Eg har no lese Myrvoll sin artikkel - den var glimrande. Mange ting falt på plass.Til Per - eg meinte ikkje at Audun Iversen var gift 2 gonger, berre at han ikkje kunne forstå at han hadde vore gift med datter til Anders Pedersøn, noko artikkelen til Myrvoll stadfester.Når det gjeld Aage Hansen på Lyngvær undrar eg på om det kan vere noko samband til sunnmøre?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Endre Holten

Litt oppklaring omkring Aage Hansen Lyngvær: Dette er ikkje Lyngværet på Smøla, men et gammel kjøpmannssete i Sandøy, Romsdal, nå nedlagt og øde. Synnøve, kona, var søster av stiftsskrivaren for Sjølenene, Erik Audensen på Kvalvåg (no i Gjemnes) som var den største jordeieren på Nordmøre. Av barna til Aage og Synnøve, veit vi om disse: 1)Auden på Reknes, f. ca. 1604, d. 1668, g.m. datter av Joris Noon i Molde. Andre kona hans hette Malena Eliasdatter, (? Widerøe)Med sine to koner sies det at Auden hadde 20 barn.2) Anna, g.m. Christopher Zachariassen Holck i Flovika på Nesjestranda. 3) Hans, f. ca. 1615, g.m. Margrethe Eriksdatter Gjuul, Tingvoll. Gbr. på Gullstein, tok seinere over gard på Glærum i Surnadal. Skyss-skaffer og gjestgiver, vikarierte ofte for sorenskriveren på Nordmøre. 4) Jakob, f. ca. 1618, d. 1684. Ungkar, bodde på Indre Skralthaug i Surnadal, det nåværende Surnadalsøra, der han hadde et hus. Om barna til Auden Aagesen, første ekteskapet: a) Auden, g.m. Maren Iverdtr. Helt, b) Dorothea, g. m skotten Johan Ben. c) Lisbeth, g. tolleren Christian Ravn. De ga ei lysekrone til den første kirka i Molde. Fra 2. ekteskap: Aage, g.m. Anna Clausdtr. Handelsmann. Anders, d. ung. Hans, d. ung. Jens Widerøe, g. m. Anna Jakobsdatter, gift på nytt med Gjertrud Madsdatter. Bartskjær og legei Molde. Elias, Berit og Anna Margrethe. Dorothe, g.m. tollbetjent Jakob Ravn i Molde. Ellers vises til Ødegårds 'Aspa-etten' Molde bys historie m.m.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk for opplysningene Endre - det var klargjerande når det gjaldt Aage på Lyngvær. Som du seier budde han på øya Lyngvær i Sandøy.I Collins notatar kan ein finne følgjande: 'I Molde Kirke henger over Galleriet foran Orgelet en LYsekrone, med Indskrift !Gud til Ære oc Kjercken til Sirat er denne Lierjse Krone foreret af Kong Mayst. Tholder her udi Romsdalen Christian Ravn og Hans Kjæreste Elisabet Odens d. Ao 1669 den 1 Jan..Af denne Indskrift er 'Christian Revn og hans Kjæreste' samt 'Ao 1669 den 1 Jan' antiqua Bogstaver - det øvrige Kirkegotiske'.Så at Christian og Elisabeth har vore gift synes klart. Men ifølge skifte etter Jacob Rafn i 1704 var også han gift med Elisabeth Oudensdatter? Jacob og Elisabeth skulle visstnok fått barn både i 1678 og 1691 - På eit ting 16/10 1690 er nevnt ''Beverlou fremlagde en Forlyde mellom Capt. Beverlou og sal. Oden Aagesen indgaaet 23/1 1667 - dernest en Forpligtelse af sal. Dorete Oudensdtr. og Sal. Christian Rafn ....' Dette gjelder en part som vert kalla Nordmørsparten.Collin trekker den slutning at Christian Rafns kone må vere Dorete og ikkje Elisabeth.Dersom første kona til Ouden Aagesøn var ei datter av Joris Non, må han ha hatt fleire døtre enn ei. Maritte Jorisdatter ser ut (ifølgje Schneider) til å ha vore gift 3. gong med Ouden Aagesøns bror Aage Aagesen Lyngvær, og Maritte levde lenge etter at Malene Eliasdatter døde. (nemnt 1692).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torgeir Kvalvaag

I innlegg #7 vises det til 'Ødegårds 'Aspa-etten' .'Hvilken Ødegård er dette? Hilsen Torgeir.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alexander Lange

Mulig han mener Olav Ødegård, som skrev 'Ættelinjer fra middelalderen. Ættene Hvit, Kane, Nesje, Aspa, Landre, Giske, Synes.' fra 1959. Tilgjengelig på biblioteket.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torgeir Kvalvaag

Er den boka pålitelig som kilde? Mener å ha lest at den er ganske omstridt. Hilsen Torgeir.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Endre Holten

Ja, sjølsagt, Olav Ødegaard. Eg sat her med kap. V (5) frå 'Ættelinjer' og kom ikkje på fornamnet i farten - det hadde eg ikkje notert på dette. Her er det mange tåttar å spinne på, men først ein liten digresjon: Da den gamle Molde-kyrkja vart riven og inventaret selt, hamna og lyskrona som Christopher Ravn og 'hans kiereste' Lisbet Odensdatter hadde gitt kyrkja i 1669, på bygda. Men i 1990 dukka massingkula til denne lyskrona opp hos brukthandlaren Ove Lyngastad på Tornes. Om dette stod det ein artikkel i 'Lørdags-Budstikka' 7. juli 1990. Nokre notat om Auden på Reknes: I lensrekneskapet under 'Beviser' film NR 652 (slutten)går det fram at han var død før 4. desember 1668. Justisprotokollen for Nordmøre 1686: Tinglest skjøte dat. Molde 16. juli 1686 til Niels Pedersen Lem på 2 øre 6 mkl. i Nasvig og 2 øre i Qualshou, fra Aage Oudensen, Jens Oudensen, Derete Oudensdatter og Anna Margrete Oudensdatter. Tingboka, film 984, s. 74. Sahl. Christian Rauffn, tidligere tholder i Molde har lånt 300 rdl. av Hr. Hans Nilsen Tausan i Tingvoll. 9. okt 1671 mot pant i Venaas, Holten og Bersaas, 'sampt i tuende Sauger udj Tingvold beliggendis med ald indredning och Huusgeraad ved saugerne Meisingsettvogh og .... 1694, 26. jan, ting på Strand i Meeks tgl. opplest ei fråsegn frå Aage Oudensen, Jens Widerøe, Elisabet, Jens Rafns (? Jacob)og Anne Margrete Oudensdatter, der dei sa frå seg til innløysing av odelsretten dei hadde i Hjertvik, dat. Molde Fiere 20. mai 1692. Desse var då attlevande av borna til Ouden. Etter ei Mallene Eliasdatter var det skifte 13/4. 1686, nemnt på tinget i Sunndal 1702. I ei sak om eigendomsretten til Groven i Hjertvika i 1694 la amtmannen fram eit originalskjøte frå Ouden Oudensen til Johannes Ibsen, dat Trondheim 7. juni 1684, sammen med eit skiftebrev etter sin avdøde fader Ouden Oudensen på Molde o.s.v. Tilslutt: Mathias Mathiassen Ravn, sersjant ved Romsdalske Companie, gift ca. 1730 med Nilske Dorothea Nilsdatter Lem. De bodde i Åkvika på Ekkilsøya.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Oppsan!! Flott, Endre! Her får vi bortimot provet på at Audun Aagesen var son av Synneve Audunsdatter i Lyngværet (på Sandøya i Romsdal, sjølsagt). 1647 eigde ho m.a dei partane i Nasvik og i Kvalshaug som Nils Pedersen Lem fikk kjøpe 1686, likeeins eigde ho i Hjertvika (sjå lenka i innlegg 2 ovafor).Når det gjeld Olav Ødegård si bok om Aspeætta, er boka grundig slakta av kompetente folk - eit slakt som eg på alle vis sluttar meg til.Eit spørsmål: Skiftet etter Audun Aageson finst visst ikkje, men skiftet etter Malene Eliasdatter er vel innført i skifteboka for Romsdal (nr 2, 1683-87)?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Endre Holten

Til Mallene Eliasdotter att: I eit av notata mine frå 12-15 år attende, finn eg å ha notert etternamnet hennar for Zoop - med spørsmålstegn etter, og at ho som enke kanskje vart gift igjen med Thomas Willemsen Schott, f. 1627. Siste innlegg førebels.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Supert Endre. Dette var noko av det eg lurte på. Det som forsvann i innlegga mine var ei antydning til eit mogleg opphav for Aage Hansen Lyngvær som eg fann i Bolsøyboka.Oudun AagesønAage HansenHans AagesenAage Trondsen (Eide gård i Romsdalen 1519)Trond OlsenEllers har eg leita fram notatane mine frå skiftet etter Dorotea Oudensdatter g. m. Johan Ben.Her fann eg overraskande nok opplista som barn av første? ekteskap:Romsdals Skifteprt. 1 p. 60:'Ao. 1679 6/7 udj Kgl. Majst.Fodged Sr. Ifuer Andersens Nærværelse blev Skifte holden paa Berset udj Waage Otting efter afgangne Kvinde Dorotea Oudensdatter mellem hendes efterladte Mann Johan ben (= Ben) og den salig Kvindes fulde Sødskende til Faderen, nemlig Ouden, Aage, Anders, Hans og Jens Oudenssønner sampt Lisebeth, Dortea og Anne Margrette Oudensdattr. tilstedeværende og fuldmyndige formete ældste Broder Ouden Oudensen og Elste Søster Lisabet Oudensdattr., samfede Søeskene til Fader og Moder. Paa de andre half Søeskendes Vegne tilstedeværende deres Stiffader Thommes Wellemsen Schaat, vonhaftig paa Molde.'Litt lengere ut i skiftet står: De fire Brødre og tvende Søstre, som thommes Willemsen tilforne er formynder ......'Det var således 8 fra dørste? ekteskap som levde i 1679, og det var altså to som het Dorotea fra dette ekteskapet. Med dei 6 frå andre? ekteskap var det såleis 14 i live i 1679.Lenger ut i skiftet: 'Det Jordegods som Ouden Oudesen pantsat til Boen, nemlig Nadvig - 2 1/2 Øre med Bøxel, Qvalshaug 2 øre med Bøxel, beligende paa Normøre - som beløber til 110 Rdlr.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Til innlegg 12 (Holten): '... originalskjøte frå Ouden Oudensen til Johannes Ibsen, dat Trondheim 7. juni 1684, sammen med eit skiftebrev etter sin avdøde fader Ouden Oudensen på Molde ...': Hvilke personer er det snakk om her ? Jeg trodde Ouden (førstnevnte) også var sønn av Auden Aagesen (f.1604) på Reknes, men det er han altså ikke ? (Han er jo heller ikke nevnt blant de av sistnevntes barn som levde i 1692). Hvem er hans far (Ouden Oudensen på Molde, død før 1684) ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Etter å ha lese fordeling av arven etter Dorthea Oudensdatter i 1679, synes det heilt klart at ho berre hadde 2 fullsøsken, nemleg Ouden Oudensen og Lisbeth.Dei 4 brødre og 2 søstre som Thomas Willumsen var formyndere for var soleis dei andre som var nemnt i opplistinga frå skiftet, nemleg Aage, Anders, Hans og Jens Ouensøner og Dortea og Anne Margrette Oudensdøttre.Det synes altså klart at det berre var 8 av Oudens barn som var i live i 1679. Dermed synes den misforståelsen oppklart.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Er det nokon som veit kvar Nordmørsparten som Audun Aagesøn fekk hand kom frå?I Collins notatar står det utan kjeldetilvising:'Foruden Reknesgaard eiede Ouden Aagesen i Moldegaard 2 voger , hvilke dengang kaldtes Nordmørsparten hvilke han ...... tilkjøbte sig af ga.... Odelseijere paa Trokvigen (dette namnet er nesten uleseleg, men det står noko liknande)en ..... Nordmøre ...'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Sitatet fra skiftet 1679 er ikkje til å misforstå: Den avlidne Dortea Audunsdatter hadde heilbrørne Audun, Aage, Anders, Hans og Jens og heilsøstrene Lisbet, Dortea og Anne Margrete. Desssutan hadde ho seks, 6, halvsøsken.Det er svært viktig å halde fast på dette før ordskiftet går vidare. På epitafiet i Moldekirka var Audun Aagesen framstilt med 2 koner og 10 barn med kvar av konene, samt eit barnelik. I første ekteskapet hadde han altså 10 eller 11 barn. Eg vil tru at eitt av disse barna heitte Synneve, etter Synneve Audunsdatter i Lyngværet. Fram til 1678/79 levde enno 9 av denne barneflokken, der altså 2 heitte Dorte/Dorte/Dorotea. Det er kanskje namna på disse barna som kan vise kven førstekona til Audun Aagesen var, og etter alt å dømme heitte far hennar Anders, mora Dorte eller liknande; namnet Lisbet er tydeligvis fra Audun si mormor, hustru Lisbet på Veigen.Godset i Reknes kan være komme fra farsslekta til Audun eventuelt fra slekta til førstekona.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Eg og forstår første del av skiftet slik som du Bjørn, og vart overraska då eg berre fann Ouden og Lisabet, samt dei 4 brødre og 2 søstre (formyndar Thommes Willemsen)som mottok arv i 1679 etter Dorotea. Men eg har ikkje tilgang til det komplette skiftet - berre Collins sine avskrifter.Men i samme skiftet er det også nevnt ein bror Elias Oudensen i samband med ein arvepart som Johan Bendz Quinde skulde have efter sin Broder Elias Oudensen'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Som eg har nemnt tidlegare, har eg ein mistanke om at Anders Pedersen prest til Thingvold kan ha samband med den første kona til Ouden Aagesøn, av 3 grunner:1. Hans kontrafei er registrert i fleire skifter2. Odelsgården Horsgaard skal ha vore i hans families eige - som også har gått i arv frå Ouden Aagesøn - til hans barn fra FØRSTE EKTESKAP, nemleg Dorothea, Ouden og Lisabeth. Denne gården har visstnok først gått frå Ouden til Dorothea. Det ligg snublande nær å gisse at moras namn også er Dorothea. Eit namn som gjentar seg i denne søskenflokken og i neste generasjon.3. Ouden kallar minst ein son for Anders.Det ser nesten ut som om namna på barna i første ekteskap vert teke opp att i andre ekteskapet til Ouden Aagesøn.Eit lite spørsmål til dykk historikarar - var myndigheotsalderen 20 eller 25 år på den tida? Skilnad på kvinner og menn?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

1647 var ''Ytter Horsgaardt'' med skyld 1.5 våg fisk i eiga til herr Anders på Tingvoll. Så der er nok opphavet til den eiga. Kva heitte kona til Anders Pedersen på Tingvoll (sokneprest 1622-55); han hadde ellers tilnamnet ''Agerøen'', dvs at han var fra Aukra, rimeligvis son av Peder Anderssen, sokneprest i Aukra 1572-1601.Menn var myndige 20 år gamle fram til 1618, då lagalderen blei sett til 25 år. Kvinner var ikkje formelt myndige, men kunne likevel opptre som om dei var det i ulike sammenhengar.Den Aage Trondsen som eigde jord i Romsdal 1519, kva er kilda, kva heitte garden?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Etter O Olafsen (Veøy II, s 139), skal det ha stått følgande i skiftet 1679 (i hans språkdrakt): ''Odelsgaarden Horsgaad havde hun efter Audun Aagesøn; den var gammel odel efter hr. Anders i Tingvold.''

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Kjelda som oppgir Aage Trondsen som jordeigar i Romsdal 1529 er Jørgen Olafsen Holm (Bolsøyboka - kap. 30 Kaneætten og Aspøyætten i Romsdal s. 516).Fra skiftet 1679:'Hvad sig belanger om Odelsgaarden Haarsgaard som er arfuet efter Sal. Ouden Aagesen kan icke widere eractes end dend at følge rette arfinger, som er de thvende Samføde Søschen til Fader og Moder efter Norges Laug eftersom det er gammelt Odel ud af Sal. Hr. Anders paa Thingvolds Green.'Skulle gjerne visst meir om denne presten, men eg har ikkje Tingvollbøkene (av Hyldbakk?).Et annet interessant dokument når vi skal tidfeste den første hustrus død er fra 1709 4/6. Da var det grenseoppgangsforretning mellom Reknes og Moldegård: ... 'nu boende paa Molde Ladeplads, en Mand 55 Aar...' Dette er Ouden Oudensen, som altså må vere født rundt 1654. Videre blir det fortalt i Malene Eliasdatters skifte 1686 at hun var Oudens 'Stifmoder'. Ut fra dette ser det altså ut til at Ouden Aagesens første hustru må vere i live i allefall først på 1650-tallet.Ei anna interessant opplysning som kjem fram under denne grenseoppgangen er at Aage Aagesen var 'en Broder af Ouden Aagesen, og videre at Aage eide 1 pd 3 ml. i Moldenes under Moldegaard, som han pantsatte til sin Broder Ouden, der senere tilbragte sig den' Efter Oudens død, i 1669 (skifte)betalte Aages Hustru nevnte 1 pd 3 ml., og solgte det senere til Amtmand von Ahnen. Det synes derfor å vere dette jordegods Margrethe Jorrisdatter Noon 1692 1/3 selger til Ahnen. Eit indisium på at ho var Aage Aagesens hustru.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Erlandsen har Anders Pedersen, f. 1585 på Akerø, hvor hans far var prest og han døde i 1655. Gift med Margrethe Jensdatter. Dahl nevner sønnene Jens og Isak. Det står ikkje nemnt nokon døttre, men som Per Nermo nemner så opererer i allefall sekundære kjelder med ei datter.Anders betalte også 1/8 part for odel i Helgeland ii 1640-årene.(Løgberg, Røberg, Swkar og Stanne 1/2 våg i Ranen). Kanskje det er dette godset som senare nevnes som eid av Ouden Aagesen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×