Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#22222] Steffen Larsen (1830 Hamre) og Kari Torstensd (1834 Sogndal) - lagnad i Bergen?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Steffen Larsen, oppgjeven å vera fødd i Hamre, kan henda i Eikangervågen(?), 28.4.1830, gifte seg første gongen i Bergen 14.3.1858 med Kari Torstensdotter, fødd i Sogndalsfjøra i Sogndal 23.12.1834.* FamilySearch fortel om ein Steffen Larsen fødd i Hamre 28.5.1830 og døypr 31.5.1830 som son av ein Lars Nilsson og Anna Steffensdotter. Kan opphavet til Steffen stadfestast?Steffen og Kari busette seg i Steinkjelderbakken i Bergen der Karen døydde 26.9.1868. Steffen gifte seg sidan att og døydde i Madsens smug på Nordnes i Bergen 10.4.1894.Steffen og Kari fekk fire born:1) Anna Marie Steffensdotter Larsen, fødd i Bergen 30.3.1858, nemnd i 1865, elles ukjend.2) Lars Steffenson Larsen, fødd i Bergen 14.3.1860, død i Bergen 26.10.1860.3) Karen Larsine Steffensdotter Larsen, fødd i Bergen 26.3.1862, død i Bergen 9.8.1871.4) Marie Thomine Steffensdotter Larsen, fødd i Bergen 26.9.1866, nemnd i 1875, elles ukjend.* Kan nokon hjelpa meg finna lagnaden til dei to døtrene Anna Marie og Marie Thomine? Ei ættling av Kari Torstensdotter planlegg å vitja Noreg og leiter etter nolevande etterkomarar!!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Ludvig Kvamme

I bygdebok for Hamre, Vassbygd og Eikanger skulekrinsar av Egil Hopsdal, Sverre Helland, Arne Fyllingsnes står dette under gården Øvre Eikanger, br.7: Lars Nilsson Eikanger, f. 1795 d.1867, g.1823 m. Anna Stephensdtr. Høyland, f.1798 d.1887. Barn:Nils, f.1824 d.1884. Neste brukar.Ingeborg, f.1827 d.1887 g.1857 m.Ole Vikingson setre i Hamre,f. 1828 d.1859. Busett Eikanger. 1 barn. Ingeborg attg. 1868 m e.m. Johannes Monsson Eikangerlid, f.1821 d.1900.Kari, f.1829 d.-år ukjend, g.1856 m. Berge Olson Langeland i Hosanger, f.1836 d.1887. Busett Leiknes. Born.Steffen, f.1830 d.1894, g.1858 m. Kari Thorsteinsdtr. Pedersen frå Sogndal, f.1836 d.1868. Busett Bergen. Born. Steffen attg.1871 m.Barbro Olsdtr. Jakobsen frå Bergen, f.1849 d.1933. Born.Iver, f.1832 d.1910, g.1857 m. Marta Olsdtr. Heltveit, f. 1827 d.1905. Busett Strømme i Fana. 2 born. Mons, f.1840 d.1892Gjertrud, f.1843 d.-år ukjend, g.1870 m. Ole Johannesson Eikangerli, f.1842 d.1920. Busett USA.Etterkommere etter Nils 1824-1884 bor på gården idag. Navn på disse finner du i bygdeboken.Mvh. Johan Ludvig Kvamme

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan og Elin for interessante innlegg.Då ser det ut til at me må søka ''over dammen'' etter dei to døtrene, og det vert sikkert ikkje so lett...Elles stussar eg litt på opplysningane om andre kona til Steffen Larsen. Eg har ho oppskrivi som Barbro Amalie Olufine Olsdotter (Jacobsen), fødd i Bergen 2.10.1848 og at ho nytta Amalie til dagleg. Du seier ho døydde i 1933. Då må det vel vera Barbro Larsen som døydde 12.5.1933?? Men er dette bevist?Då står me berre att med spørsmålet om fødselsdatoen til Steffen, 28. april eller 28. mai 1830?Nok ein gong hjarteleg takk for gode opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

På FamilySearch IGi står fødselsdatoen som 28.05.1830 og dåpsdato 31.05.1830. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har no fått ei stadfesting av fødselsdatoen til Steffen Larsson gjennom den digitaliserte kyrkjeboki for Hamre, so problemet med denne datoen er endeleg løyst.Men, medan det synest vanskeleg å finna att dei to døtrene til Steffen og første kona Kari, som utvandra til Amerika, syner det seg at dødsdatoen til andre kona Barbro Amalie Olufine Jacobsen (jmf. innlegg #2) er feil. Ho som døydde i Bergen i 1933, er ei anna Barbro, so spørsmålet kjem då attende:* Kvar vart det av Barbro Amalie Olufine, òg kjend som Amalie Larsen, etter at Steffen døydde i 1894? Ho er ikkje å sjå i FT1912 for Bergen, so truleg var ho avlidi før...?Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter litt meir leiting har eg sjølv funne dødsfallet til Amalie Larsen. Ho døydde i Bergen 20.6.1902, og med dette er problemet løyst!No manglar eg ''berre'' lagnaden til dei to døtrene frå første ekteskapet til Steffen, som utvandra til Amerika:* Anna Marie Steffensen/Larsen, fødd i Bergen 30.3.1858, utvandra i 1882, og* Marie Thomine Steffensen/Larsen, fødd i Bergen 26.9.1866, utvandra i 1884.Merkeleg nok er ingen av jentene nemnde i dødsmeldingi til far deira frå 1894, men dette treng ikkje tyda at dei var avlidne...?Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.