Gå til innhold
Arkivverket

[#22475] Tøger Pederson og Gjertrud Christensd - g. ca. 1802 Bergen? - borni deira?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Tøger Pederson, døypt i Hafslo 23.6.1771, son av Peder Tøgerson Lad og Martha Clausdotter Bruheim, gifte seg kring 1802, rimeligvis i eller nær Bergen(?), med:Gjertrud Christensdotter, truleg dotter av Anna Malene Alberg og stedotter av Tollev Sem Ellingson, høker og vertshushaldar i Bergen. Gjertrud var fødd kring 1779, kan henda i Sunnhordland.Fram til kring 1810 budde Tøger og Gjertrud hjå mori og stefaren hennar i 11. rode nr. 242, men flytte då til Hafslo. Tre born var fødde i Bergen:* Petter Christian Tøgerson, døypt i Bergen 21.6.1801* Anna Malene Tøgersdotter, fødd i Bergen 16.6.1803* Tollev Sem Tøgerson, fødd i Bergen 19.1.1807Ei yngre dotter Martha var fødd i Hafslo i 1818.Gjertrud Christensdotter døydde i Hafslo i 1835, og då levde att berre dei to yngste borni, Tollev og Martha.Spørsmål:- Kan nokon hjelpa meg finna vigsli til Tøger Pederson og Gjertrud Christensdotter, mellom 1801 og 1803, rimeligvis i eller nær Bergen?- Kan nokon hjelpoa meg finna dødsfalli til dei to eldste borni, Petter Christian og Anna Malene, rimelegvis i Bergen?- Og skulle nokon sitja med opplysningar om opphavet til mori Gjertrud Chistensdotter, so ville det vera særleg velkome!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips i denne saki og vonar på gjennombrot!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Kommentar til Margaret: Eg har saumfare kyrkjebøkene for Bergen by, men førebels ikkje vore i stand til å finna desse opplysningane!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne få turka bort litt støv av dette spørsmålet, som framleis står uløyst. Det er merkeleg at vigsli til Tøger og Gjertrud ikkje er å finna nokon stad. Likeins er opphavet til Gjertrud framleis eit mysterium, liksom dødsfalli til dei to eldste borni.Eg lever framleis i voni og takkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.