Gå til innhold
Arkivverket

[#22598] Søk i FT. 1930 i USA


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Hei. Er det nokon som kan slå opp på ein Stanley H Johnson 46 år(eg har funne han på Ancestry.com)b.s. i Tompkins county(N.Y.) i 1930. Skulle gjerne visst om kona heiter Mary, og om dei evt. hadde born.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Rustad

Det var vanskelig å tyde navnet; men ved å gå på alle Johnson i twn.s'et fikk jeg bekreftet det jeg leste av.Wife Lon C. alder 45Om det er Mary du er ute etter, har alder, fødested,bosted og event. imigrasjonstidspunkt på henne er det jo en mulighet til å finne henne selv om du ikke vet hva hun het som gift.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk skal du ha Tor!Det er ikkje noko enkel 'sak' eg har føre meg no. Min oldefar sin bror for til USA, han gifta seg med ei svensk dame, fekk to born, ein gut og ei jente. Han døyr i ei forferdeleg ulukke i 1912.Jenta heitte Sarah, ho gifta seg med William F Lindner, då mor hennar(Edith/Eda/Ada Larson) døydde i 1937 står det berre nemnd sonen i nekrologen, ingenting om dottera.I 1968 døydde både Sarah og mannen hennar med nokre få mnd. mellomrom, i nekrologane står det kun nemnd ei som vert kalla 'Mrs. Stanley Johnson in Ithaca, NY'.(eg ringde til eit bibliotek i Ithaca igår og dei fann tlf.katalogen for 1968, og kona til Stanley heitte Mary)Det var ingenting nemnd i nekrologane om at Sarah var tante til to born som budde i MN, og at ho hadde ein bror og svigerinne der.Det som eg altså gjerne skulle visst er om det hadde vore mogeleg å finna fam. Stanley Johnson. Kanskje det er nokre etterkomarar som veit noko...Men det er sikkert ein heilt umogeleg jobb, for eg har ingen datoar/årstal å halda meg til....Venleg helsing Mariann.PS:Mary var forresten enke i 1968.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Dette var ikkje noko enkelt nei.Kona heitte forresten Mary K Johnson i 1968.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Rustad

Det er vel fortsatt mulig at den Stanley du fant er aktuell??Jeg har jo image'n og han bodde i Ithaca.... han kan vel ha blitt enkemann og giftet seg igjen med din Mary??Tankespinn; men alikevel grunn til å sjekke videre. Din Mary er nok uansett død nå (Den Stanley og Lon jeg fant var hhv 46 og 45 år i 1930)Uten at jeg har sjekket det: Kanskje lar det seg gjøre å finne henne som død? SSDI / obituries? Hun har selvsagt et alt for vanlig navn; og fødselsdato er ukjent, så om det skal gå er det vel en forutsetning at hun døde i Ithaca, N.Y.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei igjen Tor. Eg har sett på _alle_ 789 Stanley Johnson, for å prøva å finna ein aktuell, men utan meir enn 'død før 1968' er det umogeleg, fordi det sjølvsagt ikkje var nokon av dei som var død i Ithaca :-)Der er faktisk ikkje meir enn vèl 100 Mary K Johnson, men der er det heller ikkje nokon som er død i Ithaca....Eg har hatt desse opplysningane i ca.2 år, og har ikkje prøvt før no å finna ut noko meir. Eg har nok ant at det ville 'butta' imot....Eg har iallfall prøvt :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Rustad

Og det du har forsøkt stemmer; jeg har akkurat gått gjennom både SSDI og obituries.Jeg kan ikke noe om det; men finnes det muligheter i adresselister; skatteprotokoller eller annen offentlige arkiver?Det er sikkert noen her som kan svare på det!Slik jeg forstår det levde begge i 1968; så nå er vi i 'nyere tid' - på godt og vondt for slektsgranskere.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk til deg Tor.Det er mogeleg å skriva ein 'request',(det var kun 'goodwill' som gjorde at ho leita opp i tlf.katalogen hin dagen :-) mot betaling, til det biblioteket som eg ringde til på laurdag. Eg får sjå kva eg gjer....Mary K var enke i 1968.(eg har skreve det i tidlegare innlegg :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Rustad

Skulle ingen andre gode forslag dukke opp så er nok 'requst'n' det beste.Lykke til - og hold oss orientert??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

OK, request`n er sendt. Hadde eigentleg tenkt å venta til 'ein annan gong', men det er noko med å smi medan jarnet er varmt...Inntil vidare, Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Mariann Stokken

Det var ikkje mogeleg å finna ut noko meir om denne dama... Beklagar at eg ikkje har skreve dette før, men når det svaret var negativt, så ......Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Mariann Stokken

Nokre gjev aldri opp :-)Eg er utan tvil av den sorten!Sidan eg ikkje har anna info. om Sarah (Larson) Lindner enn nekrologen hennar(og mannen hennar), og det ikkje var kontakt mellom syskena, så har eg ikkje klart å leggja dette vekk!Tok kontakt med eit 'Public Library' i Rocky River, der eg traff på ei hyggeleg hjelpsam dame(som forresten hadde bestemor frå Norge som ho ikkje visste noko om, kven fekk seg endå eit oppdrag då :-))) det kjem eg mogeleg tilbake til i eit anna tema).Iallfall har eg idag motteke ei 'budde' med papir(testament!!!)med div. opplysningar om Sarah og mannen.Der står det at Mary K. Johnson, som var ein av arvingane til Sarah(og William), hadde to døtre Mildred og Patricia Johnson. Dette vart skrive i 1952, Mary K. var forresten allereide då enke!Er det mogeleg å finna ut av dette? Desse døtrene _kan_ jo vera fødde før 1930, men det er vel ikkje særleg sannsynleg. Mary K. budde forresten i Grand Rapids, Michigan, då testamentet vart skrive i 1952(men i 1968 altså i Ithaca, NY).Kanskje dei er å finna der i 1930?Må gjerne senda meg ein e-post, visst dette vert for 'ungt' mastokk2alfakrøllonlinepunktumnoVenleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Eg gløymde å skriva at denne Mary K. sannsynlegvis heitte Lindner før ho gifta seg(det står i testamentet at ho er niesa til William).Det hadde vore glimrande visst nokon kunne funne denne dama i 1930 Census, då hadde eg fått sånn ca. f.år(om ikkje nøyaktig), og kunne på den måten lettare funne ho i SSDI. Far hennar heitte sannsynlegvis John G. Lindner.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Rustad

Hei igjen Mariann!Jeg tillater meg å legge inn noen kopier og lenker for å se om jeg tenker rett; det er greitt å ha 'oversikten'Er dette Sarah i 1900:Name: Sarah E Larson Home in 1900: Grand Rapids Ward 10, Kent, Michigan Age: 4 Estimated birth year: 1896 Birthplace: Michigan Race: White Relationship to head-of-house: Daughteriflg. imagen er faren Christopher, f. i Norge, moren Ada, f. i Sveige.Sarah f. nov. 1895, dessuten en bror f. 1893.Når jeg forsøker å finne henne i 1920 finner jeg noe pussig her (er nok kanskje ute av kurs, men ...)1920 United States Federal Census Record about Sarah Elizabeth Fankins Name: Sarah Elizabeth Fankins Age: 24 years Estimated birth year: abt 1896 Birthplace: Michigan Race: White Home in 1920: Dallas Precinct 100, Dallas, Texas Sex: Female Marital status: Married Relation to Head of House: Wife Able to read: Yes Able to Write: Yes Mother's Birth Place: Sweden Father's Birth Place: Norway Image: 178Mannen heter William F...., er født i Michigan.I 1930 finner jeg en Sarah og William i Ohio som kan stemme med dine opplysninger:Name: William F Lindner Age: 35 Estimated birth year: abt 1895 Birthplace: Michigan Relation to head-of-house: Head Spouse's Name: Sarah E Lindner Race: White Home in 1930: Shaker Heights, Cuyahoga, OhioSarah's mor er notert som svensk, faren norsk.Dette blir kanskje noe rotete; men: Slik jeg forstår det må dette paret ha vært barnløst: I 1930 har de vært gift i 11 år, ingen barn da.Mary K. i (13), var hun av William Lindners slekt?Er jeg på villspor?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Rustad

Beklager; nå ser jeg jo at slektskapet Mary K./ William er belyst i (14)Da er det jo klart at det bare er å gå på å lete; jeg var bare ikke klar nok i 'hue' til å skjønne at du ville finne sidegrener til William.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Jepp!! Du har helit rett Mr. Rustad!!!Takk skal du ha, det er fyrste gongen eg ser at Sarah og mannen finnest i FT 1920!! Eg har f.attesten hennar, bilete av henne og broren ca. 2 og 5 år, eg har sett henne i Ft 1900-1910-1930 div. Directorys, nekrologen hennar, _men_ ikkje i 1920, hadde heller ikkje opplysningar om dei etter 1930(utanom ein kort nekrolog) før eg fekk kopi av testamentet idag.Eg har prøvt, men ikkje vore kreativ nok tydelegvis :-)Det var sjølvsagt ikkje så viktig, men veldig artig!!Og ja, Mary K var niesa til William, eg skreiv det i forrige innlegg, men eg skriv nesten like mykje som eg pratar, så det er ikkje så enkelt å få med seg alt :-))))))Takk igjen for ei heilt OK oversikt(det kan iallfall eg sei som allereide har oversikta :-)Venleg helsing Mariann.PS:Kanskje du klarar å finna mora og? Ada/Edith/Eda (som _eigentleg_ heitte Ida Sophia frå Sverige) Larson, ho vart enkje i Grand Rapids,MI i 1912, og er seinare 'funnen' igjen i Duluth, MN, der ho også døydde i 1937.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Eg må innrømma at eg har bestilt eit 14 dagears abb. på Ancestry.com(no nettopp), ikkje på grunn av dette, men pga. ei _kjempenøtt_ frå USA!! Eg _måtte_ berre sjå Census`n sjølv!! Det hjalp ikkje kva 'dama i USA' sa :-)Så eg har vore inne på sida som du fann(korleis klarte du det???), og sett. Eg er ikkje einig i at det ser ut som ein F, ville heller sagt L, og visst du ser på eit namn som står nokre liner under. Laurence trur eg det står, det byrjar med same krusedullen som 'Fankins'.Og visst eg legg ekstra mykje godvilje til(og forstørrar heilt opp), så kan det verta noko tilmerma Lindnas e.l. :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Rustad

Hvordan jeg fant dama i Texas i 1920: Enkelt...søk på Sara* + fødselsår +/- 2 år + fødested Michigan + fødseted på far + fødsetd på mor.Men jeg trodde jo knapt det jeg fikk opp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk, men imigrasjonen er grei den, den fann ei hjelpsam og kreativ dame på eit eller utvandringssenter i USA :-)Det eg tenkte på var Census 1920, som sagt: det er ikkje viktig, berre moro :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Mariann Stokken

Sjå tilbake på innlegg (13)og dei føregåande. Eg har funne ut av det!!MKJohnson er faktisk i live!! 91 år gammal, eg fekk brev frå henne igår der ho fortel det vesle ho veit om syskenbarnet til bestefar(som var tanta til mannen hennar), kva 'menning' vert det til meg :-)Takkar for alle gode forsøk på å hjelpa!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

issj, kor eg rotar! MK Johnson er niesa til mannen til Sarah(Larson) Lindner, så Sarah og William var altså tante og onkel til MKJohnson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.