Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Leiv Magne Apelseth

[#22679] Lagmannen Eindride Simonsson og slekta hans i Nordfjord

Recommended Posts

Gjest Leiv Magne Apelseth

Eg ser at det finnast ei 'mengd' diplom som omhandlar Eindride Simonsson og slekta hans i Nordfjord . Vi får vite ymse om gardar han he eige i og oxo ein del om slekta hans , alt fra kona Helga til søstre , frendar og til dottersonen Andress . 2 diplom står sentralt og det er testamenta hans ,1 del i 1335 og 2 del i 1337 . No finnes det mange diplomer fra Nordfjord fra seint 1200 tall og utover som omtaler personar med navn som Simon og Eindrid og enda fleire gardar ..... Er det nokon som har granska denne slekta og som vil dela kunskapen sin med meg ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solli

Eg har berre funne ein Eindride (Æindirid) mellom 1360 og 1570 i Nordfjord:DN 6, 391 1414[url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=6124&s=423&str=>LenkeOm brørne Simon, Eindrid og Erling Steinbjörnssönner er etterkommarar av Eindride Simonsson kjenner eg ikkje til men namnelikskapen skulle tyde på ein samanheng.DN 1, 233, 1335 LenkeDN 2, 243, 1337

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Hei Arne og Tor , Jau kan bli intressant og nøste litt i desse slektene.Det kan sjå ut til at vi kan spore samme slektskrinsen fra sist på 1200-tallet og utetter til 1500 tallet berre ved hjelp av diplometariet. Fleire av diploma innheld mange navn på personar og gardar og i ein del av diploma får vi også vite ein del om slektskapen personane i mellom . Eg har så vidt starta på eit møysommeleg arbeid med å samle sammen diplomer som kan være aktuelle .I tilleg til dei dykk har laga lenkje til så har eg funne 8-10 diplomer til som kan være intressante . Eg kjem attende med meir når eg har noko konkret ! Til Arne : Det kan sjå ut til at Eindride navnet går ut av den delen av slekta som vart att i Nordfjord . Men vi har fleire forekomstar av sunnive(a), simon , helge og elin som det kan sjå ut høyrer med til samme slektskrinsen . Vi får sjå ... ! Til Tor : Hilde eller Elde , tja det er ikkje godt å sei , men eg ser at i eit diplom av 13 Juni 1490. Sted: Vik [Nordfjord.] så har ein person seinare fra 1600 tallet skrevet Hilden !Men eg reknar med at dette og meir kan vi avklare når vi har fått litt meir tid på oss . ps. eg må læra meg å laga slike lenkjer til diploma (',) vh Leiv Magne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Kvien

Aaland mener at Leikvin (Løkja) på Naustdal i Eid sogn var 'ættegarden' til Endride Simonssön lagmann. Nå regner jeg med at navn endrer seg over tid, men søker du på Endre i folketellingen for 1660 finner du 11 forekomster hvor de aller fleste er fra området rundt Leikvin. Dette kan selvfølgelig være en tilfeldighet, men kanskje værdt å se på?Når jeg tror Elde (Ældu) kan være riktig, er det bl.a. fordi f.eks. Myrold, Aardal og Humborstad som han også eide, ligger i samme retning geografisk, dvs. ytre Nordfjord. Aaland har også plassert Ældu til Elde. Dette er selfølgelig ikke noe bevis, men hadde det ikke vært gjort en anmerkning med Hilde og et spørsmålstegn i avskriften av diplomet, hadde vel ikke dette vært et problem. Endre er forresten i bruk på gården Årdal på 1700-tallet.Å lage lenker er enkelt - du bare merker den aktuelle lenken i nettleseren din, et høyreklikk og 'kopier', deretter limer du den inn i teksten. Den blir automatisk forkortet til 'lenke' når den er over en viss lengde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Hei Tor.Når Aaland foreslår Leikvin (Løkja) , bygger han det kansje på desse tre diploma : Dato: 6 Marts 1311. Sted: Bergen. Dato: 14. mai 1311. Sted: Bjørgvin. Dato: 20 juni 1312. Sted: [bergen.]

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Kvien

Ja, Æindriði a Læykuin logmaðr j Berguin, eller Eindride paa Leykvin (Lekve), Lagmand - er brukt her: LenkeEn Lodin bonde skrev seg også til Leikvin på 1200-tallet, uten at det behøver å være noen forbindelse. Bygdebøker og diplom på internett, som er det jeg har tilgjengelig, er vel et litt dårlig grunnlag for seriøs forskning. Gården Leikvin ble senere sorenskrivergård, og er i dag bedre kjent som Galleri Leikvin. Leikvin hører til Eids sogn, og i sitt testamente ser vi at Einride ber om å bli gravlagt i Eids kirke dersom han dør i Nordfjord.Om du klarer å få fram noe om denne personen og hans slekt er det flott.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Mellom eignelutane som Hr. Eindride Simonsson Lagmann testamenterte bort i 1335 Lenke var bygarden Bøtagard i Bergen . Det var søstra Elin (Simonsdatter?) som då fikk hand om den . Bøtagard vart i 1408 lagt til Mariakirken i Bergen av tyske kjøpmenn 'sjå Knut Helle`S Bergen by`s historie BI s. 699' Bygarden var då blitt 'opphuset' ant. etter storbrannen som herja i Bergen i 1393 .Er det nokon som veit om det kan finnast noko kjelde i Noreg eller t.d. i Tyskland som kan kaste lys over ein event. handel mellom arvingane til Eindride Lagmann og tyske kjøpmenn i tida 1335 - 1408 ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

I Kontorets arkiv ligger det noe materiale om gamle erhvervelser av eiendommer. (Jeg vet ikke om det gjelder akkurat denne eiendommen.) Den nye katalogen ble for et par år siden utgitt av Archiv der Hansestadt Lübeck. Arkivet er delvis filmet/scannet av studenter fra Bergen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Hei ToreTakkar for god og nyttig info , den der skal eg gå etter . Det kan nok skjule seg mangt i ei slik samling vil eg tru .lm

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Jeg har selv sett at det i dette arkivet (som er i Lübeck) finnes mange dokumenter fra 1500-tallet vedr Bergen som ennå ikke er utgitt, og heller ikke anvendt i forskningen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Eg har sjekka litt rundt ang. det arbeidet som du nemner under innlegg nr. 9 Tore , og det er gjort ein heil del arbeid kring dette materialet . Noko av det har vel kansje vore brukt på temakveldane (Onsdagskveldar på Bryggen museum)? http://www.fou.uib.no/fd/1996/f/004001/index.htm Eg berre håpar på at det blir gjort tilgjengeleg også for oss/meg som ikkje har ein fot innanfor det faghistoriske miljøet .

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Først !... Tabbe av meg å lage to tema som eigentleg omhandla samme karen og slektskrinsen hans ( sjå 23041 ). Beklager det !Omlag 20 år etter at vi antar Eindride Simonsson trekte sitt siste sukk ( ca 1337-8 ) , så dukkar det opp ein Peter Håkonsson som innehavar av ei jord i Sunnfjord som ein Brynjolv hadde pantsatt til Eindride Simonsson . I 1355 [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=346&s=273&str=>Lenke løyste Hr. Jon Brynjolvsson inn 11 mmb , i 1358 Lenke løyste Jon inn 7 mmb i samme jorda frå Peter Håkonsson . Dette er jordegods Eindride Simonsson satt med , Men som ikkje er nemt i Testamentet 1335 Lenke eller testamentstillegget 1337 Lenke . Om dei 18 mmb då ikkje på eit eller annan forunderleg vis inngår i dei 24 mmb som Eindride hadde uteståande hjå biskop Håkon ? i 1337 . Om så ikkje er tilfelle , er det enda ein grunn til anta at noko av testamentet åt Eindride er komen bort ( Hovudgarden Leikvin i Eid i Nordfjord er heller ikkje nemt i testamenta ) Kan det enda finnast materiale fra denne tida som fortsatt ikkje er prenta , og som nokon veit noko om ? Tenkte først og fremst på stoff knytt til bispestolen i Bergen .Peter Håkonsson avhenda meir jord i same tida , nemmeleg heile 36 mmb (etter gamalt) i Hustad i Hjørungfjorden på Sunnmøre Lenke . Denne jorda har kansje ikkje noko med Eindride Simonsson å gjere , men er med på å syna godsmengda som ''slektningen ?'' Peter Håkonsson satt med like etter svartedauden . Hr. Jon Brynjolvsson som i to omganger innfridde farspanten i Eikenes i Sunnfjord er vel same mann som i denne tida satt i riksrådet vil eg tru Lenke , og sikkert nok sammen karen (men utan herretittel)som i 1344 var kjøpsvitne hjå Erling Vidkunsson i Giske

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Nei vel ! Då lyt eg vel tenkje høgt ei stund til ... Altså , i 2 brev (1355 og 1358) ref. ovanfor kjøpte Hr. Jon Brynjulvsson tilbake fra Peter Håkonsson eit pant på 18 mmb i Eikenes i Sunnfjord , som Jon`s far Brynjulv hadde gitt til Hr. Eindride Simonsson .Kven var så Hr. Jon Brynjulvsson og Peter Håkonsson ?Hr. Jon Brynjulvsson : Eg tar til med eit sitat frå Knut Helle`s Bergens by`s historie bn 1 s. 296 “”Navnene Brynjolv og Jon går senere igjen i den lendmannsætten som fikk sete på Kvåle i Sogndal , der Brynjolv Jonsson tjente kongene Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøtar “”... vidare “”vi hører at han eide herberge i Bergen i 1244 , sannsynligvis var dette Brynjolvsgard”” Mest truleg må vi til denne ætta for å finne Hr. Jon Brynjulvsson`s opphav. Det bør også nemnast at det i 3 brev i åra 1280 - 1295 blir nemt ein baron med samme namn , og som kan høve tids og standsmessig som vår Jon B. sin bestefar og Brynjolv Jonsson på Kvåle sin son Om baronen høyrte til ætta på Kvåle veit eg ingenting om , og det er sikkert mange som har større innblikk i denne ætta enn det eg har . Men eg tar gjerne i mot innspel på teorien .Når eg skal prøve å få til ein teori kring opphavet åt Peter Håkonsson blir det enda litt meir komplisert . Men nokre svake indisier kan finnast , men eg skal innrømme at eg her nok er på syltynn is . Men utan å ville prøva ut ein teori , ja så kjem eg i allefall ikkje vidare ! Eg antyda så vidt i innlegg 13 at dei 18 mmb i Eikenes (Brynjulvspanten) kan ha inngått i dei 24 mmb (helst meir) som biskop Håkon skylda Eindride Simonsson (Eindrides testamentsupplement 1337). Peter Håkonsson kan godt vera biskopen sin son . Biskopen sitt patronym var Erlingsson , og det fulle namnet vart då Håkon Erlingsson . Eg er no i arbeid med å gå igjennom dei nær 250 breva der biskop Håkon er involvert , og har berre så vidt fått ein peikepinn på kva som står om han i dei . Eg kan nemna pavekorreks for øydsling av midel og vanskjøtsel av embetet sitt , for nemna noko . Han opptrer også strengt mot prestane i bispedømet og frådømmer 2 av dei stillingane p.g.a. frillehald. Det skulle vel då kanskje være eit indisie mot at han hadde ein son Peter . Men han har fortid som korsbroder og magister i Bergen , og om det var vanligare bland disse standane å ha barn veit eg ikkje . Opphavet åt biskopen har eg enda ikkje klart å spore . Bergen by`s historie bn. 1 nemner Håkon fleire stadar , men ikkje opphavet hans . Der står heller ikkje noko om opphavet hans i J.Cappelens forlags Norges Historie med Knut Mykland som redaktør 1986 3. Opplag . NBL har eg ikkje fått sjekka ut enda . Vi lar biskopen liggja litt , og leitar fram at brevet som omhandlar Eikenes i 1380 (lenke 3 i innlegg 13 ovanfor). Der får Ingebjørg Erlingsdatter bl. a. 7 laupsbol av far sin Erling Einarsson i Eikenes . I Odd Handegårds ''Vår felles slekshistorie'' s. 234 blir det gjort eit forsøk på å sette opp ei etterkomartavle kring Erling Åmundesson (Hildegaard) og Ingebjørg Erlingsdatter (Giske). Der blir Erling Einarsson gjort til soneson av dette paret , og der også som i brevet har han ei dotter Ingebjørg . Kanskje kan vi og finne opphavet til biskopen i denne slektskrinsen . Men alt dette er kun lause tankar og prov vantar , eg er open for dialog kring dette ...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Hei Tor .Jau ditta brevet har eg hendvisning til i innlegg nr.13

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Kor god er kvaliteten på transkripsjonen av breva i DN ? Eg har ved fleire høve stussa over både namnattgjevinga og samanheng i breva . Sist no er eit brev datert (3 August? ) 1313 [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=3582&s=101&str=>Lenke . Det er By-lagmannen i Bergen Eindride Simonsson som kjøper ein gardpart i Nordfjord av eit ektepar , og der kvinna har fått det utrulige farsnamnet SPYTUNSDATTER ! Vidare har eit av vitna Ogmund , fått tilnamnet GOPE ! Verken Helga Spytunsdatter, Spytun eller Gope er å finna att nokon annan stad i heile DN ... Dette får meg til å lure på om det ikkje må vere ein feil i transkripsjonen av brevet . Hadde der stått Helga SIMONSDATTER og Ogmund LOTE så hadde det i allfall gitt ei betre meining . Eg er fullt klar over at dette kan framstå som rein ønsketenking frå mi side , men heilt grunnlaus er likevel ikkje teorien . Teorien kan til dels underbyggjast med at ein Ogmund Lote opptrer i Nordfjord 1320 åra : Lenke og Lenke I Eindrides testament 1335 eller 1336 Lenke står det at han vil ha gravplass der ''Hælgha min liggr'' . Eg og mange med meg har gått utifrå at dette viser til kona Helga , men slik treng det ikkje om å vere . Det kan vel like gjerne vise til ei søster Helga , ei anna Helga eller rett og slett til ein Helge ? Eg har sett mannsnamnet Helge skrevet som “”Hælgha”” i m.a. dette brevet : Lenke I eit anna brev der Eindride opptrer :

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Ein stor takk til Gunnar I. Pettersen e.f. førstearkivar ved Riksarkivet for at han tok seg tid til å sjå på diplomet ein gang til ! Eg legg ved heile svarteksten frå Riksarkivet for å unngå eventuelle misforståelsar :Eventuell nytolking av diplomNår det gjelder saksinnholdet i det aktuelle diplomet, trykt i DN IV nr. 104, så er gjengivelsen i Regesta Norvegica b. III nr. 872 helt dekkende. Brevet befinner seg i Universitetsbiblioteket i Bergen. Riksarkivet har et etter måten bra fotografi av brevet, som synes å være i god forfatning, og det har stort sett godt leselig skrift. På fotografiet kan vi tydelig lese navnet ”Ommundr gope”. Tilnavnet gopi er registrert hos E.H. Lind Norsk-isländska personbinamn från medeltiden, Uppsala 1920-21, sp. 115 – nettopp på grunnlag av dette brevet. Navnet ”Hælgu” er også tydelig. Når det gjelder Helgas etternavn, er fotografiet – og vel også brevet – nokså mørkt i dette området. Vi mener det er uproblematisk å lese ”spyt[..]s dottor”. Bokstaven(e) markert i skarpe klammer vil vi ikke påta oss å tyde ut fra fotografiet. Det kan imidlertid ikke være tale om Simonsdatter. ”Spytun” eller lignende er ikke registrert hos E.H. Lind Norsk-isländska dopnamnock fingerade namn från medeltiden, Uppsala 1916, noe som vel må bety at Lind ikke har fått noe fornuftig ut av dette..... so langt Spytundatter og Gope !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Testamentet og testamentsupplementet 1336/37 (sjå lenkjer i innlegg 2) til lagmannen Eindride Simonsson .Kan ein finna ut noko meir ang. dei slektningane lagmannen nemner der ? Kanskje kan det prøvast med ein noko radikal teori !Tre av dei som er nemnde i testamenta er søstera Elin , systersonen Olav og ein Sigurd orre . Dette er som sagt i 1336/37 . I 1338 føregår det ein jordehandel ang. Søre Bjørkedal [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/regest_vise_tekst.prl?b=4813&s=&str>Lenke Der er det nokre brør som forlikte seg med Sigurd i Bjørkedal og kona Elin . Geografisk sett er gardane i søre Bjørkedal og Eid nabogardar , og Bjørkedølane brukte nok meir Eid som marknadsplass heller enn Volda/møre fordi Eid låg meir lagleg til . Og nettopp på Eid var det Eidride mest sannsynleg (jf. testamenta) hadde sitt opphav , og då også søstera hans Elin Simonsdatter . Det er då svært nærliggjande å tenke seg at kona (Elin) til Sigurd i søre Bjørkedal er den same som søstera til lagmannen . Det er heller ingenting i vegen for at Sigurd orre i testamenta er den same som Sigurd i søre Bjørkedal . Eg vil elles påpeike det faktum at Eindride Simonsson i 1323 selde ein grunn i Bergen med eldhus mm til ein Bård Jonsson og ein Jon Ivarsson . At denne Bård Jonsson kan vera den same som Bård Jonsson i Bjørkedalsbrevet i 1338 (sjå første lenka i dette innlegget) held eg som svært rimeleg . Kva so med Olav (Eindrides systerson i testamentet) , det er ikkje utenkjeleg at han er den same som opptrer på vegne av herr Erling Vidkunnsson (Giske/Bjarkøy) i Veløy i Romsdalsfjorden her Lenke , og som då sjølvsagt passer så altfor godt som faderopphav til Eiliv og Sigurd Olavssøner i Bjørkedalen her Lenke og her Lenke Det finnast fleire døme på samrøre mellom Bjørkedal og Eid , t.d. har vi ein kar som går att på begge plasser . Rikard Jonsson finn ein her Lenke og her

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Eindride Simonsson selde i 1333 (IKKJE 1323) ein grunn i Bergen med eldhus mm til ein Bård Jonsson og ein Jon Ivarsson Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

HeiVært å se nærmere på? Har du noen gang lurt på om søsteren Elin Simonsdatter er gift på Voss. (Det har jeg)I et diplom dat. Vossevangen 15 jan.1332, er det nevnt et sameie mellom Eindride Arneson og Eindride Simonson? De bygslet 10 mmb i Vangen til Alvfinn i Gjerde som han Eindride A og herr Eindride har sammen.Regesta Norvegica Forrige regest i trykkrekkefølge(b.4 nr.857) Neste regest i trykkrekkefølge (b.4 nr.859)b.4, s.312Nr: 858 Dato: [1332 jan 15]1 Sted: VossevangenRegest: Vitnebrev om bygsel fra Erling, prest på Evanger, og Torstein gjest: De var i Halls2 stue på Vangen på Voss, da Eindride Arneson bygslet til Alvfinn i Gjerde de 10 mmb i Vangen som han [Eindride A.] og herr Eindride [i Bergen]3 har sammen, for 3 vintre, på vilkår av at han reparerer husene og tar landskylden til vederlag, og eventuelt får betaling attpå. Alvfinn skal også ha rett til videre bortbygsling av jorden. Avskr: DRA - Langebeks Diplomatarium. Trykt: DN XXI nr 47. 1 tilbakeSlutningsformlene med dateringen mangler i avskr, men avtalen ble iallfall inngått denne dato.2 tilbakeHallsteins? Jfr nr 879 og DN XXI nr 58 .3 tilbakeEr vel = Eindride Simonsson.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Hei Karin , kjekt med tilbakemelding . Den Eindride Arnesson som eige jord på Voss i lag med Eindride Simonsson har eg foreløpig sett på som ein mulig son til den Arne frenden min som Eindride lar arve betydelige verdier i Bergen , og som han nevner i testamentet sitt : Item gefr ek Arna frænda minum mylnu huss miitt þat nædra i Mylnudal med akre tuftum ok allum lunnendom þeim sem til liggia ædr leghitt hefuer aat forno ok nyu. Om Eindride A var søsterson eller datterson til Eindride Simonsson så ville han nok blitt omtala som det på lik linje med Olav og Andres vil eg tru . Men der er ellers mange frender i testamenta til Eindride , og som ikkje heilt lar seg slektsmessig plassere sånn utan vidare , men eg jobber med saka .Men kva er det spesifikt som får deg til å plassere Elin til Voss da Karin ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Vi ser bort fra nevnte giftermål foreløpig, men jeg er nysgjerrig på dette felleseiet.Det er mange år siden jeg holdt på med dette, men jeg så etter mulige forbindelser i til Børve, Ullensvang, der det er mye godtfolk som er eiere på 12-1400 tallet, bla.vossinger, Gjerde/Gjerdeskål. Det finnes flere dok, men her er foranledningen til min interesseRegesta Norvegica Forrige regest i trykkrekkefølge(b.5 nr.833) Neste regest i trykkrekkefølge (b.5 nr.835)b.5, s.297Nr: 834 Dato: [før 1346 mars 16] Sted: Aga i UllensvangRegest: Vitnebrev om salg fra Arnbjørn Ogmundsson, Arne i Aga og Åsulv Hallvardsson [på Sekse]1: De var på Aga, da Eiliv på Berven og hans sønn b.5, s.298 Helge solgte til Helge Torsteinsson 7 mmb i nedre Berven for 7 kyrlag pr mmb, og vedgikk å ha fått full betaling. Beseglet av utstederne. Vidisse: Nr 835 . Trykt: DN XII nr 94. 1 tilbakepå Sekse: ifølge vidissen.Regesta Norvegica Forrige regest i trykkrekkefølge(b.5 nr.843) Neste regest i trykkrekkefølge (b.5 nr.845)b.5, s.301Nr: 844 Dato: 1346 april 25 Sted: Uten stedRegest: Vitnebrev om giftingsgave fra Askjell Eilivsson og Erling Eindrideson: De var til stede den gang for mer enn 60 år siden, da Ragna Torsteinsdatter gav sin sønn Eiliv [Helgeson] -- idet han fridde til Sigrid Aslaksdatter i Ose -- den indre halvparten av den elveteigen på Bervenstranda i Ullensvang sogn inn mot Vatokleif, som Ragna selv hadde fått i hjemmefølge av sin far, da hun ble gift med Eilivs far Helge.Beseglet av utstederne. Orig (perg): UB Bergen. Trykt: DN IV nr 302.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Hei Karin Eg har sett på dei breva du hendviser til i innlegg 21 og 23 , men eg kan ikkje sjå kvar Elin kjem inn i bildet ? Eg legg også merke til at det er mange namn i dei to breva i innlegg 23 som også går att i testamenta , og i den moglege slektskrinsen til Eindride . Slik at eg trur nok det kan være noko der , men som vi ikkje umiddelbart klare å få auge på . Frenden Arne i testamentet og som høver som far til Eindride Arnesson arvar såpass mykje av den totale arven (i vissa den arven som vi veit om ) at eg vil tru han må ha vore ein veldig nær slektning til Eindride. Han kan godt ha t.d. vore bror til Eindrides kone Gudrun/Helga . Etter det kan opphavet til kona godt ha vore i området kring Voss . Eit anna moment er også det at vi ikkje veit kvar mor til Eindride kom i frå , slik at eit sameige på Voss i 1332 med ein Eindride Arnesson kan ha so mange ulike opphav.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Hei. Jeg skal prøve å rekonstruere noen hypoteser, basert på flere gamle dok. Her er noen.I.h.t. RN nr. 835, datert 16 mars på Vossevangen, utsteder Odd og Svein Hallesøner og Brynjulv Brynjulvson transkript av tidligere nevnte brev nr. 834. Og det er interessant.Spørsmålet er da om denne Eindride Arneson, som er nevnt i flere dokumenter, kan være sønn av Arne Sigurdson, bror til biskopen Audfin Sigurdson, n. bl.a. i RN nr. 974, dat 7 april 1299, uten sted, RN nr. 631 1327-28 des.8. Audfin eier gods i Hardanger, jf. RN nr. 799, hans testamentariske gave på 12 laupsbol i Berge i Hardanger. Det andre spørsmålet er om Audfinn (uhyre sjeldent navn i RN, og blandes etterhvert med Arnfinn)om han er far til Gurid Audfinnsdatter som hadde vært g. med Halle Oddson på Rogne Voss (Hun har vært g.flere ganger. 2. g.m. Tore Sigurdson, som levde i 1317, i 1326 er hun enke etter Orm Peterson på Finne)I RN nr. 1071, datert Bergen 7 aug 1348, finner du forøvrig at Arne Alvfinnson(prest?) uforsettlig drepte Einar Auga. Pål Halvardson og Ragnhild Helgesdatter vitnet at Arne hadde lyst drapet på seg.I RN nr. 655, datert Bergen 5 mars 1329, ser vi at Brynjulv Brynjulvson på egen, sin mor Guri og sine brødre, Viking er nevnt ved navn (og overveiende sannsynlig en bror Alvfinn, som overveiende sannsynlig er far til Arnfinn Alvfinson) hadde inngått forlik med Arnljot på Spildo, og Arnljot hadde gitt Guri 3 mmb i Spildo som Ivar hadde eid. Dette er Bukk, Brynjulv Brynjulvson har et våpen som brukes av Samson Nilson på Sunde,Kvinnherad på 1600 tallet og som eier i det nevnte Spildo. Dette er Spildo i Granvin, hvor den meget omtalte Elin Wiljalmsdatter g.m. Botolv Einrideson (datter av Wiljalm og Ingebjørg Simonsdatter som også hadde vært gift flere ganger) eide 4mmb, da hun var ummyndig, jf RN nr 1522, dat. Finne 27 mai 1389. Det antas at Elin er arving etter Eirik Erlendson Bukk, som i 1338 makeskiftet 6mmb i Spildo mot 4 mmb i Løno med Erlend Karlshovudson.Og hvis denne hr. Jon Brynjulvson er sønn av hr. Brynjulv Ogmundson er det forbindelser til Hardanger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.