Gå til innhold
Arkivverket

[#22679] Lagmannen Eindride Simonsson og slekta hans i Nordfjord


Gjest Leiv Magne Apelseth
 Del

Recommended Posts

Gjest Leiv Magne Apelseth

Eg kan ikkje ut fra det eg til no har sett at det er nokon knytning mellom Elin Simonsdatter og Voss, så eg held det for meir sannsynleg at ho er den same som kona til Sigurd i Søre-Bjørkedal. Men at det kan finnast ei eller fleire koplingar mellom slektskrinsen til Eindride Simonsson og Voss er nok meir rimeleg, all den tid han hadde eige i jordegods der. Men kva koplinga var og kven i slektskrinsen det var , det har eg ingen formeining om enda ..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Leiv Magne Apelseth

Litt meir kring Hr. Eindride Simonsson sitt testament og tillegget.I Eindrides testamenttillegg i 1337 [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=244&s=195&str=>Lenke får vi kjennskap til ei av Eindrides frendekoner Tora. Ho får 1 'mork peningha'. Vidare i testamenttillegget kjem lisje Ragnhild 'Ragnildi litslu' som får ein 'halfa mork peningha'. Ein kan få intrykk av at dette er mor og datter. Både tilnamnet 'litslu' og det at ho kun får halvparten av Toras pengegave kan tyde på at Ragnhild var ei heller ung dame. Helle nemner i biografien om Eindride, at det kan ha vore han som var nemnd i dette brevet på Shetland Lenke . Om Ragnhild Simonsdatter var Eindrides syster, kan lisje Ragnhild i testamenttilleget ha fått tilnamnet sitt i den konteksten. Det som vidare er interessant ang. Tora og Ragnhild er at det er mykje truleg dei same to vi finn boande på den store garden Myklebust i Eid i BK s.14

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

.. og den 'herra Ivar' som Eindride nemner i testamentet sitt, og som 'liggr vndir stæinboghanum i Kristkirkiu' i Bergen, kan nok vere den same som riddaren på Lote i Nordfjord, Ivar Lodinsson. Eg finn iallfall ingen andre kandidatar som passar so godt. Han er nemnd i BK, men er nok mest kjend for at han hadde selt godset til kona si Gudrun utan hennar vitande og samtykke. Meir om det ved søk på Ivar Lodinsson i DN og RN. Ei Gudrun var og, slik eg nemner det i innlegg 17, tilsynelatande kone nr. 2 til Eindride. Kanskje den same som enka til Ivar Lodinsson på Lote ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Riddaren Ivar Lodinsson holdt vel helst til på garden Rygg og ikkje på Lote som eg kom i skade for å skrive i innlegg 28

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
  • 2 uker senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.