Gå til innhold
Arkivverket

[#23017] Torsten Andersson Alme og kona Christina - frå Hafslo 1887 - til Amerika 1891/92


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Torsten Andersson Alme, fødd i Hafslo i Sogn 18.9.1852, gifte seg i Hafslo 29.6.1880 med Christina Nilsdotter Hillestad, fødd i Hafslo i Sogn 15.1.1860.Torsten og Christine dreiv heimebruket hans på Alme i Hafslo til kring 1887. Då flytte dei frå Hafslo, truleg til ein eller annan stad i nedre Buskerud, Vestfold eller Christiania, og derifrå må dei ha utvandra til Amerika i 1891 eller 1892. Dei busette seg i Stoughton, WIMinst ei dotter var fødd mellom 1887 og 1892:* Anna Johanna, fødd 6.11.1890Kan nokon hjelpa meg identifisera bustaden til denne huslyden, medan dei budde på Austlandet og før dei utvandra til Amerika?Kan nokon finna dei i utvandringslistene? Eg har freista, men har ikkje lukkast so langt!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Og her er den samme Theodor Alme død. Individual Record FamilySearch™ U.S. Social Security Death Index 30 September 2000 ------------------------------- Theodore ALME Birth Date: 2 Apr 1897 Death Date: Jan 1985 Social Security Number: 390-09-4311 State or Territory Where Number Was Issued: Wisconsin Death Residence Localities ZIP Code: 53578 Localities: Prairie Du Sac, Sauk, WisconsinMvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune for fleire fine innlegg om dette tema; særleg sette eg pris på det første som syner huslyden og utvandringi deira over Christiania.Denne utvandringi frå 1891 over Christiania ber preg av at huslyden utvandra direkte frå Indre Sogn, men spørsmåli står i kø:* Dette bruket på garden Alme i Hafslo gjekk i ''oppløysing'' etter at Torsten og Christina flytte herifrå og er soleis ikkje nemnt i FT1891, og* Dotteri Anna Johanna er ikkje innført som døypt i Hafslo, og det er heller ikkje eit barn som skal vera født og avlide kring 1888. MEN, eg har aldri nytta anna enn klokkarboki for den perioden dette gjeld, og det har vore born som ikkje er innførte i klokkarboki for Hafslo nettopp i åri kring 1890. Kanskje det hadde vore ein tanke å sjekka ut kyrkjeboki?* Elles var det svært uvanleg at nokon frå Indre Sogn utvandra via Christiania utan å ha butt på Austlandet!?Eg har hatt mykje kontakt med etterkomarar etter denne huslyden i Amerika og har mellom anna sett fleire gamle brev, men ingen av dei fortel noko om lagnaden deira mellom 1887 og 1891! Dette er verkeleg eit ''mysterium''!Lykkjelen til problemet er nok dåpen til Anna Johanna, om me kunne finna den...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette problemet frå 2004, som framleis står uløyst!Dåpen til Anna Johanna frå 1890 er enno ikkje funnen, men gøymer seg nok ein eller annan stad nær Christiania...Eg lever i voni om at det framleis skal vera mogeleg å finna ut KVAR på Austlandet denne huslyden budde mellom 1887 og 1891...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Det stemmer, Grethe, Theodor var son av Torsten og Christine Alme!Etter at Torsten døydde i Stoughton, WI i 1900, flytte Christine i 1901 med dei to yngste borni, inkl. Theodor, attende til Noreg og skal ha drive hotell i lag med ei søster, visstnok i Bergen(?), fram til 1908. Då utvandra dei på ny til Amerika. I 1913 var ho so nok ein gong attende, men då hadde ho med seg berre yngste sonen Theodor. Dei fór i 1914 for godt attende til Stoughton, WI der Christine same hausten gifte seg att med ein gamal totning, August Ovren!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Hei igjen,har ikke noe nytt å komme med når det gjelder dåpen til Anna Johanne. Men jeg ser av emigrantprotokollen at hun er innført som 2 år. Har du fødselsdatoen fra USA? Det står Indre sogn som hjemsted i emigrantprotokollen.Hvor har du opplysningene om Buskerud og Vestfold fra? Jeg bare undres... (vi får vel vente til Carsten Schancke kommer på banen, så løser vel han både denne floka og den med Dora Hanson på null komma svisj!)Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!Når det gjeld Anna Johanna, syner dødsattesten hennar frå Racine, WI 1946 at fødselsdatoen var 6.11.1890.Derimot syner FT1900 at ho er fødd i november 1889 ([url="http://search.ancestry.com/iexec/default.aspx?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120624_00110&fn=Christine&ln=AL??E&st=r&ssrc=&pid=63168866>Lenke)Ogso FT1910 tyder på at ho er fødd i 1889 (Lenke)Når so passasjerlista òg seier at ho var 2 år gamal i 1891, kan det kanskje vera sannsynleg at ho verkeleg var fødd i 1889. Eg har bede ein kontakt i WI røkja etter i konfirmantprotokollen frå 1st Lutheran church kva som står der. Kanskje står det òg ein fødestad i Noreg...Elles har denne huslyden òg eit anna problem:Det heiter seg at Christine Hillestad Alme frå 1901 til 1908 dreiv eit hotell i BERGEN i lag med ei søster. Det går òg fram av ''re-utvandringi'' hennar frå 1908 (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.