Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#23397] Olina Martinusdotter Moe (1836-1921) frå Noreg til Minnesota - men kven var ho?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Olina Martinusdotter Moe, oppgjevi fødd ''i Noreg'' 24.3.1836 (death certificate) eller 1832 (funeral record) eller 1837/1838 (1870 census) eller 1834/1835 (1880 census), av ukjende foreldre, utvandra ''i ung alder'' til Jackson Co., MN der ho 18.11.1869 gifte seg med Thrond Throndson (1841-1907). Parfolket flytte i 1886 til Spokane Co., WA der Olina døydde 17.2.1921.Kan nokon hjelpa meg identifisera opphavet til denne Olina Martinusdotter Moe?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Jeg vet ikke hva man har ment med ung alder, men etter å ha søkt gjennom 1865 tellingen med etternavn begynner med Mart og gårdsnavn Moe,uten søk på fornavn, kom det opp kun dette alternativet.Lenke I følge FamilySearch ble denne Oline Martinusdtr. født 02.04. og døpt 04.05 i 1834.Har du funnet noe som har antydet at hun kan ha vært gift før? Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Rune, for eit svært interessant og lovande innlegg. No har eg rett nok funne eit notat om at Olina skal ha utvandra i 1860, men dette kan godt vera feil!Om Olina var gift før, hadde ho i so fall ingen born frå første ekteskapet, og nærare undersøkingar tyder på at det var HO som var fødd på Mo som SØSTER av Rasmus Martinusson!!Det kan kanskje vera på plass å opna eit nytt tema for å sjekka ut denne huslyden frå Hjørundfjord!!Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i kveld gjerne få trekka fram att dette tema frå 2004. Eg er ikkje so trygg på at ''mi'' Olina kom frå Hjørundfjord, for ho var gift i Noreg(!), so då er det nok ''back to square #one''.....!Kanskje er det kome til nye brukarar som kan ha tankar kring denne jenta og det norske opphavet hennar?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torgeir Kvalvaag

Denne Olina passer kanskje heller ikke?LenkeSå vidt jeg skjønner, er årstallet for hennes fødsel litt 'fleksibelt'...Hilsen Torgeir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg ønskjer i dag komma attende til denne saki som har stått uløyst i lang tid.For det første har eg sjekka ut Oline Martinusdotter Moe frå Hjørundfjord og har funne følgjande: Ho og mannen Bernt Knut Rasmusson flytte i 1866 til Brune i Ørsta for å vera gardbrukarar der, og i 1900 er Bernt Rasmusson enkjemann på denne garden. Fleire born er nemnde. Det kan soleis definitivt IKKJE vera ho som utvandra til Amerika!So er det ''kandidaten'' til Torgeir, Oline Martinusdotter frå Hof i Hedmark (innlegg #5) ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9162&idx_id=9162&uid=ny&idx_side=->Lenke). Eg ser ho er fødd 8.2.1838 utanfor ekteskap, men ho døydde berre seks dagar gamal (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Nye opplysningar som eg har motteke frå Amerika, synest stadig meir å peika på HEDMARK som heimstaden i Noreg til Olina Martinusdotter Moe, og skal me tru oppkallingi, so KAN mori ha heitt Maria (eller Marit).Men kanskje finn me ikkje løysingi på dette problemet før alle kyrkjebøkene for Hedmarken er samla i database?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×