Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Bjørn Jonson Dale

[#23427] Namnet Tibi - kva kan det tyde?

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

Herr Nils Sigurdson var sokneprest i Borgund på Sunnmøre seinast 1533 og enno 1558, men var nok daud 1563, då sonen, Oluf, var sokneprest. I eit dokument fra 1573 er Nils Sigurdson kalt Nils Tibi, og sonen likeeins Oluf Nilsson Tibi.Korleis kan ein tyde dette ættnamnet? Kan det vere latin - som i ordspråket ''ut tibi sic alteri'', der ''tibi'' vel tyder ''for deg'' (for Gud?)? Eller kan det gøyme seg seg eit stadnamn her?Både Nils Sigurdson og Oluf Nilsson var kannikar, medlemmar av domkapitlet, i Trondheim. Kona til Oluf Nilsson Tibi var hustru Gjertrud Anfinnsdatter Soop (som døde 1579); alle barna deira kalte seg Soop, ingen Tibi.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Har latinarane lagt seg eller lever dei ikkje lenger?Etter Steinnes og Vandvik: Latinsk ordbok (Samlaget 1989) er ''tibia'' eit substantiv i hokjønn som konkret tyder ''(framsida av) legg, skovlung'', og overført ''fløyte'' (helst i fleirtall, dvs tibiae, ''sidan ein bles på to fløyter som var feste til kvarandre med eit munnstykke''. Kan ''Tibi'' vere eit kortform av ''tibia''? Kan namnet vise til motivet i eit våpen (leggbein, fløyte)?Av ''tibia'' er vidare danna eit substantiv i hannkjønn, ''tibicen'', som tyder 1. ''fløytespelar'' og 2. ''stytte, stolpe (under hus)''. Kan Tibi vere ei kortform av ''tibicen''? Hadde Tibi'ane fløytespelaropphav, eller var dei rett og slett ''samfunnsstøtter''?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tom Askerøi

Er ikke latiner, men lurer på om 'ibi' kan ha noe med ibidem som en ofte ser i kirkebøker og ser ut til å bety 'samme'. T er kanskje et kors?Meningen er kanskje noe slikt som 'prest, her'?Det var i hvert fall et forslag...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Ryen

Til Bjørn Jonson Dale.Siden du etterlyser en noe utdøende rase, så melder jeg meg som en av dem som fremdeles er oppegående.TIBI er som du sier 'for deg', 'til deg' - dativ av ego (jeg). Dette er det eneste latinske ordet som faller sammen med det etternavnet du refererer til.TIBI finner du f. eks. i velsignelsen: Benedicat tibi Dominus (Herren velsigne deg)....et det tibi Pacem (og give deg fred). For å gi et eksempel.Jeg tror lite på at Tibi skulle være noen kortform for tibia/tibicen.Mvh Astrid Ryen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Fint at det finst både fantasi og levande latin! Eg trur no at eg vil halde på tydinga ''for deg'', forstått som ''for deg (Gud)''.Eit anna prestenamn, Parelius, er ei latinisering av det greske ''para helios'' = nær sola, overført: nær lyset, Gud. Kanskje var dette namn som særlig fromme prestestudentar fikk i studietida...Men er ikkje ''tibi'' dativ av ''tu''?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Ryen

Til det siste: Naturligvis!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tom Askerøi

Tankerekken min var vel ikke riktig, men konklusjonen skulle vel bli den samme:'For deg (Gud)' = 'prest, her' ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnstein Rønning

Når det gjelder Parelius, har jeg også sett følgende forklaring:'Navnet Parelius kommer sannsynligvis av PAR HELIOS, som betyr 'nær solen' eller 'solvendt'. Navnet skal stamme fra en oversettelse av stedsnavnet Solvorn (i Sogn), ev. Solnør (Skodje, Sunnmøre).'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ove Langlo

Ja, og latiniserte namn kryr det av. Eitt av dei mest kjende er Pontoppidan, ei samansetjing av 'pons' (bru) og 'oppidum' (by), altså Broby/Bruby.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.