Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ivar Fylling

[#23481] Hans 'Giskefut' Laurenssons foreldre - Synesslekt?

Recommended Posts

Gjest Ivar Fylling

I http://home.no.net/pgjendem/ står:..Hans 'Giskefut' Laurensson, gift 22 aug 1568 i Bergen, Hordaland, (sønn av Laurens Benktson og Ingrid Povelsdtr. Synes) d. 1570 i Søvik,..Frå tidlegare diskusjonar / andre kjelder, har eg notert at Bård Jonsen Synes (ca 1360 - e 1429) og Gudrun Torsteinsd har borna Jon, Ogmund og Gunhild. Jon Bårdsen (ca 1410 ca 1450) er far til Bård, Ottar, Povel, Jon og Torstein. Povel Jonsen (ca 1430 - ?) har døtrene Ingrid, Synneve og Maritte).Er det denne Ingrid som er mor til Hans Laurensson? Kvar kom Laurens frå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Hans Laurensson var ikkje giskefut (ombodsmann for Giskegodset), men fut over Sunnmøre. Det er sannsynlig at han var av Synnesætta, og at foreldra var Laurens Benktson og hustru Ingrid Povelsdatter. Dette har eg gjort greie for her:LenkeSetesveinen Laurens Benktson sin bakgrunn er ikkje kjent, men ætta hans må ha eigd stordelen av ''Osnesgodset'' i Ulstein. Eg har spekulert på om han kan ha vore son av ein prest Benedikt Peterson i Herøy, nemnt 1474, men har ingen andre haldepunkt enn det etter måten sjeldne farsnamnet til Laurens (ingen Bent/Bendik/Benedikt på Sunnmøre før 1474, derimot tre 1520, på Longva, Ulla og Dimna).Ingen har til no klart å finne belegg for at ekteparet Bård Jonson og Gudrun Torsteinsdatter, nemnt 1403, var foreldre til Jon Bårdson.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.