Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ivar S. Ertesvåg

[#23522] Frøya, Bremanger

Recommended Posts

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Eg har sett litt i Albert Joleik si 'Bremanger bygdebok - soga fram til 1801' (1969).Om gardane som i matrikkelen heiter Ytre, Nedre og Øvre Frøya (gnr 3, 4, 5) brukar han namna Frøyna Utigard, Nigard og Uppigard. Nokre kjelder han siterer frå før 1650 brukar (danske) former av desse sistnemnde, men elles kan det sjå ut til at dei skriftlege kjeldene nyttar Ytre, Nedre og Øvre.Har Utigard, Nigard og Uppigard vore nytta i talemål og skrift på øya, eller er det noko Joleik har (re)konstruert?takk for svar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

I det skriftlege materialet synest 'Yttre, Needer og Øffre' Frøen vore nytta konsekvent, men i talemålet har nok formene Nigard, Utigard og Uppgard vore vanlege. Gardsnummer 4 'Nigard' har eit bruk 2 som heiter Nigardsøen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Det må vel vere rett å seie at Joleik'en laga si eiga rettskriving - ei slags blanding av (gammalt) sunnfjordmål/eikefjordmål og gamalnorsk. Vanskeleg å både lese og lære, men forståeleg når ein fyrst kjem inn i det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Takk for svar. Til (3): Joleik sitt skriftmål er nok langt meir ein nynorsk-variant enn ei blanding med gammalnorsk. Det er neppe langt frå den normalen han lærte å skrive som ungdom kring 1900. Det var ikkje vanskeleg å lese.Til (2): At Y., N. og Ø. var vanlege i skrift framgår også frå boka til Joleik (og han likar det ikkje, trur eg...). Nigardsøya ligg vest for Frøya og finst i 1886-matrikkelen. Men eg finn ikkje det namnet i matrikkelen frå 1838. Er det nokon som veit kva tid øya vart busett og kvifor øya fekk det namnet? (Det kunne vere at gnr.4 fekk utlagt øya ved utskiftinga, men gnr 2,3 og 4 har sams utmark, så det ville vere unnatak.).Når du seier at 'i talemålet har nok formene .. vore vanlege', er dette frå eigen lokalkunnskap?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.