Gå til innhold
Arkivverket

[#23533] Kven var Ole Gullesen? f. 1885 bs. i Harstad?


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

I 1909 vart oldemora mi mor til Karl f.utanfor ekteskap i Bodø, i kyrkjeboka står det at ungkar og maskinist Ole Gullesen f.1885 er far til barnet.Eg prøver å hjelpa etterkomarane til Karl med dette, og dei har fortalt at han ettersigende forsvann på havet før Karl vart fødd.Eg har skrive ? bak Harstad fordi eg ikkje finn nokon Ole Gullesen, sjølv ved bruk av div. variantar av namnet i Harstad 1900.Visst nokon kunne løyst denne gåta, så er det garantert nokon som vil jubla. Dei har aldri visst noko om bestefaren sin.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Dette er kanskje ein mogeleg, og heller ikkje usannsynleg kandidat. Lenke Eine sonen til Karl heiter ...... Andreas, så sjølv om fødseleåret iflg. kyrkjeboka er feil, kan det kanskje vera rett mann...Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

No har eg nettopp snakka med ein slektning og ho meinte at denne Ole kanskje kunne vera dansk, korleis kan eg finna meir ut om det då?Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Eg har prøvt Fam. Search, og Cindys list, men eg veit jo berre at han kanskje er frå Danmark. Har dei søkbare sider over FT, er det nokon som veit om det?Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk til deg.Eg var nettopp inne på Dis-Danmark, men eg såg ikkje noko plass for spørsmål. Får sjå ein gong til :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Mariann Stokken

Er det nokon som har eit godt forslag om korleis eg skal finna ut meir om denne Ole Gullesen? Oldemor(som vart mor til hans barn i 1909) skulle visst vera 'husbestyrerinde' hos Ole Gullesen.Eg har fått frå Statsarkivet i Trondheim at faren heitte Ole Gullesen, namnet stod skrive sameleis i 1909-då han vart fødd- som i 1924 då han vart konfirmert.Kva kan eg gjera for å få vita meir om Ole?Venleg helsing Mariann.PS: det kom ingen respons på innlegget på Dis-Danmark sine sider.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei! Eg prøver igjen :-)Eg har funne ein Gulle Olsen(som kanskje har ein son Ole??) i Bodø, er det nokon som har bygdebok for Bodø?LenkeKanskje denne mannen har ein son som heiter Ole, sjølv om eg ikkje finn han i FT 1900????Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Mariann Stokken

Mr. Gullesen er funnen!! :-) det er kanskje ikkje så interessant for andre enn meg(som har leita), og sjølvsagt etterkomarane.Men detektiv-arbeid er kjempespennande, særleg når den ettersøkte vert funnen :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Ja, er det nokon som ynskjer vita korleis, så deler eg gjerne mi erfaring med andre.Eg kan nevna stikkord som: ein god porsjon frimodighet(denne mannen hadde aldri vorte funnen og dette 'mysteriet' hadde aldri vorte oppklart utan!!!) telefon, viljuge hjelparar som dukka opp på vegen m.m....Vil du vita meir har eg mailadresse: mastokk2alfakrøllonline.noVenleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.