Gå til innhold
Arkivverket

[#23577] Aslak Sørensson i Nissedal 1865


Gjest Aanund Olsnes
 Del

Recommended Posts

Gjest Aanund Olsnes

Eg har ein Aslak Sørensen, fødd i Valle i 1836. Han var uekte son åt Sigrid Åmundsdotter Oddeskar og ein hjartdøl som heitte Søren Olsson Håtveit.Denne Aslak-en fekk i 1853 attest for å ha reist til Stavanger to år tidlegare. Så langt er saka grei, men dinest vert det meir på vona.For det neste er at folketeljinga frå 1865 gjev ein Aslak Sørensson med rett alder som sjølveigar på eit bruk som heitte Kaasa i Tveit sokn i Nissedal. Om dette er same mannen er usikkert, etterdi han i Nissedal i fylgje folketeljnga skal ha vore fødd i Lårdal, men likevel *kan* det jo vera 'min' mann det dreiar seg om - det ville i så fall ikkje vera den einaste feilen i denne folketeljinga.Truleg kan spørsmålet om kvar nissedølen hadde opphavet sitt avklarast gjennom eit oppslag i Treungen-bandet av Nissedal bygdebok, skrive av Kjell Åsen, men den boka har eg ikkje tilgjengeleg.Er det nokon som kan slå opp i henne for meg, og meddele resultatet?Med helsingAanund

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

Dette spørsmålet er ikkje lenger aktuelt, ettersom det nå er stadfest at nissedølen i 1865 verkeleg var fødd i Lårdal. Han var ikkje fødd i 1836, slik folketeljinga tyder på, men derimot 1837.'Min' mann lyt då anten vera daud eller utvandra før 1865.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.