Gå til innhold
Arkivverket

[#23722] Ole Jørgen Mat(hia)sson/Paulson, fødd i Noreg 12.6.1885, men kvar? - utv. 1901!?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Jørgen Mat(hia)sson vert oppgjeven å vera fødd i Noreg 12.6.1885 som son av Matt Paulson og Mary Osmsen(!). Han skal ha utvandra i 1901 og gifte seg i Spooner, WI i 1909 med Mary Hogan med røter frå Luster i Sogn. Dei busette seg i Itasca Co., MN der Ole døydde 5.10.1964.Kan nokon hjelpa meg identifisera opphavet til Ole Jørgen?Eg takkar på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Peter Wiborg

Hei, Marie Paulsen (56) og Ole Paulsen (15) ankom Ellis Island den 3. Mai, 1901, med skipet 'Germanic'. Germanic gikk fra Liverpool 4. april.De er på linje 4 og 5 her: LenkeJan

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tommy og Jan Peter for framifrå opplysningar. Eg er verkeleg imponert!No har eg nokre tilleggsspørsmål:* Kan me seia at Ole Jørgen var frå Arendal i Barbu? Låg ein del av Arendal by då i Barbu prestegjeld?* Er det mogeleg å finna ut kva yrke Mathias Paulsen hadde?* Kvar hadde Mathias Paulsen opphavet sitt (gard og prestegjeld)?* Maren Osmundsdotter ser ut til å vera fødd i Hornnes, Evje i 1843 eller 1844, men kva gard var ho ifrå?Eg takkar nok ein gong for god hjelp og vonar at nokre av desse tilleggsspørsmåli òg kan svarast på!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tommy Paulsen
Gjest Jan Peter Wiborg

Hmmm... vedr. 'at Ole Jørgen var frå Arendal i Barbu'..., så syns jeg det låter litt rart, ihvertfall i dagens tale.Folk fra Barbu idag sier gjerne at de er fra Barbu i Arendal. Arendal har jo etterhvert blitt en stor kommune, men Barbu ligger bare 5 minutts gange fra Arendal sentrum.Hvor grensene gikk for gamle Barbu prestegjeld og Arendal by etc, vet jeg ikke.Jan

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tommy og Jan Peter for nye innlegg!Til Tommy: Eg har òg kikka på denne Maren Osmundsdotter frå Landvik, men eg trur ikkje det er ho! ''Vår'' Maren Osmundsdotter vert oppgjevi å vera fødd i Hornnes (Evje), og i 1865 finn me ei Maren Osmundsdotter, fødd i Evje 1843, då busett i Austre Moland ved Arendal!!Til Jan Peter: Eg er samd i at Arendal i Barbu høyrest underleg ut. Me får tenkja litt på denne!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.