Gå til innhold
Arkivverket

[#23986] Ola Olsson fra Sande (MR), gårdbruker på Løvik i Aukra


Gjest Kjell Ove Hattrem
 Del

Recommended Posts

Gjest Kjell Ove Hattrem

På 1700-tallet dukker Ola Olsson opp som bruker på gården Løvika øvre på øya Gossa i Aukra prestegjeld. Han var gift med Gjertrud Sjurdsdotter (død ca. 1774), hvis opphav også er ukjent.Ifølge bygdeboka ble han født 1744 i Sande, Møre og Romsdal -- antakelig er årstallet hentet fra en militærrull ettersom forfatteren ville satt 'ca.' foran et beregnet årstall.Jeg lurer på om det er mulig å finne Olas opphav i Sande til tross for de sparsomme opplysningene og det 'vanlige' navnet Ola Olsson. De fikk mange etterkommere gjennom sin datter Mildrid, født omtrent da moren døde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut R Sande

Ole Olsen Sande, 14 år, er nemnd som eitt av tre born i eit arveskifte av 12.6 1758 etter avdøde Mildri Pedersdatter Sande.Ektemannen er Ole Toresen Sande, og det er arveskifte etter han 15.9 1759. Dei andre borna er Peder Olsen 18 år og Kari Olsdatter 22 år. I det siste skiftet er det ein Lars Toresen (bror?) som skylder boet noe penger. Det skulle vere rart om det ikkje er desse du spør om!Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Til (2): er dette Sande i Sande? (I Sande sokn er det to gardar som heiter Sande; til vanleg kalla Kyrkjesande og Nøre-Sande, begge på Sandsøya.) Til (1): Kan det vere Sandøy? - det er berre eit vindkast frå Gossa, og det er fort gjort å blande saman.Sande sokn høyrde til Herøy prg. og det var sams kyrkjebok for heile prg. til 1816. Trass i mange Ola-er, er det ikkje innført nokon Ole Ols. i 1744. I 1745 er det ein, frå Reite på Bergsøya (Herøy). I 1743 er det også ein, frå Skrede sør på Gurskøya - altså Sande sokn.Sandesoga bd.2 s.357 hjelper ikkje stort. Ein Ola Anderson d.1761 er den einaste Ola dei har funne her. I skiftet er fem born nemnde, men i kyrkjeboka har dei funne tre døypte til. Ola ovanfor er ein av dei. Den enkle forklaringa på slikt er vanlegivs at barna som manglar, er døde. Denne Ole f.1743 skal vere g. 1787 med Berte Kolbeinsd. Ulstein.Det er eit par hakar her: Ola g.1787 er kalla Ole Olsen Solied ved trulovinga (21.apr. 1787, nr.2) og det er ingen andre opplysningar. Trulovarane er Elling Davidson og Ole Olson Ulstein. Det er ikkje noko haldepunkt for å knyte honom til Skrede i det heile. Giftarmåla ser det ikkje ut til at presten førte inn (eg finn dei ikkje). Elles er det ført ein 'tittel' på Berte, som eg ikkje greier å tolke. (Det er ikkje 'pige' og ikkje 'enke' - eg hadde kanskje greidd det med noko større innsats, eller med ein tur på Statsarkivet.) I bygdeboka for Ulstein finn eg ingen høveleg Kolbein. (Men eg finn trulovarane.) Sollid er ein gard i Volda, og der budde det 3-4 Ola-er etter kvarandre i siste delen av 1700-t.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Ove Hattrem

Hjertelig takk til Knut R Sande og Ivar S. Ertesvåg for velkomne kommentarer, opplysninger og ikke minst arbeidsbesparende eliminasjoner.Jeg må innrømme at Sande i Fræna ikke hadde krysset tankene mine, men nå begynner jeg å lure. Riktig alder på Ola og morens navn, Mildrid, er tankevekkende nok. Skjønt, er Sande i Fræna 'stort' nok til å bli oppført som fødested i f.eks. en militærrull?Ertesvåg har også et poeng mtp. Sandøy -- 'Sande' og 'Sandø' kan vel forveksles i et håndskrevet dokument.I alle tilfelle vil jeg prøve å finne utfyllende opplysninger om denne familien, så som skifter etter søsknene. Eller kan noe finnes i bygdebokarkivet i Fræna?Foreløpig kan jeg vel verken utelukke Sande på søre luten, Sandøy eller Fræna-Sande.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut R Sande

I bygdebok for Aukra, band II, er Ole Olsen Sande nemnd, under garden Løvik. Bygdebokskrivar Johan Julnes ville skrive Sande på Sunnmøre dersom det var det han meinte. Sande i Fræna er innafor same prestegjeld (Agerø), og med mykje flytting av folk mellom Aukra og Fræna. Eg har kopi av militære rullar der Sande er fødestad, så det er ikkje noko problem. Eg ville rå til å starte i Fræna først, men det er vel sparsomt med kjelder...helsingKnut R SAnde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Til (5): Forvekslinga Sandøy-Sande er ikkje berre i gamle skrifter, men også i notid med trykkskrift. Dersom det er snakk om ei kjelde frå 1700-t som seier 'Sande, Romsdals Amt', ville eg tenkt at 'Sande' måtte vere eit sokn/prestegjeld, eller tinglag (skipreide, otting). Sande som gardsnamn er det fleire av.Sande var sokn under Herøy, utan residerande kapellan. Difor ville det vere mest sannsynleg at det vart referert til Herøy prg., fordi evt. attestar ville vere skrivne av soknepresten. I verdslege saker var Sande delt mellom Nærøy og Vanylven skipreider. Sandøy sokn høyrde vel til Aukra prg., men med ein residerande kapellan(?).Så må eg rette meg litt (3): Skrede høyrde naturlegvis ikkje til Sande (før 1964), men til Rovde sokn i Herøy prg. (og Rovde skipreide). Det er sikkert like greit for deg, så er han eliminert heilt ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.