Gå til innhold
Arkivverket

[#24183] Asbjørn Sørensson frå Lund i Vest-.Agder


Gjest Aanund Olsnes
 Del

Recommended Posts

Gjest Aanund Olsnes

Eg har ein Asbjørn Sørensson som i fylgje ei militærulle frå 1732 skal vera 22 år det året og fødd 'vester i Lunde sogenn'.I 1732 gifte han seg i Bykle med Tone Olsdotter Stavenes, og han vart gravlagd i Bykle 10.juni 1742.Lunde sokn reknar eg med er Lunds prestgjeld, som i 1700-åra høyrde til Stavanger amt, men nå er ein del av Flekkefjord kommune i Vest-Agder.Er det nokon som har tilgjenge til ei bygdebok frå Lund, eller endå betre ei kyrkjebok frå den bygda, og kan finne ut opphavet og fødselsdatoen til denne Asbjørn for meg?helsingAanund Olsnes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Helge Trelsgård

Det Lund prestegjeld som du tenker på, omfattet på den tiden flere kirkesogn i både Rogaland og Vest-Agder. Selve Lund sogn ligger fortsatt i Rogaland, mens sognene Tonstad, Bakke, Gyland, Nes og Flekkefjord ligger i Vest-Agder. Dersom denne Asbjørn var fra dette prestegjeldet vil jeg utfra setningen 'vester i Lunde sogenn' anta at han måtte ha vært født i selve Lund sogn. Jeg skal sjekke litt i mine notater og se om jeg kan finne en som passer. Kirkebøker for dette prestegjeldet er imidlertid først tilgjengelige fra 1720-årene så det vil være umulig å fastslå en eksakt fødselsdato.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

Takk skal du ha! Det er litt utilfredsstillande å ikkje vita meir om ein person i ei gardssoge enn at han 'sannsynlegvis var frå Lund'.Elles fint at du ryddar opp i mi geografiske vankunne!mvhAa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Funnet på FamilySearch/IGI:Asbjørn Sørensen Stavenes gift 14.04.1737 i Valle, Aust-Agder, med Todne Olsdatter Stavenes.Asbjørn Sørensen Stavenes, gift 28.10.1745 i Valle Aust-Agder med Ingeborg KnutsdatterÅsne Asbjørnsdatter (i FS: Osne Asbjornsen), døpt 07.10.1736, Valle, Aust-Agder, datter av Asbjørn Sørensen og Todne Olsdatter. Kan denne Åsne være identisk med den enken Åsne Asbjørnsdatter som vi finner i 1801-tellingen for Valle, Bykle, på gården Stavenes? (Lenke).I f.t. 1801 er Åsne Asbjørnsdatter 60 år, f. ca. 1741, mens hun iflg. FS er født 1736. Du oppgir at Asbjørn Sørensen og Todne Olsdatter ble gift i 1732, mens FS oppgir 1737. FS inneholder imidlertid feil som må kontrolleres mot originalkildene.Er disse personene, 'dine folk'??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

Takk for svaretDet kan ikkje vera tvil om at dette er mine folk. M.o.t giftemålsåret, ser eg ikkje bort ifrå at eg kan ha lese mine eigne notatar feil (med tilstrekkeleg stygg handskrift går det an å lesa 7 for 2 og vice versa!), så eg får vel gå attende til kyrkjeboka frå Valle og kontrollere.Men borna til Asbjørn har eg visst nokonlunde oversikt over, så det er helst foreldra eg er ute etter. Dette med familySearch/IGI ser elles interessant ut. Er det dyrt?helsingAanund

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Er tilgjengelig på internett - gratis! Jeg bruker det stadig vekk - men med forbehold om feil. Her er lenken Lenke.Men se også om det kan være andre i dette forumet som ev. kan hjelpe deg å slå opp i kirkebøker og bygdebøker. Jeg pleier å kalle det jeg finner i FS som funn, fordi det bør sjekkes mot originalkilder o.l.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

OK.Men nå har eg vore inne på mormonsida og søkt, også etter Asbjørn Sørenson Stavenes, og får stadig vekk 'no match', medan du altså får funn.Då er det sikkert noko gale med måten eg søkjer på, men korleis ber du deg då åt ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Storaker

Sløyf Stavenes, og søk etter Asbjørn Sørensen. Familysearch har ein effektiv Soundex-funksjon, slik at du får funn sjølv om det er stava som Asbiørn, Asbiorn eller liknande. Det er også likegyldig om du skriv Sørensen eller Sørensdtr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Helge Trelsgård

Jeg har nå lett litt etter Asbjørn men har ikke funnet ham. Navnet Asbjørn er ganske vanlig i Lund, mens Søren er heller lite brukt. Overnevnte Søren Torjussen var ifølge bygdebok for Lund bosatt på en husmannsplass kalt Langelandsstølen under Austreim. Det var skifte etter ham 08.02 1742. Han hadde vært gift to ganger, men ifølge bygdeboken nevnes ingen sønn ved navn Asbjørn etter ham.Jeg har også lett etter Asbjørn i Tonstad (Sirdal) og Bakke sogn, sålangt uten hell.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

Søren Torjusson er nok ikkje nokon god kandidat, ettersom han tykkjest vera i yngste laget til å vera far til ein som var fødd ca 1710. Og hadde han vore far åt min Asbjørn, skulle ein vel også venta å finne ein Torjus Asbjørnsson i Bykle, men ingen med det namnet er registrert.Då lyt ein vel berre konkludere med at Asbjørn framleis sannynlegvis var frå Lund, men at opphavet hans ikkje let seg fastslå nærare.Takk for hjelpa i alle fall. Om ikkje anna kan ein då seia at ein har prøva, men hvor intet er at hente har selv keiseren tabt sin ret.mvhAanund

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.