Gå til innhold
Arkivverket

[#24224] Leidulv Knutsson


Gjest Aanund Olsnes
 Del

Recommended Posts

Gjest Aanund Olsnes

Eg har ein dark horse som var innom i Bykle nokre år utan å setje nemnande spor etter seg andre stader enn i odelsskatelistene.Mannen heitte Leidulv Knutsson.På IGI har eg funn ein med dette sjeldne namnet som var fødd på ein plass i Åmotsdal, som heitte Hommelii den 6.9.1733, og som den 22.7.1764 gifte seg med ei Torbjørg Torsteinsdotter, som eg ikkje veit meir om.Dette er alt eg har, men eg har likevel mistanke om at desse folka budde på Møsstrond i Vinje det meste av livet.Er det nokon som har tilgjeneg til den nye bygdeboka frå Seljord, og kan finne ut noko for meg?Aanund

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

Ja, sannsynlegvis, men det var jo eit snodig påfunn å flytje frå Hovden til Treungen, så eg skulle gjerne hatt identifikasjonen verifisert.Aanund

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Bjørn Darrud

Jeg fant i farten to med navnet Leidulv Knutson i Seljord.1) Leidulv f 1733 på Homlid, Foreldre er Knut Torson Harding og Gro Leidulvsdtr Rue. Det fremgår ikke av kilden hva som skjedde med Leidulv senere, heller ikke når/hvor han dør. Kilde Seljord V s 5432) Leidulv f 1721 på Meås. Foreldre Knut Torbjørnson Hemmestveit og Bergit Leidulvsdtr Meås. Leidulv gifter seg 1749 med Guro Sondresdtr Grave og de får 9 barn på Meås. Kilde Seljord IV side 333Mvh Ole Bjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Bjørn Darrud

Det er viss en kar til i Seljord som heter dette i denne perioden:Leidulv Knutson fra Håtveit i Morgedal (sønn til Knut Talleivson Håtveit og Tone Leidulvsdtr fra Siljudale i Flatdal) f 1740 d 1792 på Vasstveit i Flatdal/Seljord. Han gifta seg 1778 med Tone Knutsdtr fra Vasstveit. De fikk 7 barn på Vasstveit. Kilde Seljord V s 347 + Kviteseid ættesoge (http://www.vest-telemark.no/)Mvh Ole BjørnDet ser altså u

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

Jau, eg fann også han på Meås. Men eg held likevel ein knapp på han frå Hommelii, som såvidt eg kan skjønne må vera eit filleplass oppi Åmotsdal, medan Meås er ein bra gard, som snaut skulle støre folk til å flytje åt Møsstrond eller Hovden.Men takk for svaret i alle høve!Aanund

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

Leidulv Knutsson frå Nigard Håtveit i Morgedal kjenner eg godt frå mi tid som Kviteseid-sogeskrivar. Han døydde ung, og har ingen etter seg.Aa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Bjørn Darrud

Iflg Seljordsoger/Kviteseid ættesoge er vel han på Homlid den eneste 'ledige' Leidulv Knutson som kan ha giftet seg med med Torbjørg Torsteinsdtr i Vinje 1764?Du nevner (7) at han fra Morgedal dør ung og uten etterkommere. Det stemmer ikke med hva ovennevnte kilder ser ut til å være enige om. Hvorfor er disse kildene feil?Mvh Ole Bjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

Sorry about that. Eg hugsa berre gale.I Kultursoga for Kviteseid har eg nytta familien hans som døme på ein huslyd med høg barnedødelighet, og på s. 453-554 i den nemnde boka har eg skrive: 'Men Leidulv, som blei fødd i 1792, greidde seg og vaks til. Han var den trettande og siste av ungane til Hæge Halvorsdotterer, og den sjuande som overlivde spebarnstida. For faren var han det femtande barnet. (...) Av dei attlivande borna har Knut, Tone og Leidulv ætt etter seg'.mvhaa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mary Farrell

Hi, AanundWhat years was your Leidulv Knutson in Bykle? Leidulv Knutson, son of Knut Torson d.e. Hardang & Gro Leidulvsdtr, g.m. (1764 in Vinje) Torbjorg Torsteinsdtr Gjuvland, dtr of Torstein Ledvorson & Aslaug Bjorgulvsdtr. The only child I have found for them is a daughter named Gro, bp. 6 Jan 1769 in Rauland. No farm name.If you have anything more on them, I am very interested. I am collecting all the descendants fo the Hardang family. These are related to Svein Knutson Hovden. But it's a pretty distant relationship. Svein's line comes from Knut Torson d.y. HardangMary Farrell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil J. Tveit

Leidulv Knutson fødd i Åmotsdal 1731/1733 kom frå Hovden i Bykle til Meinstad i Fyresdal(Fyresdal Gards- og ættesoge av Steinar Marvik side 750). Deretter til Uvdalen i Treungen i 1793(Gard og ætt, Treungen sokn av Kjell Åsen side 399). Uvdalen er ein svært einbølt gard langt syd i Nissedal kommune. Den blei fråflytta i 1910 og er i dag tilplanta med skog. Men tydlegvis tykte Leidulv han hadde kome veldig sentralt til, for dei gamle hermer etter han: ”No hev eg kome ut til sjøskeri”. Torborg Torsteinsdtr. født 1736 er moglegens frå Røldal, men eg har bladd gjennom heile Røldal-boka utan å finne henne. Leidulv og Torborg haddde sonen Knut Leidulvson fødd 1775. Knut Leidulvson gifte seg i 1796 med Anne Knutsdtr. Aarak. Det er usedvanleg stor etterslekt etter dei i Treungen, Felle, Gjerstad og Amerika. Leidul Knutson døde i Uvdalen 15.06.1820, Torborg Torsteinsdtr. 15.06.1817.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

Hei,og takk for all denne informasjonen. Då er det vel ikkje stort meir å hente om Leidulv, tenkjer eg.Sitatet kunne eg godt bruke, men nå kjenner eg ikkje uttrykket 'sjøskeri'. Kva tyder det ?Elles skal eg sjølvsagt få med at den garden i Treungen som vert kalla 'Opdal' i ft. 1801 i røynda, dvs bygdemålet, heitte Uvdalen.Eg meiner at Torbjørg Torsteinsdtr.var frå Møsstrond, og at far hennes heitte Torstein Holvik. Vidare er eg temmeleg sikker på at Leidulv og Torbjørg kom til Hovden i Bykle frå Møsstrond, men kvar dei heldt til der, veit eg ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil J. Tveit

Hei, beklagar ein liten sitatfeil etter Kjell Åsen. Det skal vere 'sjøskjeri', altså sjøskjæra. Dersom du slår opp i Bykle-boka på side 199 vil du finne plassen han var på i Bykle. Han hadde og ein bror Olav som du finn på side 44 i Bykle-boka. Ei merkeleg bok, forresten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

Jaudå. Den gamle bygdeboka for Bykle har med seg at Leidulv Knutsson budde ei stund på Hovden, men ikkje kva tid, kvar han kom i frå, kvar han vart av og kven han var gift med. Det er vel slikt,og verre, som har ført til at eg er i ferd med å skrive ei ny Byklebok. Bortsett frå Hovden er manus stort sett klart for sluttredigering. Men så er det alle desse fotografia som skal inn...Me reknar med publisering av to band i oktober neste år.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mary Farrell

Hi, AanundLet's post this one here. Torbjorg Torsteinsdtr is not Holvik. There was a probate for Torstein Sigurdson Holvik in 1781. Of course this is from the card catalogue, not the actual probate itself, so it may be in error. Or, it is possible that Torstein had an illegitimate child, too. But the heirs listed on the card are: Torbjorn, Kari, Gunnleik, Halvor & Birgit.When Torbjorg Torsteinsdtr and Leidulv Knutson were married in 1764, the sponsors were Torgrim & Olav Gjuvland. When their daughter Gro was baptised in 1769, witnesses were Gunnlaug, Sigurd & Tarjei Gjuvstoyl, Haege & Aslak Rauland.Torbjorg Torsteinsdtr Gjuvland had a sister, Gunnlaug who married Sigurd Tarjeison Tvetekkja who may be two of the witnesses listed above.Mary Farrell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest aanund olsnes

Hi again, Mary!So I was too fast and loose on that one.Leidulv's wife is still a dark horse then?Maybe she came from Åmotsdal after all?Any good ideas ?Aa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest aanund olsnes

Torbjorg Torsteinsdtr is not Holvik.Rereading your last message started me thinking of Gjuvland, Rauland. (In my opinion it ought to be spelt Juvland, but that's as maybe!).Berge (vol II, p 616)has one Torstein Juvland, b 1687, d 1768).Could he be Torbjørg's father ?Aa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest aanund olsnes

Til Egil J Tveit, Treungen.Når det gjeld Olav Knutsson på Bjones, ser det ikkje ut til at han var bror åt Leidulv, som hamna i Treungen på slutten.Det eg har skrive om han er fylgjande:Han som overtok eigedomretten til halve Bjonesplasset etter Nils Nilsson i 1796 var også tinndøl, Olav Knutsson Såheim heitte han. Namnet på foreldra hans har ikkje late seg finne (jfr. H.H. Einung: Tinn-soga II, 498, 571, 653, 662, sjå også Valle VI, 128). Av kyrkjeboka går det fram denne huslyden budde i Bjones så langt attende som 1791, men dei må då ha vore busetar inntil Olav fekk seg eigedomsrett 5 år seinare.Olav Knutsson Såheim, f ca 1744, d Tinn 1813, 70 år gmlg 1. m ukj.Barn, iallfall:Åsne, f ca 1775, konf Bjones 1791. d (24.6.)1809, ugg 2.1786 m e Turid Trulsdotter, f ca 1743, g 1.1764 m. Torgeir Olsson Mæland, g 2. 1770 m Vetle Olsson EinungForeldra av Turid heitte Truls Gjermundsson og Gunne Nilsdotter, og budde på Nordigard Gaustad i Tinn.Fyre dei kom til Bjones hadde Olav og folket hans sete eit par år i Hovden Der nede, som han hadde kaupt hjå Jon Torbjørnsson Breive i 1794. Året etter at dei kom hit selde han det bruket vidare til Sigurd Jonsson.I 1797 leigde Olav eit beite i Hislii av Auver Jonsson Holen, og gav han 100 dalar i pant. I 1799 levera Auver pengane attende, og ville sjølv ha bruken av beitet sitt, noko Olav i fyrste omgang ikkje ville gå med på. Saka vart likevel forlikt slik at Olav skulle få bruke beitet ut året, men neste år laut overlata det til Auver.I 1802 selde Olav plasset til Nils Tarjeisson Loftsgarden, men det er truleg at han likevel vart buande nokre år til. Elles skulle snautt Åsne, dotter hans, ha døydd i barselseng i Bjones i 1809, som ho faktisk gjorde. Men ikkje så lenge etter dette drog nok Olav attende til Tinn. Iallfall døydde han der i 1813. Åsne Olsdotter vart konfirmert i Bykle i 1791, og budde då i Bjones hjå faren og stykmora. I 1801 var ho tenestejente hjå Åsmund Olsson Dale i Valle. I konfirmantlista frå 1797 er oppført ei Ågot Olsdotter Bjones, men det er gale, ettersom ein ikkje kan finne att nokon med det namnet andre stader. Ei som derimot let seg finne er Ågot Vetlesdotter Bjones, som var dotter av Turid Trulsdotter frå det andre ekteskapet hennes. Denne jenta budde i 1801 hjå mora og stykfaren i Bjones, så me reknar med at presten i 1797 berre har gått ut ifrå at ho var dotter åt Olav Knutsson. Turid Trulsdotter hadde også to søner som budde ei tid i Bykle. Det var for det fyrste Truls Vetlesson, f 1785, som var i Bjones i 1801, og døydde ugift i 1808, og for det andre Peder Vetlesson, som i 1801 heldt til hjå den eldste broren, Tarjei, på Såheim i Tinn, men som i 1804 gifte seg i Bykle med Ingebjørg Bjørnsdotter Ljosådalen. Desse budde i 1807 på Ryningen, og døypte ein son, Vetle, derifrå 15.3. det året. Sidan heldt dei det meste av tida til som plassfolk i Ljosådalen under Løyland. Ingebjørg Ljosådalen hadde ein bror, Knut, som i 1802 hadde gift seg med ovanomtala Ågot Vetlesdotter Bjones, så det var nok gjennom henne Peder Såheim råka borti Ingebjørg. Peder døydde i Ljosådalen i 1818, men Ågot livde til 1848, mykje av tida i Ljosådalen, der ho fyrst sat enke etter Knut Bjørnsson Ljosådalen frå 1815 til 1827, og sidan var gift med Knut Olsson Løyland (jfr. Valle VI, 129 f).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest aanund olsnes

Leidulv Knutsson, oppsummering:Leidulv Knutsson var ein mykje flytjande mann, men kanskje er det likevel han Johannes Skar av ein eller annan grunn har oppfatta som rudkall på Hovden. Ialfall er han den einaste med namnet Leidulv som er kjend herifrå.Leidulv var fødd plasset Homlid under Berge i Åmotsdal, som son åt Knut Torsson Hardang og kona, Gro Leidulvsdotter, fødd Rue. Til Hovden kom han og huslyden hans frå Rauland. Dei er nemnde eit par vender i bygdesoga derifrå, (Vinje og Rauland III, 357 og IV, 299), men berre i forbifarten.Leidulv Knutsson Homlid, f. 6.9.1733, d 15.6.1820g 22.7.1764 m Torborg Torsteinsdtr.Juvland, f ca 1736, d 15.6.1816born, iallfallGro, f (6.1.)1769, lagnad ukj.Knut, f 1774, g 1796 m Anne Knutsdtr. Årak, busett TreungenTorbjorg Torsteinsdotter var frå Juvland i Rauland, dotter åt Torstein Lidvordsson på den garden og kona, Aslaug Bjørgulvsdotter, fødd Tvitekkja. Leidulv og Torbjørg budde i Rauland til dei flutte åt Hovden, det må ha vore ein gong på 1780-talet. I 1792 selde Leidulv parten sin i Hovden til Vrål Gunsteinsson Berdalen, kaupte att Meinstad i Fyresdal, gnr 28, bnr 1, men budde der berre eit par år. (Fyresdal Gards- og ættesoge, II, 748ff). Dinest drog han, kona og sonen Knut til ein gard heilt i sudenden av Treungen i Nissedal, som heitte Uvdalen. Denne blir karakterisert som svært einbølt, og det har ikkje budde folk der sidan 1910. I dag er han tilplanta med skog. Men tydelegvis tykte Leidulv likevel han hamna i kystnære strok : ”No hev eg kome ut til sjøskjeri”, hermer dei etter han. Det er stor etterslekt etter Knut Leidulvsson i Treungen, Felle, Gjerstad og Amerika (jfr. Nissedal Gard og Ætt, Treungen sokn, s 399)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest aanund olsnes

Jau, men 'æres den som æres bør'!Den som har skaffa meg både desse opplysningane og mange andre er Mary Farrell i Sacramento, California. Eg ofr min del låg jo under for ein illusjon om at ho helst var frå Møsstrond.Men når enden er god...mvhAanund

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Fjogstad

Aamund Olsnes: Undres på hvorvidt de nye Byklebøkene vil inneholde nytt materiale over bla. tidsrommet f.o.m. 1550 og bakover. Det var jo også vandringsvei forbi Bykle.LenkeMvh Knut

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest aanund olsnes

That's a very good question! Next question please!Men nei. Dette ligg rett og slett utanfor mandatet mitt, og det ville snaut bli nådig oppteke i Bykle om eg bruka ein haug med tid og energi på desse spørsmåla.Ei anna sak er at etter det eg skjønne vil ein ny gjennomgang av dei magre kjeldene til Aga-Byre-ætta og liknande meir og mindre obskure ættesamband langs vandringsvegene mellom Setesdal, Sørlandet og Vestlandet ikkje kunna føre til ny kunnskap, men berre eventuelle nye spekulasjona. Eg nøyer meg difor med å syne til det Alfered Ryningen har skrive om desse tinga.Aanund

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.