Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aanund Olsnes

[#24244] Rosemålaren Olav Torjusson frå Åmotsdal, Seljord

Recommended Posts

Gjest Aanund Olsnes

Det eg veit om Olav Torjusson og huslyden hans er det nedanståande;Olav Torjusson, f 13.1.1754, d 12.6.1828g 1793 m Signe Gunnarsdotter Nedgarden, f 1766, d 1816born: Aslak f 1794 Torbjørn, f 1796 Ingebjørg, f 7.6.1799, g m Olav O. Fetveit, busett Listøyl u Nedgarden Aslaug, f 1810Alle borna vart fødde i Vinje. Eg har ikkje sett etter fødselsdatoane deira i kyrkjeboka frå den bygda, men tek årstala frå Øystein Vesaas. Rosemåling i Telemark.Signe, kona åt Olav, var dotter åt Gunnar Olsson Nedgarden på Smørklepp, og såleis syster åt Hallvard Gunnarsson i Bjåen. Kyrkjeboka frå Seljord fortel at far åt Olav heitte Torjus Andersen, men gjev korkje opp namnet på mora eller kvar dei budde. Faddarane var frå Åmot, Selstad og Øverbø, ser ein, og det fortel kanskje noko om ætta.-------Dette er det eg har. Nå er spørsmålet om nokon annan har, eller har lettvindt tilgjenge til, meir presise opplysningar om opphavet åt kunstnaren.Står det t.d. noko i den nye Seljordssoga av Odd Karlberg ? Aa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Har du sett nærmere på hva fadderne heter? Av egen erfaring vet jeg at det her kan dukke opp både besteforeldre og tanter og onkler av dåpsbarnet. Og slike opplysninger har jeg hatt nytte av når jeg skal sjekke eller få bekreftet 'farmilieforbindelser'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aanund Olsnes

Hei og takk for svar.Den utvegen du nemner har eg diverre ikkje, ettersom eg ikkje sjølv har sett på den nemnde kyrkjeboka, men berre har notatar gjorde av andre. Der står kvar faddarane var ifrå, men ikkje kva dei heitte.Nå ser eg i den den gamle Seljordssoga av Tov Flatin (vol. III,1954, s 245 f) går det fram at der var både Olav, Torjus og Andres i ætta på Selstad, så sannsynlegvis var far åt Olav Torjusson utstokken frå den ætta. Lenger kjem eg ikkje med dei hjelperådene eg har for handa.Aa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Søkte litt i debattforumet og fant denne Kan den være til hjelp? Nye bygdebøker fra Seljord

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aanund Olsnes

Tusen takk.Det var verkeleg ei flott kjelde, som eg ikkje hadde greie på fanst til!Og jamen trur eg også at min mann står der, under søndre Selstad. Torius, 15 år.Nå kan ein vel seia at dette er ein usikker identifikasjon, men faktisk var det berre 2 Torjus-ar i Seljord ved dette leitet, og den andre er for gamal til å vera far åt ein som vart fødd i 1754.Atter takk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aanund Olsnes

Nåja, der var vist fleire Torjus-ar likevel. Men ettersom faddarane frå 1754 gjev grunn til å tenkje Selstad, er i alle fall han som budde der i 1730 den mest rimelege.Men dermed er me i grunnen like langt, ettersom me framleis ikkje veit kvar denne Torjus (Andersson/Andresson) budde som vaksen. Eg har sjekka 1782-folketeljinga frå Seljord, og der er det ingen Torgjus/Torgius/Torjus/Torius, så innan dess var nok guten frå 1730 daud og gravlagd.Så eg lyt nok skaffe meg tilgjenge til bøkene åt Odd Karlberg, om eg då ikje rett og slett skal ringe til forfattaren og spørje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Ættesoga V Øverbø, nedre, syndre side 672: Olav, 1754- g 1790 med Signe Gunnarsdtr. Nordstoga, til Vinje. Han er barn nr. 7 av Torjus Andresson Selstad, 1712-1755 g 1736 med Ingebjørg Halvorsdtr Skori 1714-1790?Selstad syndre side 594: Torjus med foreldre: Andres Olavsson Selstad, 1670-1763 g II 1712 med Margit Amundsdtr, ca 1693-1761.Selstad side 591: Andres med foreldre: Olav Andresson Selstad, ca 1640-1692 g 1664 med Sigrid Såmundsdtr Skori, -.Skori nedre side 653: Ingebjørg med foreldre: Halvor Eigilsson Skori, 1670- ca. 1722 g II med Torbjørg Åsmundsdtr.Skori øvre side 640: Halvor med foreldre: Eigil Halvorsson Skorei, - 1673 g med Bergit Eivindsdtr Sundbø, ca 1651-.Dette er noko av det eg fant, du bør låne boka for å kontrollere og kanskje du finn meir. Mvh Gro Berit.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aanund Olsnes

Takk til deg, då kan avsnittet mitt om rosemålaren gjerast ferdig!Elles ringde eg kulturkontoret i Seljord og tinga bøkene idag tidleg, så eg får dei vel på måndag. Jamvel om eg nå ikkje lenger treng dei til dette fyremålet er dei nok i alle høve kjekke å ha:-).mvhAa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aslak Bekhus

Når det gjeld ungane til Olav Torjusson, trur eg at eg skal korrigere og supplere litt.Aslaug f.1810 er dotter av Olav Tarjeison (frå Haugen u.Vinjerui)Olav Torjusson var gift 1790 i Vinje og hadde desse barna som er døypt i Vinje/Rauland:Aslak f.1791 d.1792Aslak f.1793Torbjørn f.1796Ingebjørg f.1799Birgit f.1803 d.1807Iallefall Torbjørn og Ingebjørg hadde etterkomarar.Helsing Aslak

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aanund Olsnes

Takk for dei opplysningane.Eg har som nemnt ikkje leita etter desse folka i kyrkjeboka, men berre teke dei oppgåvene eg har funne i litteraturen.Rikard Berge nemner at Ingebjørg Olavsdotter var gift med ein frå Fetveit, så at der skal vera born etter henne er som ein kan vente.Men når det gjeld Torbjørn fortel Rikard ingenting om at han var gift eller hadde born. Det einaste tolleg sikre han har om han er at Myllarguten hengde på han venamnet 'Målarbeistet', avdi han ein gong han var full knuste fela hans. Elles har han ei soge om at Torbjørn fraus ihel i fylla i 1838, men her tek han atterhald om at det kan dreie seg om ein annan Torbjørn Olavsson, så ikkje veit eg.Men om du hadde greidd å grava fram opplysningar om giftemål, born og dødsdato, hadde det vore fint. helsingAanund

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.