Gå til innhold
Arkivverket

[#24326] Jørgen Jensson Langeland sin familie


Gjest Elias Solsvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Elias Solsvik

Jørgen Jensson Langeland vart fødd 27/10 1772 i Nordfjordeid. Han vart konfirmert i 1789 same stad. I 1796 reiste han til Bergen og begynte på Katedralskulen. I 1799 gjekk han inn i militæret og vart etter ei tid kaptein i den danske hær. Men kva skjedde med han vidare? Kor var han t.d. under Napoleonskrigen 1807- 1814 (naudsåra i Noreg)? Er det andre som har granska på slekta Langeland frå Nordfjordeid?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Om du tek kontakt med Tore Turøy på Bildøy, får du nok god hjelp. Han har skrive slektsbøker om både Turøy og Misje - og no trur eg han er i gang med Solsvik/Landro-området.Der sat ein Langeland på Solsvik i 1814 og var 'storkar'. Han åtvara m.a. bøndene der mot oppreisten mot kjøpmenna i Bergen 1814 (den andre strile-krigen).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

Eg er redd for at Elias kan mykje meir om Langeland-slekta enn eg. Jørgen var bror til Jens Jensen Langeland som busette seg på Solsvik som handelsmann tidleg på 1800-talet.Det eg veit om denne slekta er stort sett det eg har funne i boka ”Langeland-slekta frå Nordfjord til Solsvik” av Monrad Andreas Langeland. Denne boka er eg sikker på at Elias også er eigar av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ja, dette veit nok du betre enn eg. Men ein kunne jo aldri veta ...Så det var broren Jens som var handelsmann på Solsvik. Det har eg nok ein eller annan stad nedteikna, men ikkje lett tilgjengeleg. Det går i litt andre ting nett no.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.