Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#24492] Jon Laberg, bygdebokskrivar, hadde ein halvbror Hans i Amerika - opplysningar?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Bygdebokskrivar Jon Laberg frå Hafslo i Sogn har skrive mykje om andre ætter, men lite om si eigi! Mor til Jon var Anna Andersdotter, opphavleg frå Ytrefjorden i Hyllestad, og ho hadde tre born før ho vart gift med Arne Laberg i Hafslo. Eitt av desse var:Hans Rasmusson, fødd i Askvoll 1.4.1853. Faren var ein Rasmus Carlson. I 1865 finn me att Hans som fosterson hjå Thor Nilsson og Ingeborg Trulsdotter på Breivik i Lavik, men då Anna Andersdotter Laberg døydde i Hafslo i 1904, vart det sagt at sonen då var busett i Amerika, og namnet hans vart oppgåve som:HANS KROGFamilySearch har fleire innførsler for denne Hans Rasmusson, og han vert mellom anna kalla Hans Arnesen og likeins Hans Andersen. Ei av desse innførslene hjå FamilySearch seier han døydde 20.11.1931. Han må soleis vera identisk med ein Hans Krogh 1853-1931, som ligg gravlagd på Bruflat cemetery i Viking township, Traill Co., ND i lag med kona Martine 1855-1910. Denne Hans Krogh skal ifølgje US census 1930 ha utvandra i 1875, men eg finn han ikkje mellom emigrantane over Bergen hamn.Spørsmål:* Kan nokon identifisera utvandringi til Hans Rasmusson/Krog(h)?* Kan nokon gjera eit oppslag i US census 1900 for Traill Co., ND for å få eit overblikk over huslyden til Hans på den tidi?Eg takkar so mykje på førehand for all god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Eide

Roseville Twshp, South, Traill Co, ND. US census 1900.Hans Krogh f. april 1853 i Norge innvandret 1875.Marthina f. 1855 (?) 43 år innvandret 1877.Arnold søn f. Oct 1875 innvandret 1877.Sophia f sep.1881 i Iowa.Harold f. juni 1886 I Nord Dakota (ND)Hermann f oct. 1891 i ND.Onar f nov. 1891 i ND.Olga f mai 1897 i ND.Emma f okt. 1899 i ND. Geir Eide

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Eide

Her reiser kona Marthina og sønnen Arnold Johan i 1877:LenkeMvh. Geir Eide

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Eide

Jeg ser av 'US census 1900' at Marthina har 2 barn til som ikke er ført opp i husstanden. Et barn er dødt.Mvh Geir Eide

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Eide

Her bor familien i Decorah,Iowa i 1880. Her er det en sønn Arne som ikke er ført inn under husstanden i 1900 tellingen i ND. LenkeGeir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg er verkeleg imponert! Hjerteleg takk til deg, Geir, for mange nyttige opplysningar om huslyden til Hans Krogh!Eg har no leitt fram huslyden både i US1910 og i US 1920 og har dessutan funne ein del tilleggsopplysningar i andre amerikanske kjelder. Det syner seg vera 11 born i alt, men ein son fødd i 1899 døydde same året!Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×