Gå til innhold
Arkivverket

[#25109] Samson Andersson (1746-1812) frå Hafslo til Gulen - kva med søskeni hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Husmann Anders Christenson i Lundsbakken under Lunde i Hafslo døydde i 1763 og let etter seg enkja Guri Samsonsdotter (rimelegvis av Losna-ætt!) og fire born:* Lars Andersson, døypt i Hafslo 7.2.1744* Samson Andersson, døypt i Hafslo 26.6.1746* Ole Andersson, døypt i Hafslo 21.12.1749* Martha Andersdotter, døypt i Hafslo 5.3.1752Enkja Guri Samsonsdotter og dei fire borni vart alle borte frå Hafslo; berre sonen Samson veit me noko om: Han var i 1763 i teneste hjå ein Hans Andersson i Utvær skipreide, og han gifte seg sidan i Gulen 8.7.1779 med Johanna Jacobsdotter frå Avlaup, fødd kring 1753. Desse finn me att som gardbrukarar på Næsøya i Gulen der Samson vart gravlagd 19.7.1812. Johanna døydde same staden 18.10.1823. Dei fekk visstnok åtte born i lag:a. Jacob Samsonson, døypt i Gulen 21.11.1780, vart gravlagd i Gulen 1.1.1781.b. Anders Samsonson, døypt i Gulen 7.4.1782, vart gravlagd i Gulen 12.5.1783.c. Anders Samsonson, døypt i Gulen 23.3.1784, vart gravlagd i Gulen 4.4.1784.d. Guri Samsonsdotter, døypt i Gulen 10.9.1785, levde i 1801.e. Mikkel Samsonson, døypt i Gulen 28.7.1788, vart gravlagd i Gulen 24.11.1798.f. Johannes Samsonson, døypt i Gulen 26.8.1790, kom bort på sjøen under fiske 16.3.1824. Han var då gardbrukar på Næsøya, men vart gravlagd frå Husøy!g. Jacob Samsonson, døypt i Gulen 14.2.1794, vart gravlagd i Gulen 21.2.1794.h. Britha Samsonsdotter, døypt i Gulen 7.12.1795, levde i 1801.Eg reknar med at bygdeboki for Gulen har fleire opplysningar om Samson og borni hans(?), men kva med søskeni hans? Det er vel ikkje urimeleg å tru at Lars, Ole og Martha og likeins mor deira kan ha teke vegen utover fjorden?Eg tek med stor takksemd imot alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Henry Neverdal

Kom tilfeldig inn på temaet. Eit tips er at du er i Solund kommune. På den tida var Solund sogn under Eivindvik prestegjeld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Nesøy ligg i Solund kommune. I Bygdebok for Solund vil du finna noko om Samson Andersson og etterkomarane hans. Johannes Samsonson budde i Nesøy der han overtok garden etter faren. Guri Samsonsdtr. g.m Jan Hansson Straumen og budde der og seinare på Storøy. Brite Samsonsdtr. g.m Ola Ivarson Skarnagel og budde på Storøy. Særleg Guri har ei stor etterslekt. 23/7 1786 er det ein Ola Andersson Nesøy som gifter seg med husmannsenkja Engel Mikkelsdtr. Tungodden. Der vert han buande. I 1801 er han 51 år. Kan dette vera vår mann? 23/6 1795 gifter Marta Andersdtr. Nesøy seg med Hans Jonsen Humledal. Eg har ikkje greidd å finna dei att i 1801. Men Marta Andersdtr. er ikkje frå Nesøy, så det kan kanskje vera syster til Samson. Håper dette kan vera til litt hjelp.Alf Strand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Henry og Alf for innlegg. Eg burde sjølvsagt ha tenkt på Solund når eg skreiv innlegget mitt, men no er det i alle høve slege fast!Dei to forslagi dine, Alf, til søskeni Ole og Martha, høyrest svært interessante ut! Når det gjeld Ole Tungodden, ser eg at han og Engel var barnlause, og i so fall har kanskje bygdeboki noko å seia om ervingane hans??Når det gjeld Martha Andersdotter og Hans Johnson, ser eg av FamilySearch at dei fekk eit barn i 1795 som døydde kort etter fødsli og ingen fleire born. Kanskje døydde ein av dei like etter? Ei Martha Andersdotter Støldal døydde i 1797, 45 år - kan det vera ho? Alderen høver i alle fall godt!Nok ein gong hjarteleg takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Bygdeboka opplyser ikkje noko om skifte etter Ole Andersen Tungodden. Heller ikkje noko om dødsfallet til Engel.Så der kom me ikkje lenger.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Alf, for nytt innlegg, skuffande denne gongen... Men det skal vel ikkje alltid vera so enkelt...Eg ser det var jordpåkasting på Ole Andersson Tungodden 5.2.1813, so då var det vel ikkje noko å skifta etter han...Derimot ser eg at det vart halde skifte etter Martha Andersdotter Støldal som døydde i 1797, OM det er ho... Eg ser ho er nemnd å bu i Lavik skipreide, og skiftet er i prot. 11B på side 659. Men det er vel kanskje tvilsamt om det er ho...?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Den Martha Andersdtr. Støldal som døde i 1797 ble i følge Ættebok for Lavik gift 1783 på Viehaug (Nygård)i Lavik med Hans Erikson Nygård og deretter 1787 med Hans Anderson (Øvre) Ås. Hun hadde et barn i hvert av ekteskapene (f. 1783 og 1789) som vokste opp og bosatte seg i Lavik, så det er vel tvilsomt om det er hun som da gifter seg for tredje gang i 1795 i Humledal i Solund.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Gisle Hersvik

Nok eit ”gamalt” tema….det er mogeleg du har komme vidare med denne huslyden sida i fjor haust!1) Guri Samsonsdotter; Er hennar opphav kjend? Ser at ved vigsla i 1739 er både ho og mannen skrevne Opheim (Hafslo). Er hennar dødsår/stad kjend?2) Lars Andersson; Kjenner ein lagnaden hans?3) Guri Samsonsdtr.; Ho gifter seg i 1820 m. Jan Hansson, men det er også eit giftarmål i 1825 mellom Guri Samsonsdtr. og ein Jokum Aritzson, dette er vel same Guri som gifter seg oppatt, då ein Jan Hansson Næsøen d. 16.3.1824 (f. ca. 1795): Lenke (kom vekk på sjøen, same dag som Johannes Samsonson, sjå linja over Jan).Kan ein anta at Ole og Marta som Alf nemner i innlegg (3) er ”dine”folk?M.v.h.Gisle Hersvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Terje og Gisle for dei siste innleggi i dette tema, som diverre er vorte liggjande altfor lenge ''urørt''!Spørsmåli dine, Gisle:1) Guri Samsonsdotter var frå Opheim i Hafslo og fødd der kring 1714. Mannen Anders Christenson sitt opphav er fortsatt noko omtvista.2) Lars Andersson døydde før 1768, kan henda i Solund, men han var barnlaus.Når det gjeld Guri Samsonsdotter, f. 1785, so kjem eg attende til ho nedanfor. Likeins vil eg ta opp dei to søskeni hans Samson for seg.Nedanfor følgjer manuskriptet mitt for huslyden til Samson Andersson slik det ligg føre i dag. Spørsmåli er avmerkte i eigne avsnitt, og alle svar som kan skaffast frå Solund, vil vera hjarteleg velkomne:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ 2. Samson Andersson, døypt [Hafslo] 26.6.1746, flytte alt kring 1760 til Utvær i Solund der han i 1763 tente hjå ein Hans Andersson. Han gifte seg sidan i Solund, Gulen 8.7.1779 med Johanna Jacobsdotter frå Avløyp i Solund. Ho var dotter av gardbrukar Jacob Sjurson på Avløyp og andre kona Johanna Nilsdotter frå Tangenes og vart døypt i Solund, Gulen 14.11.1753. Samson var fiskar, og han og Johanna vart dessutan gardbrukarar på Næsøya i Solund, Gulen. Samson vart gravlagd frå Næsøya 19.7.1812, medan Johanna d. som gardbrukarenkje same staden 18.10.1823. Dei fekk åtte born i lag:a. Jacob Samsonson, døypt i Gulen 21.11.1780, vart gravlagd i Gulen 1.1.1781.b. Anders Samsonson, døypt i Gulen 7.4.1782, vart gravlagd i Gulen 12.5.1783.c. Anders Samsonson, døypt i Gulen 23.3.1784, vart gravlagd i Gulen 4.4.1784.d. Guri Samsonsdotter, døypt i Gulen 10.9.1785, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)Guri gifte seg første gongen¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – kring 1820?)med Jan Hansson frå Straumen i Solund, døypt i Gulen¤¤¤¤¤ (dåpsdatoen hans?)1796. Jan og Guri var visstnok plassfolk under Nesøya i Solund, men Jan miste livet på sjøen alt 16.3.1824, og Guri gifte seg att i Solund, Gulen¤¤¤¤¤ (vigselsdatoen hennar?)1825 med Jokum Aritzson frå Straumen i Solund, døypt i Gulen 3.11.1800. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Jokum og Guri var visstnok gardbrukarar på Storøya, Ytterøya i Solund.¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – Guri hadde minst ein son frå første ekteskapet!)e. Mikkel Samsonson, døypt i Gulen 28.7.1788, vart gravlagd i Gulen 24.11.1798.f. Johannes Samsonson, døypt i Gulen 26.8.1790, kom bort på sjøen under fiske 16.3.1824. Johannes gifte seg i Gulen¤¤¤¤¤ (vigselsdatoen hans?)1815 med Guri Larsdotter frå Humlevåg i Solund, døypt i Gulen 7.6.1794. Ho d. som enkje på Nesøya i Solund, Gulen¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hennar?)1828. Johannes og Guri tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Nesøya i Solund, Gulen, men Johannes var òg fiskar. Dei fekk tre born i lag.g. Jacob Samsonson, døypt i Gulen 14.2.1794, vart gravlagd i Gulen 21.2.1794.h. Britha Samsonsdotter, døypt i Gulen 7.12.1795, d. som innerstenkje på Storøya i Solund 5.3.1886. Britha gifte seg¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar?)1824 med Ole Iverson frå Skarnagel i Solund, døypt i Gulen 5.4.1800. Han d. som legdelem på Tungodden i Solund 10.3.1881. Ole Iverson var husmann og fiskar, og han og Britha budde på Storøya under Ytterøya i Solund. Dei fekk¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – minst fem?)born i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for nyttige og interessante opplysningar! Eg var òg inne og leitte på FamilySearch, men utan å finna nokon av desse vigslene; eg skjønnar ikkje kvifor!Men no er dei i alle fall komne på plass!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Samme kilde viser fløgende barn av Ole og Britha:1. Johanne f. 04.03 og døpt 28.03.18242. Brithe f. 05.08 og døpt 25.09.18253. Ingeborg f. 15.10 og døpt 19.10.18284. Synneve f. 06.11 og døpt 21.11.18305. Iver f. 28.03 og døpt 31.03.18346. Johannes f. 08.09 og døpt 11.09.18367. Andreas f. 28.04 og døpt 08.05.1840 Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Eg ser du bruker Gulen som navn på prestegjeldet - og det er vel litt unøyaktig. Som du sikkert kjenner til var Gulen på denne tiden navnet på et skipsreide som omfattet deler av Eivindvik prestegjeld og deler av Lindås prestegjeld. Først rundt 1900 blir Gulen navnet på kommunen og prestegjeldet - et prestegjeld som da omfattet bare hovedsognet i det gamle Eivindvik prestegjeld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Terje for nye interessante innlegg!Med omsyn til Gulen som namn, so ser eg at det ville vera riktigare å skriva Eivindvik som stadnamn...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

En liten kommentar til Rune sin liste av barn for Ole og Brite. En finner de samme barna i Fylkesarkivet sine databaser - og en ser da at FS bruker hjemmedåpen som dåpsdato heller enn stadfestelsen i kirken. Siden det kan være flere måneders forskjell på disse datoene kan folk begynne å lure hvis de slår opp i kirkebøkene og ikke finner dåpen rundt den oppgitte datoen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter dei siste innleggi om denne huslyden sit eg no att med berre nokre få spørsmål før eg er nøgd:* Dato (og stad) for dødsfallet til Guri Larsdotter Nesøya (som skal vera avlidi på Nesøya i Solund i 1828??)?* Datoar og stader for dødsfalli til Guri Samsonsdotter og andre mannen Jokum Aritzson? Bygdeboki for Solund meiner dei båe må vera avlidne før 1850, men finst det noko i kyrkjebøkene som kan stadfesta dette?* Endeleg, kor mange born fekk Guri Samsonsdotter? Me kjenner til ein son etter første bekteskapet, Jan Janson, fødd 1824, men ho har sikkert hatt fleire...? Kanskje hadde ho òg eitt eller fleire ''uekte'' før ho vart gift?Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden og vonar på fleire gode opplysningar...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for siste bidrag!Eg kan ikkje forstå kvifor eg ikkje sjølv får fram desse borni på FamilySearch, men hovudsaki er jo at dei kjem ''til rettes''...Etter dette kjenner me altso til to born etter Jan og Guri, men om Helene døydde i 1821, er det ''plass til'' eitt til imellom ho og Jan i 1824...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Guri Larsdtr. Nesøy d. 30/10 1828. Guri Samsonsdtr. og Jan Hansson hadde berre to born, Helene f. 15/11 1820, d. 2/11 1821 og Jan, f. 4/12 1824, vel 8 mnd etter at Jan Hansson kom vekk på sjøen, 16/3 1824. Eg har ikkje noko i mine avskrifter som fortel om dødsfallet til Jokum Aritsson og Guri Samsonsdtr. Det ser ikkje ut til at dei to hadde born.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Alf for dødsdatoen til Guri Larsdotter og opplysningi om borni til Guri Samsonsdotter. Då kan me vel tru at Guri ikkje fekk meir enn dei to borni og at ho heller ikkje hadde nokon ''på laust''...?Elles ser det ut til at lagnadane til Jokum Aritzson og Guri Samsonsdotter skapar ''vanskar''..., eller? Kan dei vera farne frå Solund? Til Bergen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Heilt tilfeldig oppdaga eg at Jokum Aritzson Storøen i 1865 sat som straffange på Bergenhus festning, og i strafferegisteret finn eg:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~880 Jochum Aritsen Storøen Pladsmand Demitteret Straffange Evindvigens P. 57,5 0 12.08 1861 Grovt og simpelt Tyveri 11 Høiesteretsdom af 3de April 1861 Nordre bergenhuss Amt~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Han vart altso innsett i 1861 for elleve år, men eg kan ikkje sjå at han døydde i Bergen, so mest truleg flytte han attende til Solund?Eg er framleis svært interessert i dødsdatoen hans og dødsdatoen til kona Guri Samsonsdotter...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.