Gå til innhold
Arkivverket

[#25202] John Johannesson, f. 1715, båtbyggjar - frå Hafslo til Bergen - lagnaden hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

John Johannesson, fødd kring 1715 i Dvergsdalen i Hafslo, gifte seg i Hafslo i 1755 med Martha Iversdotter frå Skophammar, døypt i Hafslo 7.11.1730. John var båtbyggjar, og etter fleire år som husmann i Loi under Kroken i Hafslo flytte han og Martha kring 1760 til Lærdal og sidan vidare til Nordnes i Bergen. Me veit dei levde båe i 1771, men eg har ikkje funne dødsdatoar for nokon av dei!Me kjenner til fem born:* Johannes Johnsen, døypt i Hafslo 26.12.1755* Iver Johnsen, døypt i Luster 18.8.1757* Anna Johnsdotter, døypt i Hafslo 27.5.1759* Gunnhild Johnsdotter, døypt i Lærdal 1.6.1762* Jens Olai Johnsen, døypt i Bergen 16.6.1771Av desse borni trur eg at eg har funne att ei: Gunnhild Johnsdotter er truleg identisk med ho som 5.6.1786 gifte seg i Nykyrkja i Bergen med snikkar (bordarbeidsmand) Johannes Nilsson og fekk desse seks borni i Domkyrkjesokni:- Karen Martine, fødd 24.9.1786- Nils Johan, fødd 13.7.1790- Ole Johan, fødd 18.11.1795- Birthe Marie, døypt. DK 7.5.1797- Christiane, fødd 28.6.1800- Ole Johan, fødd 25.4.1805Eg er primært interessert i fleire opplysningar om lagnaden til John Johannesson og kona Martha Iversdotter, men tek gjerne imot fleire opplysningar ogso om borni deira!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar Svein so mykje for innlegget og må få spørra om kvifor du trur Johannes Nilsson var frå Sanden i Os? Vert det sagt noko i bygdeboki for Os om dette?Elles er eg framleis interessert i fleire opplysningar om dei andre borni og om foreldri.Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.