Gå til innhold
Arkivverket

[#25204] Gjevle Ingebrigtson (1742-1811) - skomakar i Bergen - kven var han? -borni hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Gjevle Ingebrigtson, fødd kring 1742, uvisst kvar, gifte seg i Bergen 19.2.1775 med Johanna Iversdotter frå Skophammar i Hafslo og døypt der 26.3.1744. Gjevle var skomakar, og han og Johanna vart buande i Bergen der Johanna vart gravlagd 3.10.1800. Gjevle vart gravlagd i Bergen 9.5.1811. Eg har funne tre born:* Ingebrigt Gjevlesen, fødd i Bergen 6.8.1775, er nok identisk med ølbryggjar Ingebret Andreas Gjævlesen som døydde i 24-31 Krosskyrkjesokni i Bergen 25.6.1836, 61 år gamal. Han gifte seg i Bergen 23.11.1800 med ei Ana Marie Olsdotter og var både seglmakarsvein og jekteskipper før han tok til å bryggja øl. Dei fekk minst åtte born.* Karen Johanne Gjevlesdotter, fødd i Bergen 21.8.1780* Oline Andrea Gjevlesdotter, fødd i Bergen 28.8.1783I tillegg til opplysningar om opphavet til denne skomakaren Gjevle Ingebrigtson er eg likeins oppteken av lagnaden til dei to døtrene og eventuelt andre born.Eg ser av FT1801 at Gjevle-namnet var i bruk på Lindås (og BERRE der!), men var Gjevle Ingebrigtson derifrå?? Han er ikkje i fødselsbasen for Lindås...Eg vonar at nokon kan hjelpa meg og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Astrid, for interessante innlegg. Det er rimeleg sikkert du har funne den rette Gjevle, sjølv om alderen ikkje stemmer heilt! Eg ser at foreldri hans òg hadde ein son Ole fødd i 1749 i Bergen, og so vart dei gifte i Bergen i 1748. Då er det eit spørsmål om ein eller båe av foreldri kan vera frå Lindås. Kanskje einkvan dreg kjensel på dei?Nok ein gong hjarteleg takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Rindedal

Ingebrigt Olsen var gift 1.gang 1744Korskirken med Anna Jonsdtr fc1710-1747.2 barn fra dette ekteskap, Marta f.1745 som er fadder i 80 og Gevle 1747-1747.Ole nevnt 44 som soldat v.capt.Groves kompani. Bopel Ladegården(45) +St.Sandviken(47) +ved Steinkjelleren(49). Yrke dikselmann(52) Skifte etter Ingebrigt i 1772, sønnen Ole da i København. Gevle Ingebrigtsen har også en sønn Iver Olay(!)f.1777-1782 fra rode 5-73

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svein for interessante tilleggsopplysningar. Iver Olay var eg ikkje merksam på!Elles er det store spørsmålet no kvar det vart av dei to døtrene Karen Johanne og Oline Andrea!?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.