Gå til innhold
Arkivverket

[#25206] Peder Leganger Knoph, urmakar i Bergen kring 1800 - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Peder Leganger Knoph, urmakar i Bergen, var fødd kring 1760, uvisst kvar, og døydde i Bergen 5.10.1839. Han gifte seg i Bergen 17.11.1791 med Dorthea Sophie Hermansdotter Hammer, døypt i Bergen 10.6.1770. Ho d. i Bergen 25.6.1811. Dei fekk elleve born.Men kven var urmakar Knoph? Kvar kom han ifrå?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Randi Rostrup

Namnekombinasjonen Leganger-Knoph kjenner eg opphavet til berre ein stad i landet, nemleg på Jæren på slutten av 1600-talet. Karen Pedersdotter Leganger (f. kr. 1675) var dotter til Hå-presten Peder Eiriksson Leganger (1638-1706) og Karen Lauritzdotter Lind († 1697). Karen Leganger var gift tre gonger, 2. gong med løytnant Hans Olsson Knoph, truleg frå Rygge i Østfold. Dei budde på Jæren i 1701, men flytta til Østfold ikkje lenge etter. Ved skiftet etter Hans Knoph på Gibsund i Rygge i 1706 var det 5 born: Peder, Ole, Karen, Iver og Hans.Eldste son Peder Hansson Knoph (f. kr. 1700) vart løytnant som faren og budde på Bryne på Jæren. Han hadde 11 born og mange av borna vart kalla Leganger og fleire av etterkomarane kalla seg Leganger og Knoph i ulike kombinasjoner. Om desse 11 borna sjå Time gards- og ættesoge s. 65 og 71. Med ei temmeleg stor etterslekt gissar eg på at den Peder du søkjer kan stamma frå han og kona Kirsten Olsdotter Line. Det finst også trådar til Bergen frå han, og ein soneson Peder Pedersson Knoph (f. 1787) var urmakar på Folkvord i Høyland. Ei dotter med namnet Friderica Sophia Agnete Knoph var gift med Ole Svensson i Stavanger. Dei hadde ein son Peder til dåpen i Stavanger DK den 19/8 1774 (sjå DA). Dette er nok for seint til å vera din Peder, men dette var kanskje slektningar.Karen Hansdtr. Knoph (f. 1703) vart gift i Stavanger, men etter kva eg kjenner til, kalla ikkje hennar etterkomarar seg for korkje Knoph eller Leganger (utan at eg er 100% sikker). Dei andre tre borna nemnde i skiftet 1706 kjenner eg ikkje lagnaden til. Dei var små når faren døydde og mora Karen Leganger gifta seg for tredje gong i Østfold og vart der resten av livet († før 1721). Det kan tenkjast at borna slo seg ned der, men dei kan vel også gjerne ha hatt etterkomarar som kom til Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sølvi Arntzen

Se Bergens Tidende 2 april 2004, artikkel av Øivind Ask og Yngve Nedrebø.Urmaker i Bergen Peder Pedersen Knoph, født ca 1765, var sønn av sersjant Peder Pedersen Knoph, døpt 26.4.1740, død 3.10.1826, gift 12.11.1765 med Siri Rasmusdatter Fosse (1747-93).Sersjant Peder var sønn av kaptein ved Vesterlenske reg., bruker på Bryne gård i Time, Peder Hansen Knoph, født 1700, død 8.8.1758, gift 7.3.1731 i Time med Kirsti Olsdatter Line, født 1709 i Line, død oktober 1773 i Stavanger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Vibeke Lund Åhling

Dette er kanskje litt utenfor - men stor takk til Sølvi Arntzen som med dette besvarer mitt gamle (og dessverre rotete) innlegg nr. 7679!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne ogso få takka for fleire interessante innlegg om denne huslyden, men ei sak er likevel uklår for meg:Er det riktig som FamilySearch seier, at urmakar Peder Leganger (Pederson) Knoph og alle søskeni hans var fødde i Time? Kvar budde sersjant Peder Pederson Knoph og kona Siri Rasmusdotter?Nok ein gong, hjarteleg takk for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.