Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#25207] Anna Magdalena Larsdotter gift i Bergen 1788 - frå Selseng i Sogndal eller kva?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Iver Olai Hermanson Hammer, døypt i Bergen 4.8.1765 av foreldre innflytte frå Hafslo i Sogn, gifte seg i Bergen 23.1.1788 med:Anna Magdalena LarsdotterIver Olai Hammer var urmakar i Bergen der han døydde 11.3.1813. Eg har ingen fleire opplysningar om Anna Magdalena, men kjenner til åtte born som alle var fødde i Bergen:* Berthe Dorthea, fødd 3.1.1789* Magdalena Dortea, fødd 7.9.1790* Giertrue Malene, fødd 27.12.1791* Ingebor Gurine, fødd 18.3.1794* Lars Andersen, fødd 16.9.1796* Lars Andersen Selssing, døypt 5.4.1799* Guner, fødd 14.1.1801* Jens, fødd 9.3.1805Eg finn ikkje noki Anna Magdalena Larsdotter fødd i Bergen som kan høva, men eg bit meg særskilt merke i sonen som er døypt Lars Andersen Selssing (Selseng?)! Dette namnet gjev meg assosiasjonar til Sogndal der me finn gardsnamnet Selseng og kan ikkje anna enn å lura på om Anna Magdalena på eitt eller anna vis har tilknytting til Sogndal?Eg vonar at einkvan kan hjelpa meg identifisera Anna Magdalena og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg gløymde å nemna at Anna Magdalena Larsdotter var 39 år i 1801. Elles veit me at mor hans heitte Bertha, og ser me på namni på borni etter Iver og Anna, er det fristande å tenkja seg at mor hennar heitte Malena. Og om det skulle stemma, har me hjå FamilySearch to gode alternativ:* Anna Malene Larsdotter, døypt i Time 1.8.1762 av foreldri Lars Johnson og Malena Halvorsdotter* Anna Larsdotter, døypt i Nykyrkja i Bergen 10.7.1763 av foreldri Lars Andersson og Malena JørgensdotterWOOPS: Her er me tydeleg inne på noko: Ikkje berre hadde denne siste Anna ein far som heitte Lars Andersson (liksom sonen til Anna Magdalena), men ho hadde òg ein bror som heitte Gunner! Kanskje far hennar var frå Selseng i Sogndal?? Og, ein Lars Andersson vart faktisk døypt i Sogndal 25.12.1709 som son av Anders Selseng!!Kanskje har eg løyst problemet på eige hand...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Rindedal

Vil bare tilføye at Lars Andersen gift 1750 i Nykirken med Malene Dorte Jørgensdtr. Har funnet 7 barn, og det kan se ut som om noen av barna tok etternavn Kleppe.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.