Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#25218] Aase Nilsdotter Møklebust, fødd i Jølster 1751 - ?gift i Hafslo og kva skjedde?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jørgen Johnson Jordanger, fødd i Hafslo kring 1757, vart i 1783 dømd til livsvarig fengsel på grunn av tjuveri, men slepte ut i 1789 og gifte seg i Hafslo 6.6.1789 med ei:Aase Nilsdotter MøklebustEg mistenker Aase for å vera identisk med ei Aase Cecilie Nilsdotter Møklebust som vart døypt i Jølster 8.8.1751. Same Aase budde truleg i 1801 på Berg i Jølster og var då enkje, 50 år.Ei anna Aase Nilsdotter Møklebust var fødd (eller døypt?) i Egersund 28.1.1753 som dotter av Nils Pederson og Anna Tormodsdotter, men ho er vel litt for langt borte...?Eg ser ikkje noko meir til korkje Jørgen eller Aase etter vigsli deira i Hafslo i 1789.Kan nokon hjelpa meg med fleire opplysningar om dette parfolket? Flytte dei båe til Jølster? Dødsdatoar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ei tilleggsopplysning som eg hadde oversett:Jørgen Johnson vert ved skiftet etter faren John Jørgenson Jordanger i Hafslo våren 1801 oppgjeven å vera myndig og busett i Bergen. Eg kan ikkje finna nokon slik person i FT Bergen 1801, men Bergen ekstrarull frå 1800 over matrosar som ikkje hadde avlagt truskapsed nemner ein Jørgen Johnsen som var gift og ''høy av vekst''. Han døydde i Nordland 4.2.1803. Kan dette vera same mann?Kanskje Aase og Jørgen ''skilde lag''...?Eg vonar at einkvan kan hjelpa meg klara opp i denne floki og takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Aase Nilsdatter, 50 år og på Berg i Jølster i 1801, giftet seg i Jølster Lenke , flyttet til Fana, og returnerte til Jølster som enke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for nyttig innlegg. Då lyt me altså sjå bort ifrå Aase Nilsdotter frå Jølster som kona til Jørgen Johnson.Då spørs det om det likevel er Aase Nilsdotter Møklebust frå Egersund som har funne vegen til Sogn og Bergen...? Uansett må ho og mannen Jørgen Johnson vera busette i Bergen (eller omegn) ved FT1801, men kvar er dei so...?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det er komme fram nye spennande opplysningar i denne saki.Det syner seg at det var TO ulike Asse Nilsdøtrer på Møklebust i Jøster. I tillegg til ho som er nemnd ovanfor, fødd i 1751, var det òg ei Aase Nilsdotter fødd kring 1759 som dotter av gardbrukar Nils Antonson på Møklebust og kona Gunnhild Johannesdotter frå Helgheim. Denne Aase vart i 1781 stemnd for leigarmål med eit søskenbarn, og det er vel ikkje so urimeleg å tenkja seg at ho kom på ''straff'' i Bergen og soleis vart kjend med Jørgen Johnson frå Hafslo?Men framleis er det eit ''mysterium'' kvar det vart av denne Aase. Aase og Jørgen budde i Bergen ved hundreårsskiftet, men finst ikkje i FT1801...Alle nye opplysningar om Aase vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.