Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#25221] Hans Johnson, fødd Hafslo 1759 - busett i Christiania (Oslo) 1801 - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Hans Johnson, fødd på Jordanger i Hafslo og døypt der 23.9.1759, son av lensmann John Jørgenson (Hals) og Else Hansdotter, flytte i ung alder til Christiania der han vert sagt å vera busett i mai 1801.FT1801 for Christiania gjev oss to gode alternativ:~~~~~Øvre Slottsgate 385 syner:Hans Jonsen, leigebuar, arbeidsmann, 44 år, gift 1. gongAne Jensdatter, kona, 37 år, gift 1. gongAne Katrine, dotter, 7 årJon, son, 4 år~~~~~Grensegaden 406 syner:Hans Jonsen, losjerande arbeidskar, 42 år, ugift~~~~~Kan ein av desse vera ''min'' Hans Johnson?Eg vonar på hjelp frå eit alltid dugeleg publikum i Digitalarkivet og takkar for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Kamsvaag Berntsen

Om han kom til Christiania mai 1801, er han ikke med i folketellingen som er pr. 1.februar 1801. (Hvor sikker er denne opplysningen ?)Skal han ha blitt gift i Christiania ? Det er ikke helt uvanlig at det kunne stå f.eks. Hans Hafsloe eller lignende. Er det andre stedsnavn enn Jordanger og Hafslo som kunne være aktuelle?Han er ikke identifiserbar blant den delen av Christianias befolkning jeg har registrert, men der er tyngdepunktet foreløpig på tiden før 01.02.1801.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til Geir for innlegg.Eg er lei for at kan ha uttrykt meg uklårt; det er skiftet frå mai 1801 som seier at sonen Hans då var busett i Christiania, so eg vil helst tru han kom der ogso før 1.2.1801. Han er ogso nemnd i skifter i Hafslo både i 1780 og i 1791; båe gonger utan bustad, men truleg budde han framleis i Hafslo i 1791, so flyttingi til Christiania skjedde truleg mellom 1791 og 1801!Andre mogelege etternamn kjenner eg ikkje til, bortsett frå at faren stundom vart kalla John Hals, etter husmannsplassen han var fødd på!Nok ein gong hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Nye opplysningar, som er innkomne, seier at Hans Johnson på eitt eller anna tidspunkt skal ha vore ''på straff''. Kanskje sat han på Akershus festning og difor er referert til som busett i Christiania i 1801?Eg vonar framleis på at Hans kan finnast att og takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg er framleis på leiting etter opplysningar om lagnaden til denne Hans Johnson som me veit hadde opphaldsstaden sin i Christiania i 1801. Som nemnt i føregåande innlegg, skal han ha vore ''på straff'', og det er godt mogeleg at han har vore ''innom'' slaveriet på Akershus festning på 1780- eller 1790-talet. Er det nokon som kan gje meg ytterlegare tips om dette, ville eg vera svært takksam!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

No har eg sjølv vore ein tur på Riksarkivet, og der fann eg følgjande om Hans Johnson Jordanger frå Hafslo:Hans Johnson Jordanger vart i 1788 dømt til livsvarig slavearbeid i jarn på Akershus festning i Christiania etter hestetjuveri på Hadeland. Han vart likevel friteken for ''kagstryging og brændemerking''. Av opplysningar frå arkivi frå Akershus festning går det so fram at han i 1791 vart overført til Frederiksteen festning ved Halden, men strafferegisteri derifrå syner ingen Hans Johnson eller Hans Johnson Jordanger, so sidan me veit han levde i 1801, må han på eitt eller anna tidspunkt ha fått benåding! Me veit at han i 1801 var busett i Christiania, so det kan vel godt tenkjast at det er ein av dei to alternativi som er nemnde i innlegg #1? Seier t.d. kyrkjebøkene for Christiania noko om brudgomen var ein frigjeven slave?No spekulerer eg svært på om nokon med detaljkunnskap om Frederiksteen festning eller Christiania kan sitja med fleire opplysningar om lagnaden til Hans Johnson Jordanger?Eg takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg gjer nok ein freistnad på å finna ut noko meir om lagnaden til Hans Johnsen (Jordanger), straffangen frå Akershus og sidan frå Frederiksteen som tydeleg vart benåda og busette seg i Christiania. Er det i det heile mogeleg å finna han att...?Eg takkar so mykje for alle mogelege tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Kamsvaag Berntsen

Den Hans Jonsen du nevner først i (1) er neppe gift i Christiania (Vor Frelser, Slottsmenigheten og Tugthuset). Han står oppført som soldat ved dåpen til datteren Anne Catrine i Slottsmenigheten 27.09.1794 og som grenader ved sønnen Jons dåp samme sted 22.10.1797. (De bor forøvrig ikke på samme adresse ved folketellingen i Christiania 1815, men jeg har ikke lett etter dem på annen adresse.)Etter 1800 har jeg ennå ganske mange hull mht. Christiania.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.