Gå til innhold
Arkivverket

[#25241] S&F: Par frå (Odnes) Hafslo med born i Solund 1863 – deira opphav?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Nesøen, Solund, S&F:Under ”Eingongsnamn frå kyrkjebøkene” er det nemnd:Døypte:1863: Kristine (Lenke). Foreldre: Dreng Johannes Monsen og gj. Gunilde Nilsdtr. Odnes i Hafslo.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Dette er ein interessant huslyd! Gunnhild Nilsdotter var fødd på Urnes i Hafslo 5.9.1838 som eldste dotter av husmann Nils Johannesson (1809-1877) og kona Ingeborg Marie Olsdotter (1815- ). I 1859 flytte foreldri og alle dei yngre borni deira til Målselv i Troms, medan Gunnhild same året fekk flytteattest til Solund. Men i 1864 flytte ogso Gunnhild til Målselv, og der gifte ho seg 7.1.1866 med Johannes Monsson som vert oppgjeven å vera fødd i Gulen (Solund?) kring 1839, son av ein Mons Hansson. Dette parfolket vart buande i Målselv til dei kring 1871 flytte til Tromsø og kring 1881 vidare til Vardø der dei framleis levde i 1900. Johannes livnærte seg som fiskar.I tillegg til Kirstina fekk Gunnhid og Johannes minst seks born til, og eg er svært interessert i fleire opplysningar om lagnaden til denne huslyden, men kanskje er det betre å opna eit eige tema for dette?Elles vonar eg at du, Gisle, kan hjelpa meg identifisera Johannes Monsson i Gulen (Solund?)?Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg ser av FamilySearch at Johannes Monsson var fødd i Gulen prestegjeld 8.2.1840 og døypt 9.2.1840. Foreldri hans var Mons Hansson og Johanna Johnsdotter, men som vanleg står det ikkje noko gardsnamn... Kanskje du, Gisle, dreg kjensel på desse folki?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Lars, eg vil tru at det er denne oppføringa hjå SFF som er rett: LenkeFar: Mons Hanss. Laagøen, bst. PollenMor: Johanne Jond.Merknad: Døbt 20/4, 'Laagøen eller Pollen. Pladsfolk. Barnet fød paa Laagøen.'===Pollen, Solund, nr. 17.Hans Arneson Morstig, f. 1768. Kona hans var Kari Andersdtr., f. 1760 (kanskje frå Hyllestad sokn). Det er døypte 8 born for deim, men dei 3 vart ikkje 14 dg. gamle. Dei andre var:a. Anne, f. 1793, g. 1813 m. Jakob Pederson Rørdal/Stensundb. Arne, f. 1798, g. 1824 m. Anne Johanne Olsdtr. Trovåg, 33 år.c. åse, f. 1801, d. 1830d. Anders, f. 1805, g. 1831 Oph. Lågøy, m. Bertine Korneliusdtr. Nautøy, 28 år.e. MONS, f. 1801, g. 1840 m. Johanne Jonsdtr. Utvær, 21 år. (son Johannes f. på Lågøy same året)Mons og Johanna (skreve plassfolk i 1840) hadde i 1845 barnedåp på Eide (tenarar då).===Eide, Solund:1845: Tvill. Anders og Kari. Foreldre: Mons Hansson og Johanna Jonsdtr. Tenarar (Mons Hanson Pollen, f. 1808. Ho var frå Utvær)===Lågøy, Solund, nr. 60 (husmenn):Mons Hansson Pollen og Johanna Jonsdtr. Lågøy (?) (skal vere Utvær!) har kristna son Johannes, f. 1840. Det står ikkje at dei er ugifte, men likevel kvar sitt gardsnamn.====Utvær, Solund, nr. 47:Jon Olson, f. 1775 var komen hertil etter 1801. kona hans, Randi Andersdtr. likeeins. Fyrste barnedåpen deira var her.a. Bernt, f. 1812, d. 1838b. JOHANNA, f. 1816, g. 1840 med uk. Mons Hansson Pollen, 32 år.c. Brite, f. 1818Jon kom vekk på sjøen, i 1832, saman med 3 andre. Randi gravfest i 1842, 65 år.===Trovåg, Solund, nr. 17:Denne Randi stemmer bra overens med dotter til Anders Jonson/Ivarson Yttrøy på Trovåg, f. 1739. g. 1767 m. Brite Johannesdtr. Indrøy, f. 1742:a. RANDI, f. 1777, g. 1802 m. Jan Olson Grimstad/Kverhellab. Jon, f. 1780, g. 1805 m. Helene Hansdtr. Mjømna.c. Ivar, f. 1781, g. 1807 m. gj. Trine Monsdtr. Yttrøy, bst. Rørdal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar deg, Gisle, for interessante opplysningar. Då skulle det meste vera på plass når det gjeld opphavet til Johannes Monsson, men ei sak er framleis uklår for meg:Kvar budde eigentleg Mons Hansson og kona Johanna Johnsdotter? Eg ser av Fylkesarkivet sin base at dei i alt fekk fire born, og yngst var dotteri Thrine Heline, fødd som husmannsbarn i Hagen i 1847. Kvar er so Hagen? Mons Hansson er vel han som i FT1865 er enkjemann og tenestedreng på Pollen...? Veit me noko om dødsfallet til Johanna Johnsdotter?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Lars,Hagen er også i Solund, men eg klarer ikkje å finne noko der om Mons. Det verkar sannsynleg at du har funne rett mann i 1865 og at kona då er dø. Litt på sida av dette temaet, men under Pollen:Ser det er ein Hans Sørensen, f. 1841 Fortun, Lyster g. 1866 m. Oline Olsdtr. Kråkås, f. 1831. 3 barn nemnde. Hans d. før 1900, Oline i 1906.Er desse av interesse for deg eller har du allereie full kontroll på dei?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.