Gå til innhold
Arkivverket

[#25242] S&F: Finn Finnson frå Jostedalen eller Luster ? (Bst. og gift i Solund)


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Inderøen, Solund, S&F:Husmann Finn Finnson f. 1732, var frå Jostedalen eller Luster. Kom hertil som ung gut og finst i mange år før han vart g. 1779 m. Anne Johannesdtr. Losne, f. 1737. Finn dø i 1791.== Kvar kom han frå denne Finn, og kven var foreldra?NB! Skifte etter han (Lenke) har eg ikkje undersøkt, men vonar nokon har kjennskap til denne Finn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Find Findson var fødd i Jostedalen kring 1733, men foreldri Find Findson og Martha Mathiasdotter flytte tidleg til Luster der dei var plassfolk på Kvalsøyri under garden Kvale. Stovehuset låg tett attmed den gamle tingstova for Dale skipreide, og ein del av stovehuset til Find og Martha vart nytta som lokalt fengsel med Find som fangevoktar!Find Findson hadde fleire søsken, men to av dei vart buande i Luster, medan to andre, Britha og Jens, truleg òg flytte mot kysten, men båe døydde før Find utan å etterlata seg born. Opplysningar om denne huslyden er å finna i Gards- og Ættesoga for Luster, band II (1986).Eg lurar forresten på; veit du, Gisle, noko om opphavet til Anna Johannesdotter, ho som vart kona til Find Findson?På førehand takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Har ikkje funne ut kven Anna sine foreldre var, men dette er nok hennar død i 1825: Lenke.Der er ho nemnd f. 1736.Ho vart forresten g. 1792 m. Ola Jonson yttrøy, f. 1746. Ola g. 1826 m. enkje Alis jonsdtr. Austgulen, 56 år. Siste kona dø som enke i 1835.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...
Gjest Gisle Hersvik
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.