Gå til innhold
Arkivverket

[#25253] Anders Iverson og Rachel Heggelund, gifte i Bergen 1789 - kvar vart det av dei?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anders Iverson frå Skophammar i Hafslo og døypt der 4.9.1740, gifte seg første gongen i Bergen 25.7.1773 med ei Agatha Pedersdotter, som eg ikkje kjenner opphavet til. Ho vart gravlagd i Bergen 18.2.1789, og Anders gifte seg att i Bergen 11.10.1789 med enkja Rachel Heggelund, som eg heller ikkje kjenner opphavet til. Anders var arbeidsmann og fløtmann og budde frå 1773 til 1789 i 4. rode nr. 28. Men etter at han gifte seg med Rachel, forsvinn både han og Rachel sporlaust!!Eg finn fem born etter Anders og første kona Agatha:* Petriche Andersdotter, døypt i Bergen 10.11.1773, vart gravlagd i Bergen 30.8.1774* Iver Olai Andersson, fødd i Bergen 23.3.1776, må vera avliden før 1779, men eg finn han ikkje...* Iver Olai Andersson, fødd i Bergen 9.10.1779, vart gravlagd i Bergen 8.4.1785* Peder Andersson, fødd i Bergen 15.1.1782, ukjend lagnad* Anne Gurine Andersdotter, fødd i Bergen 10.6.1787, vart gravlagd i Bergen 29.12.1788Eg er svært interessert i å få greie på opphavi til både Agatha Pedersdotter og Rachel Heggelund og lurar dessutan på kvar det vart av Anders og Rachel etter 1789?Sonen Peder Andersson er òg av interesse...Kan nokon hjelpa meg?Eg takkar på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Ved søk på FS fant jeg denne: Rachel Jensdt. Hegelin ble gift 11/10 1789 NK med Anders Iversen. Batch nr. M429413 1719-1821.Her har tydeligvis noen funnet noe annet enn det som står her i Bergen krk.bok.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til Berit for spennande innlegg.Ja, tydeleg har einkvan funne ut eitt eller anna som ikkje står i kyrkjeboki, men eg tillet meg førebels å tvila...Eg kan elles leggja til at ei Agatha Pedersdotter vart døypt i Nykyrkja i Bergen 12.12.1746 som dotter av Peder Knutson og Anna Olsdotter, men ikkje veit eg om dette er rett person... Kona til Anders Iverson var 44 år ved dødsfallet og skulle soleis vera fødd kring 1745!Eg takkar på ny for alle gode innspel!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.