Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#25266] Ole Nilsson (1841- ) frå Hafslo til Målselv og Hadsel - huslyden hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Nilsson, fødd på Urnes i Hafslo 9.8.1841, flytte i 1859 med foreldri sine til Målselv og var i 1865 busett som ugift fiskar på Karlstad i Målselv, men han gifte seg i Hadsel 7.10.1870 med Anna Marie Andreasdotter, fødd på Steilo i Hadsel 2.2.1849. I 1875 budde dei som innerstfolk på Steilo, medan dei i 1900 var husmannsfolk på plassen ''Ryddet'' under Lekang nedre i Hadsel. Ole heldt fram som fiskar.Fleire born er nemnde:* Adolf Edvard Olsen, fødd i Hadsel 1870, nemnd 1875, lagnad ukjend* Olydia Olsen, fødd i Hadsel 1880, nemnd 1900, lagnad ukjend* Olaf Olsen, fødd i Hadsel 1885, nemnd 1900, lagnad ukjend* Alfred Olsen, fødd i Hadsel 1896, nemnd 1900, lagnad ukjendSo er spørsmålet: Er det nokon mellom brukarane i Brukarforumet som kan hjelpa meg finna ut korleis det gjekk med denne huslyden?Eg er svært takksam for alle opplysningar og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her er vel Olaf på tur over dammen i 1904. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hallo Lars. Med tanke på mitt forrige innlegg kan det faktum at billetten var betalt i USA, vel tyde på at noen hadde reist over tidligere.Kanskje det var broren Adolf Edvard.Noen med tilgang til 1910 tellingen kan kanskje spore de opp der.De kan ha brukt etternavnet Lekang. Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Rune, for gode innlegg! Ein lyt vel nesten tru på Julenissen om ein skal finna att Olaf Olson i Amerika. Souris er i Bottineau Co., ND, og i Renville township, Bottineau Co., ND var det faktisk i 1910 ein ugift Olaf Olson som høvde svært so godt.MEN, so prøvde eg Lekang, og jamen fekk eg full klaff! Olaf Lekang var både i 1910 og i 1930 møllearbeidar i Minot, ND med kona Ivara, fødd i Noreg 1883, òg utvandra i 1904 (truleg Ivara Øien frå Trondheim...?). Dei hadde tre søner. Eg skal følgja opp den tråden, og so fær me vona det beste!Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Bare hyggelig å kunne bidra Lars.Har du prøvd å finne Adolf i 1910 tellingen?Noen må jo ha betalt billetten for Olav. Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ja, eg har søk etter Adolf i US 1910, men er ikkje i stand til å identifisera han. Om Adolf utvandra, so nytta han ikkje Lekang-namnet, og under Olson er det mange alternativ...! Men ingen av desse alternativi budde i eller nær Bottineau Co., ND!Kanskje Adolf Olsen budde i Noreg likevel?Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Kan dette være din Adolf i 1900? Lenke Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Dette fant jeg på FamilySearch IGI. IGI Individual Record FamilySearch™ International Genealogical Index v5.0 Norway Search Results | Download | Pedigree-------------------------------------------------------------------------------- Adolf Edvard Olsen Male Family -------------------------------------------------------------------------------- Event(s): Birth: Christening: Death: Burial: -------------------------------------------------------------------------------- Marriages: Spouse: Olea Pettersdatter Family Marriage:-------------------------------------------------------------------------------- Messages: Record submitted after 1991 by a member of the LDS Church. No additional information is available. Ancestral File may list the same family and the submitter. -------------------------------------------------------------------------------- Source Information: No source information is available. -------------------------------------------------------------------------------- © 1999-2002 by Intellectual Reserve, Inc. All rights reserved. English approval: 3/1999 Use of this site constitutes your acceptance of these Conditions of Use (last updated: 3/22/1999). Privacy Policy (last updated: 10/12/2001). 28 http://www.familysearch.org v.2.5.0Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Du greidde det nok ein gong, Rune! Hjarteleg takk for hjelpi. Dette MÅ jo vera ''vår'' Adolf og huslyden hans! Men vart dei buande i Hadsel eller kva?Nok ein gong ein stor takk for framifrå innsats!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har motteke opplysningar frå Amerika som fortel at Olaf Lekang døydde i Minot, ND 18.3.1932, medan Ivara Otilia Lekang, fødd Øien, døydde i Sonoma Co., CA 18.5.1951. Ho var fødd 23.5.1883.Nekrologen hans fortel oss ikkje mykje, men ein detalj er likevel interessant; eg siterer:''Mr. Lekang was an uncle of Anton Lekang, of the Norway Ski Club, New York City, present national champion, who is one of a party of nationally known ski riders now visiting in Minot.''Anton Olson Lekang syner seg å vera fødd i Hadsel 4.6.1904. Han utvandra over Trondheim i 1927 og han døydde i Winchester, CT 16.1.1987. Han skal altso ha vore ein kjend idrettsmann, men har nokon høyrt om han? Og var han kanskje ein yngre son av Adolf (jamfør innlegg #7)?Eg vonar på fleire gode tips om denne huslyden og takkar på ny for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Tidi er no mogen for å ta opp att diskusjonen kring denne huslyden i HADSEL, som eg framleis har store vanskar med å komplettera. Rett nok har eg ved grundig gjennomgang av kyrkjebøkene frå Hadsel kunna supplera med ein del namn og datoar, men eg ventar framleis på det store gjennombrotet! Kanskje er det hjelp å få i Brukarforum?Her følgjer ein oppdatert status på kva eg veit - og kva eg manglar:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Nilsson [urnes], f. [i Hafslo] 9.8.1841, flytte med foreldri til Målselv i 1859 og budde framleis heime hjå dei i 1865, men flytte so til Hadsel der han 7.10.1870 gifte seg med Anna Marie Andreasdotter frå Steilo i Hadsel. Ho var dotter av husmann Andreas Olson på ein plass under Steilo, opphavleg frå Ekern, og kona Elen Lavina Johansdotter frå Finnsæter og f. i Hadsel 2.2.1849. Ole var fiskar, og etter fleire år som innerstfolk, dels på Steilo i Hadsel og dels på Lekang i Hadsel, vart dei plassfolk på Ryddet under Lekang nedre der Anna d. som husmannskone 31.10.1904. Ole d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Dei fekk åtte born i lag:a. Adolf Edvard Olsen, f. i Hadsel 17.5.1870, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Adolf gifte seg i Hadsel 28.7.1892 med Olea Andrea Petersen, f. på Laupstad i Vågan 10.4.1869. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1900 gardbrukar og fiskar på Nygård østre og vestre av Haukenes i Hadsel – siden??)¤¤¤¤¤ (born? – inkl:* Olaf Olsen, f. Hadsel 1892 – n . 1900* Paul Olsen, f. Hadsel 1895 – n. 1900* Otilie Olsen, f. Hadsel 1897 – n. 1900* Aslaug Olsen, f. Hadsel 23.1.1899 – n. 1900* Anton Olson Lekang, f. Hadsel 4.6.1904, utvandra 1927, d. i Winchester, CT 16.1.1987 – national ski champion i USA!)b. Nils Ingvald Olsen, f. i Hadsel 30.4.1872,¤¤¤¤¤ (n. 1900 ugift matros på skip! – lagnaden hans?)c. Fredrikke Hansine Olsen, tvilling, f. i Hadsel 29.9.1874,¤¤¤¤¤ (fekk uekte born 1896 (Alfred som i 1900 budde hjå foreldri hennafr!) og 1899 – ved konformasjonen hennar i 1889 har presten føyd til: ''utfl. Tønsberg 2.4.1902'' – FT1900 syner ho som ugift stuepike på Ekenes på Nøtterøy! – lagnaden hennar?)d. Olea Amalie Olsen, likeins tvilling og f. i Hadsel 29.9.1874, d. ugift på Lekang i Hadsel 4.12.1895.e. Karl Oluf Olsen, f. i Hadsel 26.5.1878, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Karl gifte seg i Hadsel 30.6.1904 med Maria Ivara Karlsen, f. på Haug i Hadsel 28.4.1883. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? - 1904: busett Bodø!)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)f. Lydia Kirstine Olsen, f. i Hadsel 20.9.1880,¤¤¤¤¤ (n. 1900 – lagnaden hennar?)g. Johannes Olsen, f. i Hadsel 24.1.1883,¤¤¤¤¤ (n. 1900 fyrbøtar – lagnaden hans?)h. Olaf Olsen, kjend som Olaf Lekang, f. i Hadsel 3.3.1885, utvandra til Amerika i 1904 og fór då til Souris, Bottineau Co., N.D., men gifte seg i Ward Co., N.D. 23.1.1908 med Ivara Otilia¤¤¤¤¤ (farsnamnet hennar?)Øien frå Trondheim, i Amerika kjend som Ivara Oien. Ho var dotter av¤¤¤¤¤ (parents?)og f. i Trondheim 23.5.1883, men utvandra til Amerika i 1904.¤¤¤¤¤ (1910: at Minot, Ward Co., ND – flour mill foreman – 1930 still at Minot, ND – flour mill stationary engineer)i Minot, N.D. der Olaf d. 18.3.1932. Ivara Lekang flytte i 1937 som enkje til Santa Rosa, Sonoma Co., Cal. der ho d. 18.5.1951.¤¤¤¤¤ (number of sons and daughters? – incl:* Oscar Russell, born ND Apr. 3, 1908 – listed 1910 and 1930! – died Feb. 26, 1989 Jackson, Amador Co., CA* Erling, born ND 1910-1911 – listed 1930!* Arthur, born ND Jan. 16, 1915 – listed 1930! – died Jan. 22, 1998 Las Vegas, Clark Co., NV?* Russell, born and died 1931?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg held fingri krossa og vonar på at ein eller annan dreg kjensel på, eller kan hjelpa meg vidare med, ein eller fleire av denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Haugros

Olea Andrea Pettersen, gift Olsen, f. 09.04.1869, døde 06.12. 1949, gravalgt 12.12. 1949, Tafjord, Hadsel. Opplysningene er hentet fra Gravminner i Norge: [url="http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=2153995>LenkeSønnen Olaf Alfred, født 1892: Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Klokkerbok nr. 888C06 (1891-1908), Fødte og døpte 1892, side 16. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: Lenke Sønnen Paul, født 1895: Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Klokkerbok nr. 888C06 (1891-1908), Fødte og døpte 1895, side 49. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: Lenke Datteren Otilie Alvilde, f. 1897: Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Klokkerbok nr. 888C06 (1891-1908), Fødte og døpte 1897, side 68. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: Lenke Datteren Aslaug Oline, f. 1899: Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Klokkerbok nr. 888C06 (1891-1908), Fødte og døpte 1899, side 86. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi for spennande innlegg frå juli i fjor!Eg har no oppdatert dette manuskriptet med opplysningar frå FT1910, og kanskje er det no mogeleg å finna svar på fleire av spørsmåli mine?Spesielt spennande var det å sjå at to av borni hamna i Bodø, medan sonen Johannes tok med seg far sin til Bergen!~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Nilsson (Urnæs), f. i Hafslo 9.8.1841, flytte med foreldri til Målselv i 1859 og budde framleis heime hjå dei i 1865, men flytte so til Hadsel der han 7.10.1870 gifte seg med Anna Marie Andreasdotter frå Steilo i Hadsel. Ho var dotter av husmann Andreas Olson på ein plass under Steilo, opphavleg frå Ekern, og kona Elen Lavina Johansdotter frå Finnsæter og f. i Hadsel 2.2.1849. Ole var fiskar, og etter fleire år som innerstfolk, dels på Steilo i Hadsel og dels på Lekang i Hadsel, vart dei plassfolk på Ryddet under Lekang nedre der Anna d. som husmannskone 31.10.1904. Ole d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – budde 1910 hjå sonen Johannes i Bergen!!)Dei fekk åtte born i lag:a. Adolf Edvard Olsen, f. i Hadsel 17.5.1870, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)Adolf gifte seg i Hadsel 28.7.1892 med Olea Andrea Petersen, f. på Laupstad i Vågan 10.4.1869. Ho d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Tafjord, Hadsel!)6.12.1949.¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1900 gardbrukar og fiskar på Nygård østre og vestre av Haukenes i Hadsel – 1910: gardbrukar Lingjerdet av Lekang i Hadsel! – siden??)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl: Olaf Alfred 1892, Paul 1895, Otilie Alvilde 1897, Aslaug Oline 1899, Ingeborg Antonie 1901, Agnethe 1903, Anton 1904, Nils 1905, Johannes 1908)b. Nils Ingvald Olsen, f. i Hadsel 30.4.1872,¤¤¤¤¤ (konf.1888 – n. 1900 ugift matros på skip! – lagnaden hans?)c. Fredrikke Hansine Olsen, tvilling, f. i Hadsel 29.9.1874,¤¤¤¤¤ (konf. 1889 – uekte born 1896 og 1899 – utfl. Tønsberg 2.4.1902 – 1900: ugift stuepike på Ekenes på Nøtterøy! – 1910: ugift syerske i Balders gt. 5, Christiania – lagnaden hennar? - Alfred Olsen, son av Fredrikke og Kristian Olsen frå Fredrikstad, var f. i Hadsel 9.6.1896 og budde 1900 hjå besteforeldri i Hadsel!)d. Olea Amalie Olsen, likeins tvilling og f. i Hadsel 29.9.1874, d. ugift på Lekang i Hadsel 4.12.1895.e. Karl Oluf Olsen, f. i Hadsel 26.5.1878, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Karl gifte seg i Hadsel 30.6.1904 med Maria Ivara Karlsen, f. på Haug i Hadsel 28.4.1883. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1904: busett Bodø! – 1910: han er sjukepleiar, bus Bodø)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1910: Thorval Andreas (Hadsel) 4.6.1904, Olaf (Bodø) 8.5.1906, Karl Edvin (Bodø) 4.2.1908, Kirsten Marie (Bodø) 21.1.1910)f. Lydia Kirstine Olsen, f. i Hadsel 20.9.1880, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)Lydia gifte seg¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – 1907?)med Hans Peder Kristiansen frå Steilo i Hadsel, f. i Hadsel 27.3.1888. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1910: verftssmed Bodø)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1910: Ottar Andreas 2.6.1908, Ingvald Magnus 9.9.1909, Hedvig Lovise 3.11.1910 – alle i Bodø)g. Johannes Olsen, f. i Hadsel 24.1.1883, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Johannes gifte seg¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans? – før 1910)med Marie¤¤¤¤¤ (fullt namn etc.)f. i Tromsø 18.12.1885. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – n. 1900 fyrbøtar – 1910: fyrbøtar Forstandersmuget 5 i Bergen!)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1910: ingen)h. Olaf Olsen, kjend som Olaf Lekang, f. i Hadsel 3.3.1885, utvandra til Amerika i 1904 og fór då til Souris, Bottineau Co., N.D., men gifte seg i Ward Co., N.D. 23.1.1908 med Ivara Otilia Eleonore Olsdotter Øien frå Trondheim, i Amerika kjend som Ivara Oien. Ho var dotter av konditorsvein Ole Antonius Calmeyer Øien i Trondheim og jenta Elen Moe, òg frå Trondheim, og f. i Trondheim 27.5.1883, men utvandra til Amerika i 1904.¤¤¤¤¤ (1910: at Minot, Ward Co., ND – flour mill foreman – 1930 still at Minot, ND – flour mill stationary engineer)i Minot, N.D. der Olaf d. 18.3.1932. Ivara Lekang flytte i 1937 som enkje til Santa Rosa, Sonoma Co., Cal. der ho d. 18.5.1951. Dei fekk fire søner i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×