Gå til innhold
Arkivverket

[#25330] Johannes Andersson, f. Hafslo 1749 - til Gulen eller Solund eller Hordaland?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Det vart i 1798 halde skifte på Kvam på Veitastrondi i Hafslo etter Gjøri Johannesdotter. Ein av sønene hennar var:* Johannes Andersson, døypt i Hafslo 8.4.1749. Johannes var død før 1798, men let etter seg ein son:** Anders Johannesson, fødd kring 1786Diverre står det ikkje noko i skiftet om KVAR Johannes hadde butt eller KVAR sonen Anders oppheldt seg, men det kan ikkje ha vore i Hafslo eller nokon av nabobygdene i indre Sogn.Kanskje Johannes Andersson var mellom dei mange som flytte utover til Gulen eller Solund? Eller kanskje hamna han i Nordhordland?Eg vonat at einkvan dreg kjensel på desse personane og kan hjelpa meg med fleire opplysningar.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

I mine avskrifter frå kyrkjebøkene har eg ein person som kan passa inn: I 1784 er døypt Anders Kvalvik, far Johannes Andersson.Namnet til mora er ikkje med, så truleg har det vore eit gift par. Kvalvik er på Nautøy i Solund. Det er ikkje nemnt fleire born for Johannes Andersson i det materialet eg har. Og bygdeboka nemner han ikkje i det heile.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Alf, for interessant innlegg. Det er godt mogeleg at du har funne nett den Johannes Andersson med son Anders som eg leiter etter, men eg kan ikkje finna nokon Johannes Andersson gift eller avliden i Solund (Gulen) i den aktuelle tidsperioden, so kan henda har huslyden berre vore på ''gjennomfart''?Eg vonar at fleire opplysningar kan dukka opp og takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Av FamilySearch ser eg at det i Askvoll var to bryllaup kort før 1784 der Johannes Andersson var ''innblanda'':* Johannes Andersson og Ingeborg Ottesdotter - vigde 24.4.1780* Johannes Andersson og Siri Olsdotter - vigde 28.12.1781Johannes og Ingeborg får ei dotter Masie, døypt i Førde 18.4.1783, og foreldri bur i 1801 som husmannsfolk på Aalen i Førde, so dei er ikkje aktuelle!Eg ser i FT1801 at ei Siri Olsdotter, 49 år, var gift andre gongen på Axe i Askvoll med ein Bendix Nilsson, 49 år. Ho har to born frå eit tidlegare ekteskap med ein Johannes, men dei heiter Ole (17) og Orlov (13). Dette høver dårleg, dersom dette var den Siri som gifte seg med Johannes Andersson!!Vel, so langt ikkje noko resultat av denne leitingi, men det er framleis ''von i hangande snøre''...Nok ein gong takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane

No har Yngve undersøkt skiftet frå 1798 som nemner denne huslyden, og det syner seg at sonen etter Johannes Andersson, som i 1798 var 12 år gamal, heitte:ALEXANDER Johannesson (og ikkje Anders J.!)Det burde i prinsippet vera mykje enklare å finna att ein slik person i FT1801, men diverre finst det ikkje nokon som høver nokon stad i landet...Men, namnet Alexander var i bruk i ytre Sogn og i Sunnfjord, til dømes i Kinn, so kanskje han skjuler seg ein eller annan stad der ute likevel?Eg vonar at ein eller annan er i stand til å hjelpa meg vidare i denne saki og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til John for nytt innlegg. Eg har alt kikka litt på denne Alexander Johnson i Kinn, men han hadde mange søsken, so det kan nok ikkje vera han. ''Min'' Alexander var einebarn!Det finst ein Alexander Johannesson i Ås i Akershus i 1801 som uekte son av ei enkje Johanna Andersdotter, men han er berre 10 år gamal, og det er vel lite sannsynleg at Johannes Andersson frå Sogn kan vera flytt heilt til Ås...?Kanskje ''min'' Alexander miste far sin so tidleg at mori gifte seg att og Alexander nytta stefaren sitt førenamn som sitt eige farsnamn? Ein veit aldri...Nok ein gong takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H. Skibenes

Eg fann ein mogeleg kandidat i Bergen:[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=berg1804&gardpostnr=4539&merk=4539#ovre>Lenke Det er vel han som blir døypt her:LenkeDette paret døyper 5 born i KK i tida 1778 til 1787. 3 av dei, Hans Andreas,Jens og Jens Fesler døde som småborn. Ei dtr., Margaretha født i 1787 fann eg ikkje ut noko om. Eg finn heller ingen av dei i 1801-teljinga.Johannes og kona, Petricha Madsdtr. gifter seg her: LenkeEg fann også ein Alexander Johannesen i 1815-teljinga:Lenke, då var han som du ser, gift, men eg har ikkje funne vigsla. Fann dåpen til sonen:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

No er eg verkeleg overvelda! Det held fram å regna julepresangar i Digitalarkivet! Hjarteleg takk til Elin for eit svært interessant innlegg. Eg er heilt overtydd om at du har funne den rette Johannes og den rette Alexander Johannessen! Eg vart heilt mållaus då eg oppdaga dette!Nærare undersøkingar syner at kypperarbeidar Johannes Andersen vart gravlagd frå Krosskyrkja i Bergen 25.7.1788 etter at dotteri Margrethe vart gravlagd 13.2.1788. Petrikke gifte seg att i Krosskyrkja 2.8.1789 med Johannes (Gjertson) Becher, som syner seg å vera fødd på Stølen i Krosskyrkjesokni 1.10.1766. I 1801 finn eg Johannes Becher som bøkkerarbeidsmann i 23. rode nr. 150, og der budde han òg i 1804, men i ''Undersøkelseskommisjonen'' står det at han døydde i 1804, utan at eg har funne dødsfallet! Kona Petrikke er i 1801 kalla Diedericke, og ho er 43 år gamal ''i andre ekteskap'', medan Johannes heiter Beck i 1801 og Bacher i 1804!! Eg har ikkje funne dødsfallet til Petrikke Becher!Når det gjeld Alexander Johannessen, so er han nemnd som Alexander Beck i 1801, busett hjå mori og stefaren! Eg finn heller ikkje vigsli hans, men han var skomakarmeister og budde i Knøsesmuget 3 i Bergen der han døydde 6.2.1827. Kona Ida Oline (Olsdotter) Iversen var fødd i Bergen 4.12.1783 og døydde i Knøsesmuget 3 12.1.1848. Dei fekk fire born.No sit eg att med fleire tilleggsspørsmål om denne huslyden:* Petrikke Madsdotter må vera fødd kring 1758, men kvar kan ho vera komi ifrå? Kanskje mellomnamnet til sonen Jens (Fester) kan gje oss ein peikepinn? Eg ser at ei Petrikke Margrethe Madsdotter er fødd i Krosskyrkja i Bergen 16.6.1760 som dotter av Mads Pederson Bogø og kona Anna Weiner Henrichs - kan det vera ho?* Eg lurar ogso på dato og stad for dødsfallet til Johannes Becher?* Og likeins dato og stad for dødsfallet til Petrikke Becher?* Endeleg spekulerer eg på vigsli til Alexander og Ida Oline? Dei må ha gift seg kring 1812!Nok ein gong ein stor takk for framifrå hjelp med å løysa dette problemet og på førehand takk for nye tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Noko må vera feil med Undersøkelseskommisjonen 1804, for Johannes Becher er tydeleg framleis ilive i 1815, då busett i 23. rode nr. 50 i lag med ei Synneva Knutsdotter, som rimelegvis var hushaldaren hans.Og dødsfallet til Johannes Becher, bøkkerarbeidar og enkjemann, 59 1/4 år, er registrert i Krosskyrkja 27.12.1825.Ved nærare leiting finn eg at Johannes Becker sin kone Petricke HANSdotter, fødd i Krosskyrkja 1757, døydde i 23. rode nr. 151 den 6.6.1810. So då er dei fleste spørsmåli løyste og me sit att med det siste om vigsli til Alexander og Ida Oline...?Nok ein gong hjarteleg takk for framifrå hjelp i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Her gifter datteren Petrikke Johannesdatter seg.Petrikke JOHANNESEN Age At Marriage: 29 Sex:--------------------------------------------------------------------------------Event(s): Birth:--------------------------------------------------------------------------------Parents: Father: Alexandar JOHANNESEN--------------------------------------------------------------------------------Marriage: Spouse: Anders Johan SOLBERG Age At Marriage: 25 Marriage: 20 Aug 1848 Place: Bergen, Hordaland, Norway--------------------------------------------------------------------------------Notes: Wife previously married Additional data in original record--------------------------------------------------------------------------------Source Information: Batch Number: M429362 Source Dates: 1844 - 1853 Film or Fiche Number: 278125 Collection Details: Aarstad; Den Norske Kirke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Elin, Yngve og Rune for gode og hjelpsame innlegg! Det er merkeleg korleis Alexander endra namnet sitt, men det spelar ingen rolle so lenge som me har funne dei opplysningane som me treng!Nok ein gong ein stor takk for framifrå hjelp!Med venleg helsing frå eit snøkledt Schwarzwald der me ventar på at hoppveka skal ta til,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.