Gå til innhold
Arkivverket

[#25344] Peder Erikson Sviggum (1760-180?) - Hafslo - Sunnfjord - Bergen - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Utgangspunktet for dette tema er følgjande innførsel i lista over gravlagde frå Domkyrkja i Bergen:6.9.1793 gravlagd ''Peder Erichsen Sviggum's søn fra Sogn, 9 aar''Peder Erikson (Sviggum) vart døypt i Hafslo 13.12.1761. Me veit han levde i 1767, men han vart ikkje konfirmert i Hafslo og må truleg vera flytt til ytre Sogn eller Sunnfjord for å tena. Eg trur han må ha gift seg med ei Ingeborg Eriksdotter, fødd kring 1755, og kring 1792 flytte huslyden til Bergen. Me finn Peder som matros i 1801 busett som leigebuar i 1. rode nr. 89. So må Peder vera død kort etter, for i 1804 (Undersøkelseskommisjonen) er Peder ''erstatta'' av ein Peder Gundersen, fødd i Ulstein på Sunnmøre i 1759(?), jektematros, men noko ekteskap finn eg ikkje for Peder og Ingeborg i Bergen! Og dei er ikkje i Bergen i 1815.I tillegg til den sonen som døydde i 1793 (som truleg har vore ein steson, med mindre han var gift to gonger...?), ser det ut til at Peder Erikson hadde desse borni (samt ein steson):* Ejlert Ingebrigtsen Qvalsteen, fødd i Nordfjord kring 1786, vert sagt vera steson av Peder og son av ein gjestgjevar på Holmen i Bransøy, elles ukjend.* Erik Pedersen, fødd i Sunnfjord kring 1791, vert sagt å vera son av avlidne matros Peder Eriksen med opphald hjå mor si, elles ukjend.* Martha Pedersdotter, fødd i Bergen (Domkyrkja) 18.12.1793, levde i 1801.* Helene Pedersdotter, fødd i Bergen (Nykyrkja) 2.10.1796, ikkje nemnd i 1801, men heller ikkje funni død i Bergen.Er det nokon som kan hjelpa meg finna fleire opplysningar om denne huslyden, som til dømes:* Vigsli til Peder Erikson og Ingeborg Eriksdotter (kring 1790?)?* Vigsli til Peder Gunderson og Ingeborg Eriksdotter (kring 1803?)?* Dødsfallet til Peder Eriksen (kring 1802?)?* Lagnaden til borni etter Peder og Ingeborg?Eg vonar på ei oppklaring av denne ''floki'' og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

På FamilySearch IGI finner jeg et ekteskap i Askvoll 21.03.1790 mellom Peder Eriksen og Ingerborg Eriksdtr.Kanskje det er din Peder.Batch nr.M422605 og Source Call nr.0126372 Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg finner forøvrig ikke noe ekteskap mellom Peder Gundersen og Ingeborg Eriksdatter melom 1798-1808 ved søk i samme kilde. Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Kan dette være Helene Pedersdtr. som gifter seg i 1822, 26år gammel? Lenke Kanskje kirkeboka kan røpe farens navn.Det var vel rundt 1820 man tok til å føre fedrenes navn i kirkeboka. Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune for fleire interessante innlegg.So er ekteskapet mellom Peder Erikson og Ingeborg Eriksdotter funne i Askvoll, men det ser ikkje ut til at sonen Erik er døypt der...Når det gjeld Helene Pedersdotter, som gifte seg i Bergen 1822 med Conrad Grim(sen), so ser eg at dei berre hadde ein einaste son, Rasmus Hansen, fødd i 1824, og då vert mori kalla Helene Pedersdotter RØBERG.Rø(d)berg finst som gardsnamn i Innvik og i Selje, so dersom dette var gardsnamnet til Peder Erikson matros, so er han ikkje den Peder Erikson eg leiter etter. Men det er sjølvsagt eit spørsmål kven Helene Pedersdotter kan ha vore? Fødestaden hennar er ikkje oppgjeven, og då er det spørsmål om faren er oppskriven med fullt namn...? Dessutan skal me ikkje gløyma at Peder Erikson matros si dotter med dette namnet ikkje er nemnd i FT1801!Denne ''floki'' er nok enno ikkje løyst, men eg vonar at fleire detaljar kjem fram i dagen.Nok ein gong hjarteleg takk for all god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Elin og Barbara for interessante innlegg, det siste under tema #25367 i Arkivforumet.Konklusjonen på innlegget til Barbara, som kommenterer vigsli til Peder Erikson Alden og Ingeborg Eriksdotter Melvær i Askvoll 21.3.1790, synest vera at Peder Erikson har vore på Alden som tenestedreng, og eg er heller ikkje so heilt sikker på om Ingeborg hadde opphavet sitt på Melvær(?). Ho var i 1790 kring 35 år gamal og hadde minst eitt barn frå før, og dessutan er ho ikkje nemnd i eit skifte frå 1788 som skal ha omfatta borni på Melvær...Elles set eg stor pris på opplysningi om dødsfallet til Ingeborg Eriksdotter. Då er det altså ein feil i ''Undersøkelseskommisjonen'' 1804 med omsyn til Peder Gundersen! Han var likevel ikkje gift med Ingeborg!Vel, framleis meiner eg at matros Peder Eriksen i Bergen godt kan vera identisk med den Peder Erikson som eg leiter etter, men beviset manglar!Eg takkar på ny for alle positive innlegg om denne saki og vonar i det lengste på ei løysing!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.