Gå til innhold
Arkivverket

[#25401] HO: Anders Johanson Rogne (f. ca. 1860, Voss). Bst. ei tid i Solund, S&F


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Anders Johanson Rogne (f. ca. 1860) skal ha gifta seg i 1883/84 m. ei Martha Sofie Jensen og bst. Steinsund, Solund. To barn f. i Solund:1. Marthe Marie, f. 18852. Anne, f. 1886Anders J. Rogne kan vere denne funne i FT1865: Anders Johannes. Rogne - [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61235&gardpostnr=195&personpostnr=1396&merk=1396#ovre>Lenke - med mora hans Martha Arfinnsd. (samt hennar foreldre).Martha er vidare oppført med ein anna son Peder Anderss.Anders J. Rogne i FT1875: LenkeAnders Rogne i FT1900: Lenke (er gift, men bur saman med mor si (ho dør i 1916:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Torleiv Kløve

Sidan Marta Arnfinnsdr. Rogne er med i eit sleksoversyn som eg arbeider med, og eg ikkje visste at hadde born, vart eg interessert i å finna meir ut om dette. Eg har funne fram til fylgjane som gir svar på nokre av spørsmåla du hadde og også litt anna.Fyrst, det er rett Anders du har i FT1865, 1875 og 1900.Far til Anders var Johannes Ivarson Lydve (f. 1838). Johannes reiste til Amerika, eg veit ikkje nøyaktig når men det var rimelegvis før 1865 sidan han ikkje finst i FT1865. Han budde fyrst i Wisconsin og vart der gift med Gurina Andersdr. Bryn, før 1866. Mor til Gurina, Torbjørg Larsdr. Bø, var då blitt enkje og gift oppatt med Lars Johannesson Møen. I 1866 var Anders, Gurina, Lars og Torbjørg med i eit vogntog til Iowa der dei slo seg ned i Emmet Co. Johannes bruke namnet John Iverson og kona namnet Julia. Vi finn dei i FT1880 for Iowa saman med 5 born og svigerforeldra Lars og Torbjørg: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=IOWA1880&gardpostnr=9987&merk=9987#ovre>LenkeFar til Marta Arnfinnsdr. sin andre son, Peder (f.1863) var Anders Pederson Vinje (f.1839). Han vart gift i 1870 med Brita Brynjelsdr. Ringheim og dei overtok farsgarden henner, Indre Ringheim, bruk 3. Dei hadde 10 born og vi finn dei i FT1875 Lenke og FT1900 Lenke. Merk at Anders hadde ein son Peder f.1873 (dette er ikkje feilskriving). Kvar det vart av Peder (f.1863) veit eg ikkje.Anders og Martha Sofie flytte frå Solund til Voss. Dei hadde tre born fødde på Voss: Inger (f.21.12.1888), Sverre (f.1.10.1893), Arthur Georg (f.13.1.1900). Anders var sersjant i 1888 og 1893, i 1900 var han kontorist på jernbanen. Dei kjøpte tomt på Rogne (bruk 11) i 1892 og bygde hus, men det brann nokre år seinare og farbroren Eirik Rogne kjøpte eigedomen i 1902. I FT1900 finn vi Martha Sofie og borna her (på Voss)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Mange takk til deg Torleiv for fine opplysningar!Har dessverre ikkje tilgang til mine slektsdata for tida, men i utgangspunktet har ikkje dette paret nokon direkte inngripen i mine aner. Men det var noko kjent med desse Vinje / Ringheim namna. Skal sjekke dette seinare. Skal også sjå om eg finn noko meir opplysningar om Anders og Martha.Når det gjeld Rogne-namnet har eg ein tipp-oldefar som kom frå Voss til Bulandet (Askvoll). Sjå meir her om det er av interesse: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Gisle Hersvik

Hei Torleiv,No har eg fått sjekka notatene mine, men det var ingen av desse Vinje og Ringheim som var nemnde der så dette blir nye personar i ”databasen” min. Har heller ikkje fått sett meir på Martha Sofie og hennar aner.=== Anders Pederson Vinje ===Det står i FT1875 at Peder Andersen f. 1873 er ”s af Anders Pedersen”, noko som kanskje skulle tyde på at kona til Peder ikkje er mora? Har du noko å tilføye omkring dette? Har du funne denne Anders som døypt?Den Peder Andersen som i FT1865 bur saman med mora ser ut til å forsvinne!?Du nevner også at det finnes 10 born etter Peder og kona. Har du navnet på dei 3 som ikkje då er rekna opp i FT1875/1900?M.v.h. Gisle (ghersvik@frisurf.no)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Inger Leirvåg

Når det gjeld familien til Martha Sofie og Anders så har eg fått opplyst at alle flytta til Bergen, der Anders Rogne døyr i 1913 som separert kontorist. Sonen Sverre døyr i Bergen i 1924. Martha Sofie døyr i Bergen i 1950. Mor til Martha Sofie er syster til tippoldemor mi. Dei var frå Sogndal, og begge systrene kom til Solund. Eg er interessert i om det er fleire opplysningar om Martha Sofie og hennar etterkomarar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk for opplysningane om Anders og Martha Sofie.Eg har registrert 5 born på Anders og Martha Sofie. Alle er i live ved FT1900. Men så ser det ut til at 2 av borna døyr i 1901: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=VOSS1890&gardpostnr=1082&merk=1082#ovre>Lenke og LenkeSom nemnd dø sonen Sverre i Bergen i 1924:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Inger Leirvåg

Kan det være den eldse dotra som er begraven på Voss 8. mars 1927 som 'Tenestegjenta' Marta ? Eg er klar over at fødestad skal være Sulen og at ho var fødd i 1885, men likevel. Då er spørsmålet igjen om desse folka har etterkommarar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei Inger,Sjå opplysningane eg fekk frå SAB: LenkeAnne Rogne, f. 18.10.1886, g. 1912 (###dato og stad?###) m. Knud Knudsen Melhus. Har funne at Anne d. 12.9.1862 i Bergen. Knud, f. 10.6.1876 (Hjelmeland, Ryfylke), d. 17.3.1957 i Bergen.Marthe, f. 12.8.1885 vart g. 1912 (###dato og stad?###) m. Ludvig Sjursen. Eg har funne alternativ for desse to som døde i Bergen. Marthe i 1928 (eller i 1936). Anders i 1950. Men er ikkje heilt sikker her...Ingolf, f. 13.12.1902 (###dato og stad?###) i Bergen. Hans lagnad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Inger Leirvåg

Martha Sofie Jensen og Sersjant Anders Rogne giftar seg i Nykirken i Bergen 23. november 1884. Anders har oppgjeve Voss som fødestad og bustad.I folketeljinga for 1900 bur Martha Sofie på Voss. Ho har ein kafe, eller 'Spiseforretning' som det heitte då. Den låg omtrent der som Hotel Jarl på Voss er i dag. Ho eigde ikkje huset. Huset vart bomba under krigen, og i dag er det parkeringsplass der kafeen låg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.