Gå til innhold
Arkivverket

[#25407] Karen Torkildsdotter i Bergen (1733?-1793) - frå Voss eller Hamre eller Gulen?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Knut Simonson frå Lad i Hafslo, døypt i Hafslo 28.10.1731, flytte før 1752 til Bergen der han 26.12.1767 gifte seg med ei Karen Torkildsdotter. Knut vart gravlagd i Bergen som ''arbeidsmann'' 8.7.1779, og Karen gifte seg 20.10.1780 att i Bergen med ein høker, sidan tømmermann, Paul Olson, oppgjeven fødd i Selje kring 1730 (kanskje fødd på Tungevåg og døypt i Selje 18.7.1736?). So døydde Karen og vart gravlagd i Bergen 16.4.1793, 60 år gamal, og Paul gifte seg att, men d. som ''fattiglik'' i Bergen 15.5.1811. Karen fekk visstnok ikkje born i nokon av ekteskapi sine.Kven var so denne Karen Torkildsdotter, fødd kring 1733? Kyrkjebøkene er sjølvsagt mangelfulle for mange prestegjeld på 1730-talet, men FamilySearch har fleire gode ''kandidatar'', og eg har særleg tru på ei av desse:* Kari Torkildsdotter Styve, døypt på Voss 3.5.1733* Kari Torkildsdotter Lillejorden, døypt i Hamre 8.5.1740* Kari Torkildsdotter, døypt i Gulen 22.6.1738 av foreldri Torkild Iverson og Bertha MonsdotterSo er spørsmålet om nokon dreg kjensel på ei av desse jentene og om ho kan vera identisk med Karen Torkildsdotter i Bergen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marit Rambjør

Du kan nok utelukka Kari Torkildsdotter Lillejorden som kandidat. I følgje ”Modalboka”, gifta ho seg i 1784 med Lars Monsson Lavik. Og dei bur femdeles på Lavik i 1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Og en Kari Torkelsdtr. Styve giftet seg på Voss 21.10.1771 med Mons Knudsen Brekke.Og hun dør i tillegg på Brekke i 1797. Mvh. Rune thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Gisle Hersvik

Eg trur dette er den kandidaten frå Gulen (truleg f. Indre Oppedal i Brekke) som i 1760 g. seg med Hans Pedersson: Lenke. I mine notater har eg også skreve at Hans var f. Årnes og at det er hans andre giftarmål. Det er alt eg har, men skal sjå om det står noko om Karen/Kari i Bygdebok for Brekke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Ættebok for Lavik sier Kari Oppedal døde på Årnes i Lavik samme året som ektefellen Hans Pederson - i 1773. Selv om det er mange feil i den ætteboken, er det vel tvilsomt om det er så galt at hun kan ha giftet seg i Bergen i 1767.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.