Gå til innhold
Arkivverket

[#25439] Mons Abelsen Landro, lagnad?


Gjest Tore Turøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Tore Turøy

Mons Abelsen Landro hadde mange sorger og eg lurer på kvar han vart av.Han var fødd i 1811 på Landro. Han gifta seg første gong i 1831 med Brita Ellingsdatter Landro. I dette ekteskapet har eg funne 11 born. Brita døde i 1854 og Mons gifta seg opp att i 1855 med Gunnhild Olsdatter Brattenborg. I dette ekteskapet kom det to born, Ole f. 1857 og Brita f. 1861.Julaftan 1869 gjekk kona Gunnhild og dottera Brita gjennom isen og drukna. Dei vart attfunnen 18. mai 1870. Fem dagar seinare, 23. mai selde Mons gardsbruket sitt. Etter dette har eg ikkje funne spor etter han.Frå første ekteskap har eg funne to døtre som levde opp og gifta seg. Dei ni andre døydde anten i ulukker eller av sjukdom.Ole, fødd i andre ekteskap har eg heller ikkje funne spor etter.Det eg lurer på er om det kan finnast skifte eller noko annan dødsmelding etter Mons Abelsen. Mons fekk 200 spd for gardsbruket så det burde i alle fall finnast eit skifte etter han.Er takksam for svar.Tore Turøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Tore Nordvik

Hallo ToreEg kan ikkje seie å ha funne Mons Abelsen, men har eit spor du burde sjekke vidare. På Øvretveit i Telavågen i 1875 er det ein kar som kallar seg for Mikkel Abelsen fødd kring 1810 på Landro. Han var tenar hjå Ivar Mikkelsen Øvretveit. Kona hans, Martha Monsdtr var og frå Landro.Her er det noko som truleg ikkje er korrekt. Truleg er Mikkel feilskrive for Mons, for Mikkel Abelsen er vel han som døyr på Angeltveit i 1872? Desse er vel brør og sønar til Abel Larsen Landro. Det var vel ikkje fleire som heitte Abel på Sotra i dei dagar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

Hei ToreDu er nok inne på noko her. Etter at eg la inn denne etterlysninga har eg funne denne Marta.Marta Monsdatter, dotter til Mons Abelsen Landro, gifta seg i 1864 med Iver Mikkelsen Bjelkarøy (1808- ) og busette seg på Øvretveit i Sund. Born: Mikkel (1864-1864), Abelone (1866- ) og Mikkel(1870- ).Då har nok Mons flytta til dottera i Telavåg etter at han selde bruket på Landro. Har lenge tenkt å sjekke 1875-teljinga for Sund, men har aldri kome så langt. Takk skal du ha.Har du tilgang til kyrkjebøkene frå Sund etter 1875 og sjå om han vart gravlagt der? Kunne også tenkt meg fleire opplysningar om borna etter Marta og Ivar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Hei Tore T., Gunnhild og dottera Brita vart gravlagd 23. mars og jordfesta 24. april 1870, så dei vart nok funne før 18. mai! ;-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.