Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gunnar Sødal

[#25468] Rasmus Helt Elisabeth Overhagen

Recommended Posts

Gjest Gunnar Sødal

Er det noen som vet noe om dette paret. Etter mine opplysninger levde Rasmus 1703-48 i Bergen. Elisabeth levde 1706-62 også i Bergen. De hadde ihvertfall en sønn som heter Jonas Helt f.1742

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Michael Moum

Elisabeth er datter av Heinrich Dwerhagen (1648-1712) og Mette Marie Smith (1680-1718). Bergen Historiske Forenings bok skrifter nr. 91 tar for seg Slekten Dwerhagen. Der er Elisabeth Dwerhagen og Rasmus Helt nevnt.Elisabeth er dpt. 28/4 1702 (NK), gravlagt 10/9 1762 Korskirkegården gift 24/11 1729 i Nykirken med Rasmus Helt, gravlagt 9/1 1748 (DK). Sønn av Jonas Helt.mvh Michael

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sølvi Arntzen

Iflg. Sollieds kartotek på Statsarkivet i Bergen er Sander Sandersen Helt født i Montrose i Skottland. Han tok borgerskap i Bergen 22.1.1641 og døde 1702. Han var gift med Efgie (Effie) Jeremiasdatter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elias Solsvik

Etter det eg har funne ut, ved leiting i kjeldene på statsarkivet, er Rasmus fødd ca. 1691 død 1748 gift med Elisabeth Dverhagen. Born: Jonas fødd 1742 (mesterbakar), Maren fødd 1745. Foreldra til Rasmus Helt var Jonas Sandersøn Helt fødd? gravlagt 31/12 1714 og Bodil Rasmusdotter. Jonas fekk borgarskap 28/11 1692 som 'udfarer', det vil seia rett til å driva handel med folk som bur lenger enn 4 mil avstand frå Bergen by. I eit skattemantal frå 1683 budde han i 16. rode og er plassert i skatteklasse 3. Han og familien bur i 10. rode i 1700 og ved den store bybrannen i 1702 (som la mest heile Bergen i oske). Ved tida for bybrannen driv han eit salteri, men i følgje manntalet er formuestilhøva karakterisert som slett, eller sagt på ein annan måte: nr. 5 og siste plass på rangeringslista. I 1705 eig Jonas garden Nordre Sele, Selsøy i Øygarden, og gardbrukarane er såleis leiglendingar under han.. Han driv som fiskeoppkjøpar i området, men har ein konflikt gåande med Abraham Wessel som eig kremmerleiet Jordholmen SV for Tjeldstø i Øygarden. Wessel klagar til stiftsamtmannen om den uheldige konkurransen med to kremmerleier (fiskeoppkjøpsløyver) så tett ved einannan, og hevdar at han har drive åleine der i 60 år. Løyve til kremmerleie er gjeven til Jonas Helt i november 1705, men vert inndregen i februar 1708. Familien bur i 10. rode i 1712 og ved Muren (ved sørenden av gågaten Strandgaten) i 1714. Jonas var ein velhalden mann då han døydde. Bodil dreiv handelen vidare etter han.Utanom Rasmus fekk ekteparet Jonas og Bodil desse borna:a) Effie fødd ca 1693 død 1758 b) Kirsten fødd ca 1697 gift med Henrik Bruus c) Margrethe Catharina fødd 1699 gift med Ingemar Hansen d) Jonas fødd 1704 død ca 1724 e) Sander fødd ca 1708 død 1745 gift med Sara Ellingsdotter, bur i København.Jonas sine foreldre var Zander Zandersøn Helt fødd i byen Montrose, Skotland. Han fekk borgarskap i Bergen 22/11 1641 og var sannsynlegvis kjøpmann. Han vart gift med Effie Jeremiasdotter/ Hiermundsdotter fødd? død ca 1686, skifte etter henne 19/6 1686. Familien budde i 16. rode ved hustakseringa i 1657, ved skattemantalet i 1683, 1686 og 1689. I eit testamente datert 26/11 1697 vart det bestemt at dottera Maren skulle få huset for 150 riksdaler for god pleie i mange år på hans eldre dagar, og det vart skøytt over på henne 22/2 1699. Zander døydde i 1702. Dei fekk desse borna:1. Magdalena/Malena fødd? Ho vart a)trulova 1/5 1681 med Erik Lauritzøn/Lorentøn Lund i Domkirken (DK).2 born Cornelius og Helle. Begge tek etternamnet Helt som vaksne. b) Ho vart gift med Ole Olsøn, båtsmann mellom 1683 og 1689. Bur då i 11. rode. 2 barn Erik og Ole. Begge tek etternamnet Helt som vaksne. Ole Olsøn Helt vart gift med Karen Larsdotter Gad 21/2 1719, NK. Borgarskap som skippar 16/3 1722. 4 born c) Ho vart gift med Abraham Jakobsøn mellom 1694 og 1699.Det er ukjendt om paret hadde born. Ho døydde i 1699.2. Zander fødd? døydde ugift 7/6 1708. Han var karakterisert som sinnsjuk (vansindig) ved skiftet etter faren.3. Margrethe fødd? død mellom 1683 og 1686.4. Jonas fødd? gravlagt 31/12 1714 DK, gift med Bodil Rasmusdotter.5. Maren fødd? død 1742 skifte etter henne. a) gift med Ole/Oluf Nilssøn Berge død mellom 1689 og 1702. b) gift med Ole Hansen. Ekteskap inngått 19/9 1725 i Nykirken (NK). Ingen born i desse ekteskapa er registrert.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elias Solsvik

Under granskinga av Ole Olsøn Helt (søskenbarn til Rasmus Jonassøn Helt)og hans forfedre har eg funne litt meir som kan vera av interesse.Som nemnd under forrige innlegg var Jonas, far til Rasmus, ein rik mann då han døydde. I skifteprotokoll nr. 2 1731-1737 under arkivet for byskriver og byfogd i Bergen står det på side 398b: 'Bemeldte Barth (Notarius Publicus) møtte og for sal. Jonas Heltes Enche og her i skifteretten fordret. Først anviiste Procuratoren ved Høyesteret Sr. Lausen hans schrivelse till hendes søn Rasmus Helt af dato 24 9br (november) 1731 hvorudi bemelte Lausen giør ham bekiendt, at dend sag som Sr. Frile hafde indstefnet til høyesteret mod hans moder Bodel Helt på Sr. Friles side var tabt og hende tillagt i Processes omkostning 40 rd og at samme dom var afsagt dend 21 9br samme aar. Ellers producerede hand bemelte Bart een beskikkelse udsted af bemelte Rasmus Helt paa hans moders vegne under dato 31 January 1732, hvorudi hand vil fornemme om Sr. Frile minde og strax vil betale de 40 rd tildømte omkostninger, paa det hand icke i mangel deraf skulle blive aarsaget at begiere dommen beskriven osv.'Her er det ein enkjemann Sr. Frile som har ei sak gående i rettsystemet med Bodil Rasmussdotter Helt som vert ført like til Høgsterett. For å kunna driva rettsak må Bodil ha drive forretningen vidare med ein viss suksess i allefall. I 1767 er det ei byting sak for Bergen Byrett mellom Maren Helt og Thomas V. Angell. Kanskje Maren er dotter til Rasmus.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sødal

Har vore borte frå dette stoffet ei god stund, men tok det fram i dag for å studere det litt betre. Dette var spennande.Takk for god hjelp Mvh Gunnar S

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Rindedal

Ang.Rasmus sin morsslekt 24/1-1695 skifte etter Mons Rasmusen, enken heter Anna Pedersdtr. Barn 1.Peder myndig 2.Jens myndig 3.Mons myndig 4.Rasmus myndig 5.Elisabet x Osmund Olsen 6.Anna x Peder Iversen 7.Rasmus var død og etterlot barna a.Jens formynder Henrik Urdahl b.Rakel ' ' c.Bodel x Jonas Helt d.Karen x Peder LarsenDen 5/9-1714 er situasjonen sligthly different i skifte etter styrmann og ungkar Jens Rasmusen Arvingene er: 1.hans mor Kirsten sal.Walter Knudsen 2.hans fullsøsken a.Boel Rasmusdtr x Jonas Helt b.Rakel ' x Christen Reinholtsen c.Mette ' enke Jaen Cord d.sal.Karen Rasmusdtrs sønn Rasmus Pedersen 16år 3.hans halvsøsken a.Rasmus Waltersen i Københ. b.Knut ' c.Catrine ' x Hans Jørgensen i SunnfjordOg 7/7-1718 Skifte etter Kirsten Walters Hennes barn 1.Rasmus myndig 2.Knut frav. 3.Bodil sal.Jonas Helts 4.Rachel x Christen Reinholdtsen 5.Mette enke 6.Catrine x Hans Jørgensen 7.sal.Karens sønn Rasmus Pedersen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×