Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#25494] Johannes Kofoed (Bergen) g.1816 m. A. Cathrine Eriksd. Øslebye (Kr.sand)-lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Hansson eller Conradson Kofoed, son av ''bortreist matros'' Hans Christian Sunde og Sophie Elisabeth Johannesdotter Bisgaard, som sidan vart gift med målarmeister Conrad Ancher Nilsson Kofoed, vart døypt i Bergen 22.11.1795 og gifte seg i Bergen 18.8.1816 med Anna Cathrine Eriksdotter Øslebye frå Kristiansand. Ho var dotter av tømmermann Erik Stenerson Øslebye og kona Gunnhild Thorsdotter og fødd i Kristiansand 26.9.1796.To born av dette paret er kjende:* Sophie Elisabeth Johannesdotter, fødd i Kristiansand 14.1.1818.* Gunnhild Christine Johannesdotter, fødd i Bergen 25.12.1820.Johannes var matros, men etter 1820 ser me ikkje noko meir til dette paret i Bergen. Flytte dei kan henda til Kristiansand, eller har dei butt andre stader?Eg vonar at einkvan i Brukarforumet kan hjelpa meg med å spora opp lagnaden til dette paret og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anders for innlegg!Eg visste ikkje om denne nettsida til Kofoed-ætti, men no har eg vore inne og kikka. Eg vart likevel vonbroten! Diverre finst det ikkje, so vidt eg kan sjå, opplysningar om etterkomarane etter Nils Paul Elbing Ferdinandson Kofoed, som flytte til Hafslo frå Bornholm, berre om han og kona hans!So eg lyt vona på andre tips som kan føra til oppsporing av Johannes og Anna Cathrine...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg ser forresten av FamilySearch at Erik Stenerson Øslebye og kona Gunnhild Thorsdotter hadde mange born:* Asper Eriksdotter Øslebye, f. 1794* Anna Cathrine Eriksdotter Øslebye, f. 1796* Asper Eriksdotter Øslebye, f. 1798* Tønnes Erikson Øslebye, f. 1802* Stener Erikson Øslebye, f. 1804* Bertha Gurine Eriksdotter Øslebye, f. 1807* Thomas Erikson Øslebye, f. 1811So ser eg at den einaste personen med dette namnet i 1865 er Ole Christian Øslebye, f. i Kristiansand i 1814. Han var 1865 kemnar i Kristiansand og kan godt ha vore ein yngre bror...?Kanskje nokon kjenner att dette sjeldsynte ættenamnet?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jarl Berge

Erik Stenersen var sønn av:Stener Torsen Østre Øyslebø 1739-1823 og Steivor Mortensdtr Sløgedal Øyslebø 1751-1820Øyslebø ligger litt nord for Mandal/Kristiansand

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Storaker

Øyslebø er ganske sikkert opprinnelsen. Men etter det eg finner så er han sønn til Stener Eriksen Øslebø, og familien har budd ei stund i Kristiansand:1801: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11001.wc2&gardpostnr=572&personpostnr=4490&merk=4490#ovre>LenkeFamilysearch: LenkeForeldra gift i Kristiansand: Lenke Sannsynlige besteforeldre var faddere ved dåp i Kr.sand 1746 til ein med navn Heddeland (øyslebø?): LenkeErik Stenersen Øslebø og Bodil var i Kr.sand allerede i 1735:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Storaker

Nei, mitt forslag stemmer visst ikkje likevel. Navna passer bra, men ikkje alderen. Erik Stenersen Øslebø, f. 1774, blir 10 år for ung til å vere rett mann i FT1801 - -

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein sein, men like hjarteleg takk til Jarl og Harald for innleggi frå november i fjor.Diverre står eg framleis ''på staden kvil'' med dette problemet som har tilknyting til Kristiansand-ætti Øslebye, og særleg når det gjeld hovudproblemet:* Kvar i all verdi vart det av Johannes Kofoed og Anna Cathrine og borni deira?Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.