Gå til innhold
Arkivverket

[#25500] Serine Tjærandsdotter frå Sveio, enkje i Bergen med tre born -forsvann 1894/1900


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Christen Johannessen, fødd på Skildeim i Luster 24.6.1853, var skomakarmeister i Bergen der han døydde 11.2.1894. Han vart gift i Bergen 16.12.1877 med Serine Tjærandsdotter, fødd på Enstabøvoll i Sveio 11.2.1849. Huslyden budde i 1891 i Foswinkelsgt. 37 i Bergen. Serine levde att som enkje i 1894 i lag med tre born:* Klara Kristofa (Johannessen), fødd i Bergen 27.8.1880* Johan Kjærbo (Johannessen), fødd i Bergen 22.3.1883* Sara Marie (Johannessen), fødd i Bergen 7.10.1886Men kvar i all verdi vart det av Serine og dei tre borni? Eg finn dei ikkje i FT1900 for heile landet; eg finn dei ikkje i Bergen 1912, og dei er ikkje heller i utvandrarregisteret for Bergen.Er det nokon der ute som kan gje meg eit tips om kvar eg kan finna att denne huslyden?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Rune, for glimrande innlegg! Eg trur jamen du har rett i at dette må vera Serine frå Sveio. Dotteri Sara Marie er kalla Marie ogso i 1891! Eg har vore på leiting etter denne huslyden i mange år, so dette var verkeleg ei stor glede!No er eg sjølvsagt ogso interessert i å finna ut meir om denne huslyden, men det er vel vanskeleg å leita etter Johannessen i Stavanger...?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Her kjem innleggi fortare enn svint! Eg såg ikkje innlegget til Tor då eg skreiv det førre innlegget mitt, so eg lyt òg få takka Tor!Og so er det godt mogeleg at du, Rune, har funne den rette Klara i Sandnes, men her lyt me nok ut å sjekka nærare...Nok ein gong hjarteleg takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Her går det unnå, når jeg har tenkt er det for sent. Men denne Klara fra Sandnes kan kanskje få konkurranse fra Kristofa i Bergen? Hun har ikke noe etternavn, men det skiller kun 3 dager på den fødselsdatoen du oppgir Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Nina for nytt innlegg!Eg er samd i at Kristofa i Bergen er eit svært godt alternativ til Klara i Sandnes. Tross alt finn me tre personar med namn Klara fødde i Bergen i 1879, og berre ei av desse finn me att i FT1900 utanom Klara i Sandnes...Eg takkar på ny for god hjelp og vonar samstundes på fleire opplysningar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Siden Klara Kristofa var det eldste barnet er det ikke utenkelig at hun ble igjen i Bergen. Etter at faren døde i 1894 er det mulig at hun som ung pike ble 'satt igjen' i Bergen for å stå på egne ben. Jeg ser at hun var 'mellompike' som jeg vil tro er en eller annet variant av kjøkkenpike e.l.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.