Gå til innhold
Arkivverket

[#25509] Kvar vart det av dei tre ''venane'' til Torborg Bendiksdtr i Hafslo (1782-1860)?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Torborg Bendiksdotter (1782-1860), husmannsdotter frå Lykkja under garden Kjørlaug i Hafslo, fekk tre born med tre ulike menn:* Ole Jensson frå Nauststodi ''Nøstøen'' under Hillestad, døypt i Hafslo 2.5.1784, far til Ragnhild (1) i 1812* Knut Pederson frå Liholet ''Lihullet'' under Lie nedre, døypt i Hafslo 14.6.1778, far til Ragnhild (2) i 1814* Thomas Thomasson frå Marifjøra ''Marifjæren'', døypt i Luster 21.5.1782, far til Metta i 1816Desse tre godt vaksne ungkarane har til felles at dei alle forsvann etter at dei hadde ''besovet'' Torborg, og det er eit mysterium kvar det vart av dei! I dei tider fór mange unge menn til Romsdalen for å søka lykkja der, eller dei fór utover fjorden til Gulen eller Solund... Både Ole og Thomas hadde korkje foreldre eller søsken som levde att i Hafslo, so dei kunne godt ta i veg utan at nokon sakna dei...Eg har leita både i Luster/Hafslo, i Sogndal og i Bergen etter desse karane, men so langt utan hell. No vonar eg at kanskje einkvan har høve til å hjelpa meg eit skritt vidare?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.