Gå til innhold
Arkivverket

[#25549] Heier/Heyer/Hejer/Hayer/Høier-kor kjem namnet frå?


Gjest Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Ein av forfedrene mine er Erik Kristian Andersson Heier f. 1770 i Gransherad, død i Tinn 1854. Foreldra hans var Anders Eriksson Heier (1739-1793) og Karen Malene Markusdotter (1742-90). Andre skrivemåtar av Heier kan vere Hejer, Heyer, Hayer, Høier og moglegvis fleire. Heyer er bruka i kyrkjebøkene for Hjartdal (Gransherad anneks) og Tinn på slutten av 1700-talet. Anders og Karen er innflyttarar til Gransherad på 1760-talet. Dei slår seg fyrst ned på Sandbakken i 1764, plass under To, seinare på Kyrkjevollen frå 1774. Opphavet deira er ukjent. Min fyrste tanke går til det nærliggjande Kongsberg, den gongen ein norsk 'storby'. Men leiting i kyrkjeboka for Kongsberg på 1739 (Anders Eriksson Heier) gav ikkje utbytte. Det var elles ingen spøk å leite. Dåpsinnførslene er fleire hundre kvart år. Dersom Heier-ane mine ikkje kjem frå Kongsberg, og dermed har eit mogleg dansk/tysk opphav, kan namnet rett og slett vere gardsnamnet Heier. Eg veit det finst i Idd, og fleire plassar på Austlandet. Erik Kristian er omtala som sersjant og var med i slaget ved Kvistrum bru i Båhuslen i 1788, jf. Hovinsoga s. 22-23. (Ein liten digresjon: Eg har ein mistanke om at far og son når det gjeld slaget ved Kvistrum bru blir blanda saman i Hovinsoga. I 1788 var Erik Kristian berre 18 år, faren ville ha vore nesten 50. Faren Anders er nemleg også omtala som sersjant i fleire kjelder. Men ein mann på nesten 50 er vel kanskje heller ikkje meir sannsynleg som stridande sersjant enn ein unggut på 18 år?) Men det var altså opphavet til Heier-namnet, og kor Anders Eriksson Heier (1739-1793) og Karen Malene Markusdotter (1742-90) kom frå, som er spørsmålet mitt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tom Askerøi

Negativ informasjon er også informasjon: dine forfedre kommer i hvert fall ikke fra gården Heier i Enebakk, hvis bygdeboka derfra er korrekt. (Så da slipper du i hvert fall å lete der...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Takk Tom A.! Eg visste ikkje at Heier fanst i Enebakk, visste faktisk berre sikkert om Heier i Idd. Andre stader der Heier finst er noko meir uklart for meg, men meiner å ha høyrt om Heier-gard(ar) på Romerike og på Hadeland. Det er kanskje nokon der ute som veit meir om dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anfinn Bernaas

Takk, Bjørn JD! Dette burde eg nok ha funne ut av i Norske gaardnavne på eiga hand, men det er fint med hjelparar.Gårdsnr Gård Sogn Herred Amt52 Heier Enebak Enebak Akershus amt222 Heier Gran Gran Kristians amt7 Heier Lunner Lunner Kristians amt40 Heier Lunner Lunner Kristians amt55 Heier Id Id Smaalenenes amt156 Heier Baastad Trøgstad Smaalenenes amt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.