Gå til innhold
Arkivverket

[#25632] Nye funksjonar, igjen


Gjest Jan Oldervoll
 Del

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Det tek ikkje slutt. No har me fått på plass nytt søkesystem, med kraftigare motor. I første omgang vart motoren utnytta til å tilby meir fleksibilitet. No er tida komen til å utnytta krafta til enklare søk.Når du vel Børjar på eller Innheld kan du no også velja om du vil ha termane lista for avkryssing. I tillegg vil dei avkryssa og lista termane vera lenke. La oss sei du har valt Ane, Anna og Anne. Kvar av desse namna vil oppe mellom søkeboksane koma som ei lenke. Klikkar du på ein av dei vil du få sjå personar med kvart av namna.Avanserte søk er kraftige, men du er sikker lei av å skriva dei komliserte søleomgrepa som [ck][h]r[ie]s osv for å få Kristian. Skriv du no %krn burde det halda. Han vil då leita etter eit namn som børjar på K eller c, har ein r midt i og endar på n og du brukar er lik, eller har ein n bak r-en, om du brukar børjar på.Så kjem det beste til slutt; hurtigsøk. Hurtigsøk kan berre nyttast på basar som har struktur førenamn, etternamn, alder el fødselsår og fødestad, eller i det minste nokon av desse. I hurtigsøk kan du skriva fleire ord. Første ordet går han ut frå er førenamn, andre etternamn, om det tredje er tal, fødselsår eller alder, og det fjerde fødestad. Du kan ta med så mange du vil, men det første vil alltid vera førenamn, det andre alltid etternamn. Systemet går alltid ut frå at du meiner er lik, vil du ha børjar på må du setja eit punktum bak (ole o. vil finna alle ole som har eit etternamn som børjar på o). Du kan også setja berre eit punktum (. olsen vil finna alle olsen, uansett kva førenamnet måtte vera).Du kan også bruka avansert søk på kvart av felta. Leiter du etter Ole Olsen fødde mellom 1843 og 1857 skriv du ole o. 1843-57.Sjølv om eg har brukt nokre dagar på testing, kan det sjølvsagt henda at noko går galt. Meld attende!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Andersen

Det meste jeg prøvde virket bra når jeg sluttet å prøve i landssøk :-)Jeg fikk problem med dette hurtigsøket: ' nils hans. 1860-1880 ' i Emigranter over Kristiania 1871-1930. Jeg finner 19 stk og det er de samme som jeg finner uten årstallene. Et enkelt år gir samme resultat.' nils hans. 20-60 ' finner de to som har alder oppgitt.Har dette noe med at både alder og f.år finnes i filen? Beregnet f.år og/eller alder i hjelpekolonner ville forbedredt dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Her er nok rom for forbetring. Systemet leiter etter ein variabel fødelsår og finn det ikkje. Dermed brukte det ikkje aldersopplysningane. Burde då også leita etter år, som finst. Eg skal overtala systemet i morgon tidleg. Og så burde det gje beskjed om kva variablar det brukte.Systemet leiter etter variablar det synest må passa. Det må nok lærast opp ein del.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg har gjort ein test i Kyrkjebøker for Bergen 1816-1894:A: NamnB: Børgjer på - både med og utan (vis)C: %dvdDå rekna eg med at dei eg fekk opp, børgja på 'd', eller i alle høve hadde ein 'd', 'v', og 'd' i seg i den rekkefølgja. Men resultatet vart noko anna.Prøvde òg 'Lik', med eit langt meir avgrensa omfang, men der òg kom der ein del uventa framlegg.Er resultatet som kjem opp rett? Eller er der noko rusk?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Rusk. Eg ser at her er ein puchefeil i programmet som gjer at v-en forsvinn. Når eg så sei at d og t er det same, blir resultatet som det er. Eg trur elles eg skal forfina d og t.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ja, i alle høve den fyrste i eit ord. Det eg prøvde å søkje etter, var som du kanskje fann ut, 'David' - avdi eg veit om nokre slike. Men eg veit òg at det finst basar kor dette namnet er skrive med 't' til slutt. Difor bør du vera varsam med 'forfininga' i det høvet, om det let seg gjera. Elles er dette ein framifrå reidskap som eg gler meg til å ta fatt på når eg kjem att frå fire dagar i Stockholm med m.a. KH.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

No skulle dette vera retta. Etter å ha arbeidt med automatisk standardisering av namn, som dette i realiteten er, i meir enn 30 år, veit eg at eit slikt system aldri kan blir perfekt. Enten vil ein få med namn ein ikkje tenkte skulle med, eller så får ein ikkje med dei ein ville. Etter mitt syn er det siste det verste. Dei ein ikkje får med ser ein ikkje. Dei ein får med som ikkje burde vera med, kan ein la vera å kryssa av. Og i tillegg til det; leiter ein etter to eller tre varaiblar samastundes (førenamn, etternamn og alder t.d.) spelar det liten rolle om kvar av dei tek med ein del ekstra. Sluttresultatet vil ofte likevel blir bra.Med andre ord, eg er særskilt interessert i å vita om tilfelle der %+bokstavar ikkje finn namn ein tenkte det skulle finna. Men sjølvsagt også om det går heilt galt andre vegen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Astrid Ryen

Jeg har en ane Anders Olsen_ryen som tjener hos presten på Røros i 1801. Om jeg skriver Anders Olsen i hurtigsøksfeltet, dukker han opp. Skriver jeg Anders Ryen, får jeg 0 som svar. Hvorfor?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest per helge seglsten

spørsmål: Dersom du ikke vet alder, men vet fødested, er det da mulig å skrive inn noe som 'tredjeord' som gjør at du kan bruke fødested (fjerdeordet) som søkekriterium uten å måtte tenke på tidsepoke? Eller er svaret kanskje å skrive 1500-2000 som tredjeord?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest per helge seglsten

Nei, slik jeg har forstått det er punktumet et tegn som åpner for at navnet begynner på noe annet enn ryen. akkurat som at 'o.' vil gi deg etternavn som begynner på o. Jeg kan ikke se at Jan har utredet hvordan punktum kan brukes i slike søk (om man f.eks. kan bruke flere punktum i samme søkebegrep), men det er vel bare å prøve seg fram. En nyttig tjeneste er det i alle fall.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Først:ole olsen bergen og ole olsen 1850 bergen vil begge leita etter Ole Olsen fødd i Bergen. Forskjellen er at den siste vil ha som ekstrakrav at han skal vera fødd i 1850. Men bruken av fødselsår er vel forklart i hjelpa under hurtigsøkeboksen.Punktum kan du setja kvar du vil. Om du skriv . .l.t. vil det først punktumet bety at førenamnet kan vera kva som helst. .l.t. betyr at først kan det koma kva som helst (eller ingenting), så ein l, deretter kva som helst, så ein t for så å ha kva som helst. M.a.o. ein etternamn som innheld ein l og ein t i denne rekkefølgja.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Astrid Ryen

Jeg vet skal være 21 med slektsnavnet Sund i FT 1801 for Røros - alle med et farsnavn foran f. eks. Hansen_sund. Jeg foretar et hurtigsøk . .sund, deretter et vanlig søk 'inneheld' sund. Begge søk gir 0 som svar.Lignende søk i den samme database for et par andre slektsnavn gir derimot forventet resultat.Hva er galt med Sund?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Astrid Ryen

For å fortsette med Sund:Viede for Røros mangler søkeboks for hurtigsøk. Ved søk inneheld sund dukker ingen opp. Jeg vet skal finnes minst to.Begravde Røros: Her finnes ingen Sund verken i hurtigsøk eller Normalt søk. Jeg vet det skal være minst tre.Døpte Røros: På inneheld Sund dukker det opp 5, men bare de uten farsnavn. Jeg satt og noterte ned ni barn på Jon Hansen Sund før i dag, og ingen av disse viste seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Astrid Ryen

Du har visst rett, Per Helge. Det må være et eller annet med s'en. Prøvde inneheld und i Døpte for Røros, og da kom alle opp - sammen med andre som inneholder und.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Astrid Ryen

Jeg tror nok det en del 'småsnusk' rundt omkring i dette nye systemet.Jeg søkte landsdekkende på etternavn SAND i 1801, finner da to på Fredriksten Festning: Knud Sand og Peder Knudsen_sand. Jeg gikk så inn på FF og foretok hurtigsøk . .sand. Bare Knud Sand dukker opp, det samme gjelder om jeg brukte normalsøk og inneheld. Peder Knudsen_sand viser seg altså ikke.Da tror jeg vi får ta kvelden. Dette blir jo sikkert ordnet i morgen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Astrid Ryen

Jeg ble visst fullstendig 'hekta' på dette. Et eksempel til: FT 1900 - landsdekkende søk - gir 19 Tønset(h) på Røros. Hurtigsøk på 1900 Røros gir 16 Tønset med og uten farsnavn. Det samme gir normalsøk inneheld Tønset. De tre som mangler er en Petersdtr. Tønset og to Petersøn Tønset.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Astrid Ryen

Landsdekkende Tønset i 1801 gir 18 på Røros. Hurtigsøk . .tønset i 1801 Røros gir 6 Tønset, men søket . .ønset gir alle 18! Altså noe lignende som ved sund/und?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Interessant.Eg har funne feilen og den blir retta i morgon. Problemet oppstår når det finst fleire forekomstar av første bokstav i det ein leitar etter. sund blei særskilt utsett fordi alle patronym har ein s. olsen, olsdatter osv.Vigde i Røros får ikkje hurtigsøkboks fordi systemet ikkje er i stand til å bestemma seg for kva som skal vera fornamn. Her er både brudgommens og brudens fornavn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

No kjem Sund vakkert opp.Det å tillata denne typen søk med den trafikken me har er eigentleg overoptimistisk. Difor har eg måtta ty til ein del triks for å få det heile til å gå raskt nok. Det kan lett føra til at termar ein trudde skulle koma med ikkje gjere det. Eg kjem sjølv til å testa dette framover, men er sjølvsagt svært glad for hjelp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.