Gå til innhold
Arkivverket

[#25656] Aase Nilsdotter Møklebust frå Egersund (1753- ) - flytte ho til Bergen?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FamilySearch refererer til ein huslyd i Egersund frå 1700-talet der foreldri vert nemnde som Nils Pederson og Anna Tormodsdotter med etternamnet Møklebust. Dei har åtte born fødde mellom 1737 og 1753; den yngste av dei, som FamilySearch truleg ikkje kjenner lagnaden til(?), er:* Aase Nilsdotter Møklebust, fødd (eller døypt) i Egersund 28.1.1753.Kvar vart det av denne jenta? Flytte ho kan henda til Bergen?Eg leiter etter ei jente med dette namnet som 6.6.1789 gifte seg i Hafslo i Sogn med lensmannssonen Jørgen Johnson, fødd kring 1757, som nettopp i 1789 slepte ut etter seks år på Bergenhus slaveri der han sat inne for tjuveri. Frå eit skifte i 1801 veit me at Jørgen (og rimelegvis ogso Aase) budde i Bergen, men dei er ikkje med i FT1801(!).På Møklebust i Jølster i Sunnfjord vart det fødd ei Aase Cecilie Nilsdotter i 1751. Ho flytte til Fana og var gift der, men flytte som enkje attende til Jølster før 1801, så ho kan det ikkje vera.Eg ville vera svært takksam om nokon kan hjelpa meg vidare med opplysningar om denne Aase Nilsdotter Møklebust frå Egersund og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til Rune for innlegg!Ja, det er samme mann me talar om. Når det gjeld dotteri Else, som gifte seg med ein vinhandlar i Bergen, Ignatius Ræmisch, so vert huslyden hennar teken opp i eit anna tema...Elles er eg framleis interessert i fleire opplysningar om Aase og ogso om lagnaden til Jørgen og Aase!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i dag gjerne henta fram att denne saki frå ifjor med von om at eventuelle nye lesarar kan bidra med fleire opplysningar om Aase Nilsdotter Møklebust frå Egersund og foreldri hennar? Finst det ei bygdebok for Egersund som nemner noko om denne huslyden?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Tom Jarane

Jeg leste i Bergens Tidene for en del år siden at Ræmisch kommer av yrket skraphandler. Kanskje far til Ignatus var en skraphandler fra Saksen? Han er forøvrig min 4. tipp-oldefar.Mvh Tom Jarane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.