Gå til innhold
Arkivverket

[#25662] Sjur Øren, Kyrkjebø (Vik), gift 1782 med Martha Pedersdotter - opphav og lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Martha Pedersdotter frå plassen Turtnebakken under garden Heggestad i Hafslo, var fødd i Hafslo kring 1754. Ved eit skifte i Hafslo i 1783 vert det sagt om Martha at ho var gift med Sjur Øren, og hjå Fylkesarkivet finn eg at:Sjur Jensson Øren og Martha Pedersdotter Øren(!) gifte seg i Kyrkjebø, Vik 11.8.1782.So ser eg vidare at:Sjur Olson(!) og Martha Pedersdotter på Mannebrekke får ein son:Peder Sjurson, døypt i Kyrkjebø, Vik 15.9.1782.Ein Sjur Olson er fødd på ein plass under Mannebrekke og døypt på Kyrkjebø 2.2.1741 av foreldri Ole Knutson og Anna Sjursdotter, men er det same mann?Den mest ''nærliggjande'' høvelege Peder Sjurson som eg finn i FT1801, er dreng på Bjerkosen i Fjaler.Eg vonar på at einkvan kan hjelpa meg identifisera Sjur Øren (Jensson eller Olson?) og likeins fortelja meg kvar det vart av denne huslyden?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Ut fra opplysningene i Ættebok for Kyrkjebø ser det ut som Sjur Øren og Sjur Olsen fra Mannbrekke er samme person. I en fotnote på s. 242 sies det om Sjur Olsen at han var gift med Marta Persdtr. og hadde sonen Per, f. 1782, men det er ukjent kvar han budde'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for innlegg!Eg veit ikkje om eg vart so mykje klokare av dette, men so vidt eg kan forstå, er framleis Peder Sjurson, som i 1801 var dreng på Bjerkosen i Fjaler (og som var einaste ''kandidat'' i heile fylket!), ein mogeleg son av Sjur og Martha!?Eg ser forresten av FamilySearch at ein Peder Severtsen skal ha gift seg i Fjaler kring 1811 med ei Margrethe Elisabeth Nichven(!). Men denne vigsli finst ikkje hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane!?Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har no greve litt meir i dette problemet og har oppdaga følgjande:Martha Pedersdotter var gift med Sjur Jensson frå Øyri i Kyrkjebø (Vik), døypt i Vik 10.11.1743. Dei var plassfolk under Øyri, men alt i 1785 vart det halde skifte etter Martha. Ingen born levde etter ho.MEN, er det nokon med lokal kunnskap i Vik som kan fortelja meg kva DATO i 1785 Martha Pedersdotter døydde?Ætteboki for Kyrkjebø hevdar at Sjur og Martha hadde ei dotter Lukris fødd 1783, som døydde i 1784. Kan dette stadfestast? Eg trur IKKJE det stemmer...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Der er eit skifte etter Martha Pedersdtr Øren Lenke elles gir heller ikkje Bygdeboka for Kyrkjebø noko svar på om dei (Martha og Peder) hadde ei dotter, Lukris. No har eg alt kjeldematerialet etter morfar (3-4 kassar), men det kan bli vanskeleg å finne noko ut av det. Det blir mykje å leita gjennom.Eg reknar med at du har funne ut at Sjur blei g andre og tredje gong på Austrheim, og at det ikkje ser ut til å vera etterslekt etter han.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Vik Prestegjeld: Lenke A 4 1772-1783 04 Hele prestegjeldetA 5 1787-1820 07 Hele prestegjeldetOppslag i desse ministerialbøkene bør kunne avklare spørsmåla dine, Lars.Mvh Arnfrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid for nye innlegg.Det ser diverre ut til at dei aktuelle åri for kyrkjeboki for Vik manglar (1784-1786). Martha døydde jo i 1785, og skiftet seier at ho ikkje hadde (attlevande) born etter seg.Elles har fylkesarkivet i Sogn og Fjordane registrert kyrkjebøkene for åri både før og etter denne ''lakunen'', og der finst ikkje spor etter denne huslyden anna enn vigsli, so eg er redd me lyt gje opp desse detaljane...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.