Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#25720] Nils Pederson, f. Hafslo 1755, drager i Bergen 1779 - kvar vart det av han?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nils Pederson (Furehaug), son av Peder Olson og Britha Nilsdotter, vart døypt i Hafslo 13.7.1755, men gifte seg i Luster 4.10.1774 med Bertha Andersdotter (Lerum), døypt i Luster 23.4.1748.Nils og Bertha flytte til Bergen og busette seg i 5. rode nr. 83 der Bertha døydde 21.11.1778. Eg har funne ei dotter etter dei:* Gurine Nilsdotter, fødd i Bergen 3.2.1778, døydde i Bergen 27.5.1779.Dessutan hadde Bertha ein son frå før:* Jacob Olson, døypt i Luster 1.6.1771, som er ukjend.So kjem me til problemet:Eg er ikkje i stand til å finna att nokon Nils Pederson i Bergen som kan høva som denne Nils Pederson, og heller ikkje ser eg noko meir til stesonen Jacob Olson. Kanskje dei flytte til Fana eller Askøy?No vonar eg at einkvan har gode tips som kan hjelpa meg vidare, og eg takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Den Nils Pedersen som Nina viser til i innlegg nr.3 er trolig denne: Lenke Det er i alle fall ingen Nils Pedersen gift med Ingeborg Larsdtr. å finne blant de gifte i Sund 1729-1815. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Nina og Rune for interessante innlegg.Ved første åsyn tykte eg Nils Pedersen på Bratholmen i Sund såg svært spennande ut, særleg på bakgrun av at husbonden Henrik Christian Dahle hadde far sin frå Dale i Luster der òg fasteri Gunnhild Endresdotter var fødd!Men nei, det kan ikkje vera den same Nils Pedersen utifrå dei opplysningane som ligg føre med omsyn til talet på ekteskap!So det vert ''back to square #1''!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×