Gå til innhold
Arkivverket

[#25792] Kven var 'Magda Holm'?


Gjest Bjørn Davidsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Davidsen

Eg sit og blar i 'Magda Holms Kogebog, Udvalg i Opskrifter og gode Raad for enhver Husholdning', utgjeve i Bergen på Johan Magnussens Forlag. Føreordet er datert 'Bergen, Sommeren 1902' av 'Magda Holm'. Men eg kan ikkje finne henne i ft1900. Mykje tyder på at dama budde / hadde budd i Bergen. For nokre av kakeoppskriftene har namn som Nordnæskager, Torvgadekager og Sydnæskager m.a.Er der nokon der ute som veit meir om henne - eller skreiv ho under psevdonym?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Fann den boka på NB i natt og fekk ein mistanke om at Mor Magda kunne vera henne. Skal sjå om eg får tak i boka via biblioteket. Om ho var dansk?; det kan ho ha vore. Eit anna alternativ er at ho kan ha vore i Amerika ei tid. For mange av oppskriftene er amerikanske. Men der er òg mange lokale bergenske kakeoppskrifter, så eg vil tru ho har hatt ei tilknyting til Bergen på eit eller anna vis.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Bjørn Davidsen

Nei, eg trur ikkje det. Ho ville i så fall vore 22 år i 1902 - og er døypt Holm. Kokebok-Magda skriv som ho er gift med ein Holm - og at det ho har sanka saman, er gjort gjennom eit etter måten langt liv.Har forresten snakka med IEH om saka i dag, men ho kjende ikkje til denne boka. Ho bad meg kontakte HN, som eg no ventar telefon frå. Han skal visst vera ekspert på kokebøker. Men om han veit noko om denne, står att å sjå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.